Kvifor vi treng nye filmar – og mine nye favorittar
Kvifor vi treng nye filmar – og mine siste favorittar
I mine førti år med film har eg alltid sett nye filmar, og sjølv om eg ikkje alltid har følgt med i timen, har eg alltid prøvd å oppdatere meg på titlar eg gjekk glipp av. Allereie som tenåring byrja eg å utforske filmar i svart-kvitt frå Hollywood, som Casablanca og alle dei gamle klassikarane. For meg var det spennande, og det er det framleis.
Eg brukar mykje tid på filmar frå videosjappe-æraen. Sjølv det å sjå usette 80-talsfilmar eg har gått glipp av, er ei slags nostalgisjåing – nostalgi i utsjånad, skodespelarar og musikk. Det er ein god plass å vere, det er komfort frå tida eg vaks opp som alltid vil vere der. Og filmar frå før 70-talet og heilt tilbake til stumfilmen gir meg eit innblikk i tida som var for generasjonane før meg; kva dei vaks opp med, og kva mine foreldre og besteforeldre såg då dei var unge.

Nye filmar er viktig
Men nye filmar er viktige. Og når er eigentleg ikkje nye filmar nye lenger? The Dark Knight nærmar seg 20 år – men det følest som i går. I 1985 ville det tilsvart ein film frå 1965, tidsmessig. Han er allereie ein klassikar. Kva stempel skal ein setje på nye filmar, når er dei ikkje nye lenger? Dei siste ti åra? Dei siste fem? I mitt hovud er det som regel snakk om dei siste fem åra, første halvdel i eit tiår, og siste halvdel i eit tiår. No er vi inne i siste halvdel av 2020-talet, og vi nærmar oss 100 år sidan filmen fekk lyd.
Å sjå nye filmar er å oppleve nye ting. Mentalt er det viktig for meg. Om eg berre skulle sett nostalgiske filmar, sette eller usette, ville det nesten vore det same som å leve i fortida – sitje heile dagen lang og mimre, og forsvinne tilbake til «tryggleiken» i barndommen. Og vi veit at å leve i fortida ikkje er sunt i lengda. Å sjå nye filmar er som å leve i nuet, og nuet er alltid den beste plassen å vere – uansett kva tilstand verda og filmane er i. Nuet er noko LEVANDE. Så om eg stod i fare for å bli ein sint mann som ringer til avisa for å protestere og meine at alt var betre før, er mitt svar til meg sjølv dette: Lev, og sjå nye filmar òg!
Først, ei topp ti-liste over alle mine favorittar frå 2020-talet. Deretter nokre filmar frå dei siste åra eg har digga heilt generelt.
Topp Ti: 2020-talet
- The Fabelmans
- Oppenheimer
- The Brutalist
- Perfect Days
- Dune: Part I & II
- Bugonia
- 28 Years Later
- Avatar: The Way of Water
- West Side Story
- I’m Thinking of Ending Things

Dette er ei «slik føler eg det no»-liste over dei beste filmane, basert på opplevinga og tida etterpå, når filmane får søkke inn. Alle ti skal sjåast igjen, og lista er som alltid flytande og ikkje statisk. The Fabelmans er på topp – fordi eg er ein ENORM Spielberg-fan, og dette er hans sjølvlaga film om sitt eige liv, ein film eg har venta på heile livet. Musikken til John Williams er det mest spelte filmscoret her i huset sidan. West Side Story var så bra laga at han gav meg DEN STORE FILM-kjensla. Dette er kjære moderne filmar, men no vil eg løfte fram nokre andre som har kome i dette tiåret, og som eg diggar.
DEADSTREAM (2022)
Ei skrekkkomedie à la The Blair Witch Project med Evil Dead-vibbar, laga på eit VELDIG lågt budsjett. Eg fall for idioten av ei fallande YouTube-stjerne som låser seg inne i eit notorisk spøkelseshus midt på natta, vel vitande om at ingenting skremmer han meir enn spøkelse. Det verste er: FILMEN ER SKUMMEL, så sjå han med høgt volum på den største TV-en som er tilgjengeleg. Eg elskar idiotar!

TRIANGLE OF SADNESS (2022)
Ruben Östlund har ikkje skuffa meg hittil. Filmane hans Turist og The Square er midt i blinken for meg. Triangle of Sadness er ein satire om dei rike på båtcruise, og her er ei hysterisk scene som har brent seg fast i netthinna og som eg ikkje skal røpe. Eg likar å sjå rike folk som slit!

MANK (2020) og THE KILLER (2023)
Mank er nydeleg – Gary Oldman i storform! Filmen handlar om Herman J. Mankiewicz medan han skriv manuset til Citizen Kane. Eg er svak for filmar om filmskaparar. The Killer er nydeleg laga. Michael Fassbender som leigemordar. Begge to har potensial til å vekse endå meir på meg.

GODZILLA MINUS ONE (2023)
Etter fleire Godzilla-filmar frå Hollywood var det godt å sjå ein ekte japansk Godzilla, gjort skikkeleg. Effektane er FANTASTISKE, og dette er ein MOROSAM monsterfilm.

HELLRAISER (2022) og CANDYMAN (2021)
To remakes av to legendariske skrekkfilmar, og eg DIGGA begge. Det som fungerte ypparleg med Hellraiser for meg, var forteljinga og noko heilt kritisk: mytologien. Candyman er også flink til å skape mystikk rundt denne urbane legenda. Grunnen til at eg likte filmen så mykje: Eg er svak for filmar som går føre seg i KUNSTENS VERD – slik som The Square, der hovudpersonen er ein kunstnar som bur saman med ein gallerieigar. Dette er skrekk i kunstverda.

THE DEAD DON’T HURT (2023)
Dagens siste anbefaling. Dette er ein roleg western, regissert av Aragorn sjølv, Viggo Mortensen, som prøver å byggje seg eit liv og leve som bonde. Her er lite action, men MYKJE knall skodespel.

Alt var betre før? Når eg kikar på filmar frå 2020-talet og set på filteret på Letterboxd som viser karakterane mine, så har eg gitt 80 filmar terningkast 5 og 6 – og eg har ikkje sett alt ein gong. Så dette er ei påminning til meg sjølv: Sjå nye filmar, òg.
Kva er DINE favorittar frå siste seks åra? Berre å kommentere under 🙂