One Battle After Another (2025)
Regi: Paul Thomas Anderson
Første halvtime
Det første eg tenkte etter ein halvtime i One Battle After Another, var: Kva i helsike? Eg sleit med å orientere meg i filmspråket til PTA. Kva slags film er dette? Kva vil han? Kvar vil han!?
Leonardo DiCaprio er ein rebell med bombe-skills som er forelska i leiaren for revolusjonen, spelt av Teyana Taylor. Skurken Sean Penn er òg forelska i Taylor, den store fienden. Ho blir gravid og startar familie med DiCaprio, men så blir ho teken. Taylor svik revolusjonen ved å namngi alle venene sine til Penn. Ho flyktar til Mexico, og DiCaprio må ta seg av barnet. 16 år seinare lever dei i skjul. Penn har blitt medlem av «St. Nicolas-ordenen», ein gjeng rasistiske taparar. Omsider finn denne macho-maskina ut kvar jenta og DiCaprio held til, og jakta startar.

Knall filmfoto
Det filmtekniske overraska meg ikkje (med tanke på kven som har laga han) – det er absolutt nydeleg. Spesielt ei biljakt der vegen er bølgjete; eg blei svimmel! Actionen var intens og tok meg til Michael Manns Heat og Christopher Nolans The Dark Knight – den typen opne og velkoreograferte scener som slår lufta ut av deg.
Sean Penn spelar knallgodt som militærpsykopat som òg er idiot og 100 % maskulin. Måten han går på… er det slik Andrew Tate går, tenkte eg? Penn overspelar. Syns karakteren var komisk.
Leonardo DiCaprio kan det å spele ein skikkeleg tapar, så godt at han ikkje gjer noko stort ut av seg, bortsett frå å vere håplaus. DiCaprio underspelar, og her og syns eg karakteren var komisk.
Ari Asters «Eddington»
Men kva handlar filmen om, sett bort frå galskapen? Er det ei «far-left vs. far-right»-satire som skal vise oss status quo i USA, slik at begge sider kan le av idiotien i polariseringa, og at folk endeleg må finne ein felles grunn? Ari Aster var inne på same territorium med Eddington. Korkje Aster eller Anderson vel side, men viser det verste frå begge kantar, med humor i alt det seriøse.
One Battle After Another er ein rar film, slik som Eddington. Begge filmane er stappa med IDIOTAR. Men det er mykje tøys i Eddington, og det same gjeld Anderson sin film. DiCaprio spring rundt i morgonkåpa si, rusa på gras og fullstendig fråverande, slik som The Dude i The Big Lebowski. Og Benicio del Toro er Mr. Chill.

Konklusjon
Heilt ærleg: Eg hadde forventa meir av denne filmen, fordi det er snakk om Paul Thomas Anderson. Og eg må seie eg likte Eddington betre. Den hadde meir fokus og følgde Joaquin Phoenix tett på, medan Anderson valde kaos på alle frontar og skapte stor forvirring i løypa. Eg klarte ikkje heilt å orientere meg i alt som skjedde, med alle karakterane plassert framfor oss i snart tre timar. Jo meir eg tenker på filmen, jo meir eg mislikar han. No når det har gått ei stund med grubling, må eg faktisk nedjustere karakteren. Kvifor filmen fekk sånn skryt, klarar eg ikkje å forstå.
Ein ting eg lurer på: Kvifor er idiotar hot om dagen? Dumt spørsmål…
Terningkast: 3
Favorittscene: Når DiCaprio skal hoppe over eit tak.
Ettertanke
Filmen manglar noko handfast, ein slags filosofi som held oppe all galskapen som skjer. For det er tydeleg kven og kva Sean Penns karakter står for i denne forteljinga, men kva med revolusjonen og DiCaprios karakter? Dei framstår som vesen av lågare sort, dei òg. Ergo tenkjer eg det er ein slags komisk satire over ytre venstre.
French 75 vil skape kaos og anarki for å felle den høgreekstreme staten i filmen. Leiaren er mest oppteken av seg sjølv; narsissistisk og sexgal. Ho tenner på vald og bryr seg ikkje ein gong om å innleie eit forhold til filmens – og årets – største skurk, Sean Penn. Samstundes er denne «viljesterke» leiaren svak, idet ho svik heile saka og gir opp namn, noko som resulterer i drap og arrestasjonar.
Sean Penn
Sean Penn spelar greit nok! Eg les «hårfin balanse mellom overdriven og seriøs» hos fleire. Eg synest ikkje han hadde den balansen. For meg var han ein meget overdriven karakter og ein karikatur, nesten som Jack Nicholsons Joker i Batman. Penn gjekk så langt over streken at eg syntest han var ein morosam karakter, heller enn skummel. Det passar satiren eller den mørke komedien PTA er ute etter. Hadde alt anna i filmen vore seriøst, som i ein actionthriller, hadde Penns prestasjon vore frykteleg dårleg og upassande.
Filosofien bak revolusjonen
Kva vil revolusjonen!? I Fight Club hadde Tyler Durden ein tydeleg filosofi som var mykje meir forståeleg: å knekkje verdsordenen basert på konsum, grådigheit og kapitalisme; å velte samfunnet som ikkje stiller spørsmål og lever som sauer i ein flokk som ikkje gjer anna enn å konsumere. Eit tomt, meiningslaust liv. Dette er mykje meir interessant enn French 75, og utan filosofien hadde Fight Club vore ein mindre interessant film. PTA leverer ikkje på dette.
Far og dotter
Her er eit far/dotter-forhold i filmen. Dottera er den einaste karakteren som ikkje er idiot, dum eller vond – ho er uskyldig. Faren hennar er ein «stoner». Ein mann som var dyktig til å byggje bomber, men som var ein hjernevaska følgjar av leiarens sak, utan intelligens eller noko: ein tapar, med andre ord. 16 år seinare lever han i paranoia med fortida si. Forholdet mellom han og dottera er tragisk, fordi han utset henne for fare, og fordi han knapt klarer å ta vare på seg sjølv. Eg synest forholdet deira var svakt, og dermed er det for lite på spel når ho blir teken og han prøver å finne henne. Faktisk håpa eg at han ikkje skulle finne henne – for han er det siste ho fortener. Og kva om mora dukka opp igjen?
Benicio del Toros «sensei-karakter» var typisk Toro. Men eg håpa karakteren ville gi noko handfast til forteljinga; det gjorde han ikkje. Han verka som ein smart mann som heile tida låg tre steg framfor skurkane (staten), men han var eigentleg berre eit nøytralt vitne som hadde ekstrem sjølvkontroll og ro.
Running on Empty
Filmen har eit problem med kva han vil vere, noko som er forvirrande og frustrerande – han vil underhalde med både action og svart komedie, og det reduserer filmen for meg. Hadde filmen vore ein rein actionthriller, med ei sak ein kan heie på (altså revolusjonen), og med ein far og eit far/dotter-forhold ein kan bry seg om – eg tenkjer på den framifrå perla Running on Empty med River Phoenix, noko i den duren – så hadde filmen gått frå å vere tøys til noko ein kan bry seg om. Det hadde heva den geniale filmteknikken endå meir!
Ein «sidekommentar»
Eg har merka ein tendens i dagens filmpublikum: Så lenge ein film leverer topp filmteknikk, og om filmen er særdeles vakker, så er det eit meisterverk – noko stort. Ja, film er eit visuelt medium, men det er så mykje anna òg. Om ein film ser fantastisk ut, så er det ikkje nok for meg. Her må vere meir; filmen må ha sjel, han må ha eit godt plott. Lukkast ein film med å ha det og genial filmteknikk, då snakkar vi tidlaust meisterverk. Ein kan samle dei beste av dei beste (Roger Deakins & co.) og lage verdas vakraste film, men det betyr ikkje at det er verdas beste film, ikkje nødvendigvis ein god film heller. Det minner meg om «supergrupper» innan musikk, der dei beste av dei beste slår seg saman og briljerer teknisk, men resultatet dei leverer, er som oftast noko tomt.
Til slutt – kutt humor!
One Battle After Another er knallbra laga. Men eg sakna å sjå noko som leverer på alle frontar og måtar; ein film som gir meg håp for framtidas film. Dessverre er ikkje PTAs siste det. Filmen kunne ha vore så mykje meir om dei KUTTA komedien og gjekk for noke seriøst. Denne innsprøytinga i humor i alle filmar har blitt veldig plagsomt. Filmskaparar som ikkje kan komedie bør halde seg langt unna det.
⚠️ DENNEHYS DOM ☢️
Det var ein gong på 90-talet. Eg ligg på eit operasjonsbord, «klar» til å få fjerna ein testikkel som har fått eit mindre hyggjeleg besøk av det kjende monsteret Kreft. Sex Pistols bjeffar i øyrelurane eg har fått plassert på skallen. Alt virkar «horny gory», men noko skal syne seg å ikkje vere heilt som det burde denne dagen (i tillegg til Kreft og Sex Pistols, that is).
For i det kirurgen kuttar hol i meg, kjenner eg at spinalbedøvelsen (google it you lazy bastard) ikkje fungerer heilt optimalt, og ei skarp smerte skyt gjennom kroppen. Så, i min kjente stil, eller mangel på om du vil, ramlar det eit par tre fire fem «superlativ» ut av kjeften på meg.
Hugsar ikkje heilt, men om eg skulle tippa basert på tidlegare, og seinare erfaringar, så sannsynlegvis noko ala «Au faen i helvetes jævla forpulte fittekuk for helveteeeeee!». Anywhooooo, I digress (ein av «fordelane» med adhd?).
Eg blir sporenstreks pumpa full av ein anna kjemisk coctail, og rullgardina mi går ned, BANG!. Når eg vaknar etter operasjonen, ein ball fattigare og eit par erfaringar rikare, kjenner eg at eg (p.g.a. spinalbedøvelsen) fortsatt er midlertidig «lam» frå midja og ned. Denne følelsen var mildt sagt ganske så jævlig ubehageleg.
MEN, og her dear reader… her kjem «poenget». Alt dette var ikkje eingong halvparten så ubehageleg som å lide seg gjennom denne skithaugen av ein film! There, I said it, now FUCK OFF!
Terningkast: Fjerna prikkane på terningen med korrekturlakk for å kome under 1.
Yours truly Bjørn Dennehy
Selv om jeg ikke er helt enig i terningkastet, så er jeg enig i at det er overraskende hvor mye skryt filmen har fått. Den når ikke de fleste andre PTA-filmer til knærne. Spesielt There Will Be Blood og The Master er milevis foran.
Same syns eg, om There Will Be Blood og The Master. Nok ein gong, som med fleire filmar frå siste tid, handlar det om kva humor ein har. Dette var ikkje min type mørk-komedie. Og eg er lei av å sjå Leonardo spele idiot! 🙂
Veldig interessant å diskutere litt grundig slike filmer som hypes så massivt. Jeg hadde skyhøye forventninger til denne. De ble ikke innfridd, men jeg så forbi svakhetene og gav i utgangspunktet 4/5 på Letterboxd. Etter å ha tenkt en stund justerte jeg ned til 3,5, men må også ha et gjensyn. Hovedinntrykket er at den har en del bra ingredienser, men den er rotete, ufokusert og lang. Veldig langt fra PTA på sitt beste. Oscar for beste film er rett og slett snodig.
Ja, eit teikn på kor historisk bra ein film er og vil bli, blir som oftast vege på kor knallbra og minneverdig skodespelet og karakterane er. One Battle After Another har ikkje det. Han har skodespelet til The Big Lebowski, men null av humoren! Synest eg. Eg må innrømme at eg vart riven med av entusiasmen rundt filmen og gjekk hardt inn med mykje elsk, noko eg er sint på meg sjølv for no. Filmen kjem aldri til å bli rekna som ein amerikansk storfilm i framtida, DET er eg nesten heilt sikker på. Å nemne han i same åndedrag som Gudfaren, Hjortejegeren, Raging Bull osv. – skjer ikkje!
Oscaren er ikkje som han var, og har vel aldri vore 100 % plassen for å hylle dei aller beste filmane frå år til år. Filmane som kjem i desse dagar er berre bra-til-å-vere-2020-talet. Av årets største filmar i denne best picture-kategorien, er det berre éin eg synest verkeleg fortener å vere der, og det er Bugonia. Frå dei førre åra synest eg Anora, Coda, Nomadland, The Shape of Water og Moonlight – som alle er vinnarar – er filmar som for lengst har gått i gløymsla. Det finst rett og slett for få av Parasite, Oppenheimer, og filmar som The Brutalist eller West Side Story. Om eg les lista over det som er nominert dei siste ti åra: skrekkeleg!
Nei, eg er ingen fan av moderne film, og eg vil kritisere når eg kan! Hehe. Kjekt at Norge fekk seg ein Oscar då!