Glass Onion Foto: Netflix

Glass Onion: A Knives Out Mystery

Kvifor eg ikkje likar Knives Out-filmane, blei krystallklart for meg under denne. Det er karakterane. Måten dei er skrivne på, og måten dei liksom skal vere komiske på. Det er småting heile tida. Som at Dave Bautista går rundt med ein pistol, endåtil i badebassenget der badetrusa hans er altfor lita og trang. Eller når han er barnsleg framfor mora og får ein fik (den svære Bautista blir sett på plass av mora med ein lusing – «ha-ha»). Alle karakterane er småtøysete og er skrivne som zeitgeist-karakterar som skal spegle tida vi lever i, med smarttelefonar, pandemi og woke-kultur.

🔪 Langdrygt og uinteressant

Akkurat som Wake Up Dead Man, er denne filmen altfor lang. Krim og komedie på to timar og tjue minutt. Det tek ein heil time før det i det heile skjer eit mord, så noko særleg til krim er det ikkje. Ein heil time med ein gjeng idiotar som heng på ei rikmannsøy, før nokon endeleg døyr slik at filmen kan bli kvalifisert til sjangeren han påstår han tilhøyrer.

Både Glass Onion og Wake Up Dead Man er stappa med kjende skodespelarar som spelar rare og komiske karakterar som eg rett og slett ikkje synest er morosame. Det er ikkje deira feil, det er manuset. Det er Rian Johnson som er problemet mitt.

Midt i mellom alle saman vandrar detektiv Benoit Blanc. Men eg likar ikkje denne karakteren heller. Og Daniel Craig med den feite Louisiana-aksenten sin er plagsamt skodespelaraktig, som om han kjem rett frå teaterscena. No høyrest det kanskje ut som eg mislikar Daniel Craig, sidan eg òg kritiserer hans James Bond – men langt ifrå, Daniel Craig er knallgod. Han fungerer berre ikkje her.

Glass Onion
foto: Netflix
Glass Onion: A Knives Out Mystery – Foto: Netflix

🤡 Komedie-pesten i moderne film

Med null karakterar eg synest er morosame, bryr eg meg verken om mordmysteriet eller totalen av historia. Filmen raknar fullstendig, drepen av ein humor eg synest er dårleg. Når nokon ser ein Adam Sandler-film og ikkje ler, synest dei gjerne at filmen er dritt fordi det ikkje var noko å le av. Sandler-filmen får full slakt og terningkast 1 fordi komedien stinka. SLIK ER DET FOR MEG MED GLASS ONION OG WAKE UP DEAD MAN.

Glass Onion har eit veldig The White Lotus-preg: Ein gjeng samlast på ei rikmannsøy, ein solfylt feriestad. Men i motsetning til denne filmen, har the White Lotus karakterar som faktisk er morosame.

Eg har sagt det før: Komedie har blitt ein pest i moderne filmar. Dette skal vere ein krimfilm, eit klassisk «kven-gjorde-det»-mordmysterium, OG ein komedie. Rian Johnson har laga ein film eg likar godt: Looper. Eg var derimot ingen fan av Star Wars: The Last Jedi. Han har skrive og regissert heile Knives Out-trilogien, og det får meg til å gruble: Kvifor skriv så mange regissørar utan komediebakgrunn inn humor i filmane sine i desse dagar, utan å faktisk meistre det?

Å få folk til å le krev fleire år med erfaring. Ingen blir ein suksessrik standup-komikar over natta. Å meistre sjangeren er blytungt, fordi det er nærmast umogleg å treffe humoren til absolutt alle. Men det er nettopp difor desse kryssjanger-filmane lettare blir tilgjevne – for kanskje treffer regissøren med den andre sjangeren; i dette tilfellet krimmen.

Glass Onion: A Knives Out Mystery – Foto: Netflix

🧅 Overforklaring og flashbacks i fleng

Midtvegs i filmen kjem ei lang flashback-scene, og inne i den flashback-scena får vi sannelig endå ei flashback-scene! Alt er frykteleg forklarande, ein gigantisk eksposisjon dumpa rett ned midt i ein film som allereie har testa tolmodet mitt. Johnson introduserer brått endå eit mordmysterium, denne gongen frå fortida – Twistin’ the Night Away.

Det er heilt tydeleg at Rian Johnson er veldig sjølvsikker og trur han er skikkeleg oversmart når han kastar på endå meir plott – og det i lag med ein Blanc som eg ikkje ein gong synest verkar noko særleg smart. Og etter den lange flashback-scena får vi ei parallell tidslinje frå eit heilt anna perspektiv. Og så endå fleire korte flashbacks – å, fytti katta. Johnson strekkjer seg altfor langt, og heile plottet blir ekstremt far-fetched.

Det same problemet eg har med Glass Onion, har eg i grunn med Wake Up Dead Man òg. Den første, Knives Out, var noko betre, men framleis berre heilt midt på treet.

Glass Onion: A Knives Out Mystery – Foto: Netflix

🍕 Pizza-krim for familien

Men krim er heller ingen enkel sjanger. Kven som helst trur dei kan skrive ei krimbok – DET ER IKKJE ENKELT. Krimmen er diverre like fæl som komedien her. Kva står vi att med då? Underhaldninga. Det faktum at kjende skodespelarar stiller opp og er tøysete. Den kan eg kjøpe.

Og eg kan kjøpe at dette er ein familiefilm, der alle sit idyllisk i stova som på åttitalet og ser film saman med kjærasten, kona eller barna. Alle er glade og smiler til den harmlause krimkomedien medan brusen blir svelgd ned med laurdagspizzaen.

Men kvifor ser eg desse filmane når eg tydelegvis ikkje likar dei? For det første: kanskje Glass Onion faktisk kunne vere god, ein veit jo aldri. Og for det andre vil eg jo henge med i tida.

Det er ikkje enkelt å gå mot straumen når det gjeld universalt elska filmar som Knives Out-serien. Dei er lette av natur, men eg tek ikkje lett på det. Eg opplever filmane som noko grusamt, og eg prøver å skildre akkurat det.

Terningkasta mine for Rian Johnson-trilogien er som følgjer:

  • Knives Out: Terningkast 3
  • Glass Onion: Terningkast 2
  • Wake Up Dead Man: Terningkast 2

Med dette føler eg meg som Al Pacino i Scarface, der han sit dritings på ein restaurant og kjem med denne legendariske monologen:

«You need people like me so you can point your fucking fingers and say, ‘That’s the bad guy’.»

Scarface (1983)
Scarface (1983) Universal Pictures

So say good night to the bad guy.

Glass Onion
foto: Netflix
Glass Onion: A Knives Out Mystery – Foto: Netflix

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *