Kvifor eg ser film
Er det eit spørsmål verdt å stille seg sjølv? Kvifor sjå film? Kva er eg ute etter når eg går på kino, eller set meg i sofaen og set på noko som skal ta to timar av dagen min?
Underhaldning, vil nokon seie. Kunst, vil andre seie. Men er det så enkelt? Underhaldning og kunst – to grunnar? Eg kan ende tankerekkja her, med desse to svara. Men det svarer ikkje på spørsmålet til meg sjølv om kvifor eg ser film, og kvifor eg ser så mykje film!
Eg tenkjer: Det er ein lidenskapleg hobby. For det handlar ikkje berre om sjølve tittinga, men nesten meir om alt rundt ein film: forholdet ein får til filmskaparar og skodespelarar, opplevinga i lag med andre, å byggje samling, filmmusikken, og alle dei andre gledene som følgjer med.

Reisa inn i skjermen
Dette svarer heller ikkje heilt på spørsmålet – kvifor eg, gjennom heile livet, har brukt så mykje tid framfor skjermen. Tingen er: Eg sit ikkje framfor ein skjerm – eg reiser inn i skjermen. Fysisk og objektivt sett sit kroppen min i ein stol med ein skjerm plassert framfor seg. Men skjermen viser ei verd som hjernen min reiser til, enten det er kunst eller underhaldning. Etterpå kjennest det som om eg har reist og opplevd noko. Jo betre film, jo betre oppleving – ei oppleving som sit att i kroppen resten av livet.
Men er filmen dårleg, eller blir han dårleg medan eg reiser inn i han, bryt kontakten – sambandet mellom meg og filmen. Sinnet mitt blir sendt tilbake til kroppen, der både kropp og sinn blir misnøgde og skuffa over brotet. Då kjem kritikken.
Reisa blir òg avbroten når nokon tek fram ein mobiltelefon, eller sit med hettegenser og stirrar direkte på meg, eller grev etter popcornrestar nede i skrevet – ja, vi har alle opplevd mykje rart på kino.
I heimen kan hundane kome springande og hoppe på meg, slikke meg på panna og sperre synet til skjermen og «reisa». Eller kona spør om eitt eller anna. Det kan ringje på døra, og mykje anna uføreseieleg kan skje.
Slike avbrot er hjarteleg velkomne når filmen er elendig eller berre middels god, men det gjer vondt i sjela når filmen er fantastisk og «eg» er borte. Det er slik eg ser film.

Høgredelen av hjerna
Men alle auge opererer på forskjellig vis! Eg let den fantasifulle høgre halvdelen av hjernen jobbe for meg under sjåing; kanskje er det derfor eg forsvinn. Andre ser kanskje film med venstre halvdel av intelligensen, har ein aktiv samtale med seg sjølv under filmen og er veldig medvitne på at «eg-et» sit framfor skjermen.
Kanskje har andre ein miks av begge. Og nokre brukar kanskje ikkje hjernen i det heile, fordi alt dei ser er hjernedaudt der ingen hjerne er nødvendig. Dette er underhaldning på sitt reinaste, der filmen har null kunst i seg.
Men eg reiser! Min første film var Goldfinger, sett i 1982-ish på Betamax hos ein onkel. Reisa eg hadde i den, sit framleis i meg. Så intens var eg i filmen at det fysisk kjendest ut som eg var James Bond hansjøl. Dette er ofte måten barn ser film på, fordi dei har evna til å bruke fantasien og det kreative maksimalt.

Kreativitet og flukt
Så blir ein eldre og mistar denne gåva – med mindre ein trenar på å halde kreativiteten og fantasien ved like. Men uansett vil det aldri igjen bli som det var då ein var mellom fem og åtte, før skulen tok over og vaksne tvinga deg til å bli vaksen og fylte hovudet til barnet med vaksne ting.
Etter kvart kan filmopplevinga nyttast til flukt – ein flukt frå kvardagen, frå det vonde. Filmen var der for meg då eg var tenåring; eg brukte han til det fulle og flykta inn i han. Det er òg ein vane som kan feste seg, på same måte som «gamere» flyktar inn i spel som World of Warcraft.
Venstredelen av hjerna
Då eg kom i tjueåra, byrja eg å sjå film med venstre hjernehalvdel, å bruke intelligensen. På den måten var eg ein «tenkjar» under filmen. Ja, eg kunne forsvinne inn i filmen, så ut igjen for å etablere ein indre dialog om kva eg såg, og så like raskt inn i filmen igjen. Det som skjer i skallen då, er analyse av filmen medan ein ser: korleis han er bygd opp, filmtekniske grep, og så bortetter.
Dette er ein veldig spennande måte å sjå film på, spesielt om ein skal skrive om film. Ein har samtalar med seg sjølv, og MED filmen – kanskje med regissøren, som om han var i stova. Det er ein vaksen måte å sjå film på, og veldig givande. Då kan ein sjå opp att gamle filmar på ein heilt ny måte. Det kan òg vere skummelt, for venstre hjernehalvdel er ikkje alltid samd med høgre. Kva om favorittfilmen SKUFFAR!?
Det gjer ingenting. For det tek berre ei veke eller to før hjernen finn likevekt og balansen rettar seg opp, slik at du hugsar filmen som den gode, gamle favorittfilmen han alltid var. Det har skjedd med meg fleire gonger! Nostalgi trumfar alltid!
Derfor ser eg film
No når eg er femti og vis, ser eg film for det meste i «analytisk modus». Men når eg kjenner at ein film ber om full merksemd, og anar at det er filmmagi på sitt reinaste, då tillèt eg det. Eg reiser langt inn i verda til filmen. Eg grip sjansen og kastar meg inn i filmen, heile meg!
Kvifor ser eg film? Fordi det er min type kunst. Eg kjenner det i DNA-et, i skjelettet, i uante delar av hjernen, i hjartet, i kroppen: At film er noko nytt, noko friskt for menneskeslekta. At vi bur i ei unik tid i verdshistoria som berre få av oss som har levd dei siste hundre åra har fått oppleve. Eg merka det så godt då VHS-en kom, AT dette er nytt. Eg er eit levande vitne til ei ny kunstform KUN for meg og oss som lever i denne tida, og det er fantastisk. Derfor ser eg film.
Kvifor eller korleis ser DU film? Legg gjerne att ein kommentar 🙂
Meir filmtankar? Om filmsmak!
Bra skrevet. Du er nok mer analytisk og grublende enn meg. Har ikke satt meg ned og reflektert grundig over hvorfor jeg ser film. Men i bunn og grunn så har det nok alltid vært en form for virkelighetsflukt. Føle følelser historiene gir meg glad, trist, sint, skremt etc.
Takk for tilbakemelding Asle! No testar eg å svare her 🙂 «Test»
Gode poeng, eg trur eg var meir på den stien før, at eg leigde ei komedie for å le, såg grøss for å bli skremt, drama for å bli rørt. No i desse dagar er eg slags ei forsøkskanin (for meg sjølv) der eg er på leit etter noko – altså eg brukar film som terapi og har gjort det i tre år no, og det har hjulpet, så eg berre fortsetter medan eg fiksar dei andre tinga, utanom filmverden. Det mest givande er å treffe slike som deg, der ute på nettet på SoMe. Setter pris på det! 🙂