Mitt møte med ei filmlegende
Den siste tida har eg gått gjennom arvegods nede i kjellaren på leit etter gylne minne. Eg fann ikkje det eg leita etter – og det eg leita etter, var eit minne om ei stor, personleg hending frå barndomen.
Men så, ein dag, kom bror min på besøk. Han hadde med seg ei kasse med bilete som var stua vekk i barndomsheimen vår, som han har teke over. I kassa låg det sju innramma bilete. Leitinga mi er over.

Det var i 1984. Eg var på veg heim på BMX-sykkelen min då mor kom køyrande og stoppa meg.
«Du har vunne!» ropte ho.
Tidlegare på året hadde eg sendt inn ei teikning til Sunnmørsposten. Temaet for den store teiknekonkurransen var jul, og eg hadde teikna julenissen som reiser med sleden sin over eit vinterlandskap. Og premien? Å få treffe Henki Kolstad.
Jul i Skomakergata var stort for alle barn på denne tida, sjølv fem år etter premieren i 1979. Saman med Disneys jul, Tre nøtter til Askepott, Putti Plutti Pott og Reisen til Julestjernen, var Skomakar Andersen ein av dei aller største favorittane. Julegleda var stor, med nedteljing til julaftan i form av klementinar og 24 nellikspikar.
Ni år gammal blei eg sendt på flyet til Oslo
saman med ein hyggeleg fotograf og jenta som vann premien i lag med meg. Det var første gong eg reiste med fly, på gode, gamle Braathens. Ingen foreldre. Det var skummelt, men òg eit eventyr.

I hovudstaden vandra vi rundt. Fotografen gav oss ein god sightseeing, til Slottet og Stortinget, og til slutt på restaurant der vi åt ein god lunsj – «all inclusive» i premien.
Sidan dette er 40 år sidan, klarer eg ikkje å hugse om sightseeingen var før eller etter møtet med Henki Kolstad. I alle fall gjekk vi til ei gate og banka på hos ein ekte skomakar (eg meiner å hugse at eg var litt skuffa over at det ikkje var i Skomakergata). Skomakaren var «old school» og allereie oppi åra. Eg reknar med han starta på femtitalet og har reparert uendeleg mange sko i si tid. Men kvar var Skomakar Andersen?
Eg hugsar tydeleg då Henki banka på døra og kom inn med hatt, frakk og det raude skjerfet, med det største smilet. Eg var «starstruck».

I livet mitt har eg treft Duane Loken
og handhelst på bluesartisten Taj Mahal backstage. Eg har vore sjåfør og køyrt Jon Eikemo til Geiranger. Eg har stått ved sidan av Nils Ole Oftebro og venta på trikken. Eg har handla matvarer side om side med Eldar Vågan i Bærum og kika på hattar med Helge Jordal i Bergen – men ingenting slår nivået av «starstruck-heit» eg hadde i møte med Kolstad. Han var nummer éin i 1984, og det finst ingen på planeten i dag, eller nokosinne, som kan måle seg med Henki Kolstad.
No stod han framfor meg og spurde kva eg heitte. Eg var nervøs. Eg gav han eit brev som mamma hadde skrive – ei personleg helsing, som Henki las opp høgt. Etter litt drøs skulle alle sjå på teikningane av meg og jenta, og det blei trekning om kven som skulle få teikningane. Henki fekk jenta sitt bilete, og skomakaren fekk mitt. Eg var litt skuffa, sjølvsagt. Men det blei fort gløymt, for her var Skomakar Andersen rett framfor meg. Jens Petrus var koselegare på ekte enn i julekalenderen!

Vi hadde ein kjempeartig fotosession med spøk og humor,
før det heile plutseleg var over. Henki tok på seg hatt, frakk og skjerf, gav oss ein klem og rusla heim nedover gata.På skulen måtte eg fortelje om Oslo-eventyret mitt, til stor misunning. Eg kunne ikkje tru kva som hadde skjedd meg. Mor mi var stolt, og bileta her hang i huset i fleire tiår. Møtet med Henki Kolstad er framleis med meg, og innimellom set eg på Jul i Skomakergata og blir veldig nostalgisk.






