Gjensyn med film

Å sjå filmar om att

Vi har alle våre måtar å sjå film på. Eg kjenner filmgalningar som ser ein film maks to gongar, og er heilt nøgde med det. At eg er slik eg er, stammar kanskje frå åttitalet: vi hadde få filmar i heimen, og når vi leigde filmar, utnytta vi det maksimalt med å sjå dei to–tre gongar i løpet av leigetida. For det kunne gå lenge til neste gong.

Då vi endeleg fekk eigen videomaskin i hus, kunne vi leige oftare, for tidlegare kosta det jo å leige sjølve maskina. Ikkje minst kunne vi for første gong byrje å samle på film. Måndagsfilmen på NRK kunne vi ta opp. Men det var kopiering av film som var det aller hottaste. Ulovleg var det, men det var noko vi gjorde berre ein gong iblant.

Så kom mekkinga av VHS-cover. Den daglege leiaren for den lokale videosjappa klødde seg nok i hovudet då eg kom og tigga etter tomme plastcover. Det var gambling – å bli bannlyst var det største marerittet. Vi klipte ut filmscenar frå magasin, spesielt Topp, som faktisk ofte hadde Hollywood-stjerner og filmar i kvar utgjeving. Å lage cover var ein kunst, og det var kjekt!

Tilbake til gjensyn av film. Filmane vi hadde i våre eigne hyller vart hyppig sette, om att og om att. Denne måten blei min måte.

Eit Nært Forhold

Eg likar å ha eit nært forhold til ein film, ein regissør eller ein skodespelar. Slik er det med musikk også: kven høyrer eit album éin eller to gongar og aldri høyrer det igjen? Å sjå ein film fleire gongar byggjer ein veldig nær relasjon til filmen – ergo er det åttitalet og nittitalet som skårar høgast hos meg på stjernebørsen.

Så til spørsmålet: å berre sjå usette filmar resten av livet, eller berre filmar eg har sett før – kva hadde eg valt? Enkelt: filmar eg har sett før. For eg har eit nært forhold til så mange filmar. Dei er som nære venar, som eg vil besøkje gong på gong. Dei er alt eg treng.

Og det er ikkje snakk om få filmar for gjensyn her. Etter eit langt liv med film har eg sett nesten 7000 filmar. I alle fall 2000 av dei er filmar eg har eit nært forhold til. Og då tenkjer eg ikkje nødvendigvis på dei store gigantane som Gudfaren eller Indiana Jones, men alle dei som folk flest ikkje har sett, som Stealing Home, Captain Ron, Johnny Handsome og så vidare.

Når eg jaktar på film, og ser mykje film, er det for å finne ein god ven. Ein som eg kan bli godt kjend med. Eg veit det i den augneblinken filmen er over, fordi det var kjemi der. Men med alderen er det vanskelegare å finne nye venar, så dei kjem sjeldnare. Og akkurat slik kvar generasjon er annleis, er også filmen annleis. Den er stadig i utvikling, og kjem med nytt språk. Ofte er det dette språket eg ikkje heilt forstår, og då oppstår det lite kjemi.

Gamle Venar er best

Nei, mine gamle venar er alt eg treng. John Carpenter, Walter Hill, Steven Spielberg, Hitchcock, Gene Hackman, Jennifer Connelly, Ennio Morricone, Kathleen Turner, Harry Dean Stanton, Sam Shepard, Gene Wilder, Mel Brooks – så mange nære og kjære venar, som eg forstår og vil henge med.

Gjensyn med film
Jennifer Connelly, Don Johnson og Virginia Madsen i den fantastiske sommarfilmen THE HOT SPOT (1990)

Eg likar best gjensyn. Borte (eventyr) er bra, heime (venar) er best! (dette var ein kvasi-filmfilosofisk artikkel eg kjem til å peise ut fleire av.)

4 Comments

  1. Helt enig med deg her. Gjensyn med filmer er nesten selve grunnen til å se ny film for meg. Å finne så gode filmer som man vil se opp igjen flere ganger. Ser stadig opp igjen favoritter, fordi de er nettopp det: Favoritter. Hva er poenget med en favoritt om man ikke setter pris på det?

    1. Ikkje sant! Den mest grusomme tanke er å aldri igjen få sjå om att mine kjære all-time-high filmar – grunn nok til å frykte døden! hehe. Men det er eit hypotetisk spørsmål litt i same gate som: kva film ville du ha tatt med til ei øde øy, osv. Heldigvis får vi sett nye filmar, og sett opp att gamle så mange ganger vi vil. Siste åra har eg sett meir filmar eg aldri har sett før enn gjensyn, men eg har vore på ei intens jakt. Oppe på loftet står ei fysisk samling av alle mine favorittar som snart skal sjåast , ein for ein. Ingenting slår favorittar! 🙂

  2. Veldig god grunn til å frykte døden det hehe. Om jeg skulle valgt kun 1 film å ta med på ei øde øy måtte det ha vært noe litt enkelt. Noe eventyr. Tenker på The Princess Bride akkurat nå. Eller Thelma and Louise. Kanskje Raiders of the Lost Ark faktisk. Filmer som ikke nødvendigvis ligger helt på toppen av favorittene mine, men som jeg likevel kan se opp igjen og opp igjen og fremdeles ha en morsom og eventyrlig filmopplevelse, uten at det blir for tungt. Eller selvsagt The Empire Strikes Back da

    1. The Princess Bride er FANTASTISK! Har elska den sidan eg såg han på VHS. Godt valg! Også dei andre.

      Om eg måtte velge ein øde øy film (har tenkt dette før!) så hadde eg valgt Escape From New York, som eg har sett utallige gonger og har alltid lyst på gjensyn. Om eg kunne ha valgt ein regissør – full filmkatalog – hadde eg valgt John Carpenter, faktisk foran Spielberg. Om eg skulle velge ein Spielberg, ja kanskje Indy eller Haisommer! 😀 Eller kva med Robert Zemeckis – CAST AWAY, som handlar om øde øy. Elsker den og 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *