Alt var betre før: Del 3 – Ei brå vending mot det verre
Alt var betre før. I denne personlege granskinga av meg sjølv og den informasjonen eg måtte finne, har eg teke føre meg skodespelarane, regissørane og filmfotografane, og vore litt innom filmteknikk og slikt. Dette er litt av årsaka til at eg slit med moderne filmar og søkjer etter gamle filmar heller enn nye frå Hollywood.
Planen var å granske korleis CGI har øydelagt mykje av Hollywoods evne til kreative løysningar. Og ta eit djupdykk i kvifor mellombudsjettfilmen døydde ut som følgje av Marvel sine superheltar. Og ikkje minst korleis dagens Hollywood er styrt av algoritmar. Men nei, eg har mykje sinne i meg, kjenner eg, og det må ut.
IP og franchiser
Den største årsaka til at eg er skuffa over dagens Hollywood, ligg i mengda UORIGINALE filmar som kjem frå filmhovudstaden. For IP (Intellectual Property) er alt det handlar om over dammen no. Draumefabrikken vil ikkje drøyme lenger. Det blir satsa hardt på franchisar: remakes, reboots, etterfølgjarar – samstundes som dei tek velkjende oppskrifter og prøver å lage nye franchisar, heilt etter suksessboka.
Om det ikkje er superheltfilmar med dei endelause etterfølgjarane deira (DC og Marvel sine store planar om Fase 1, Fase 2… det tåpelegaste eg les om er desse fasane, som om det er ein General Patton som har laga ein svær le grande-plan for franchisen). Om det ikkje er slike filmar, eller nok ein ny Alien eller Indiana Jones, så er det masseproduksjon av den sikraste vinnaren av dei alle: ANIMASJONSFILMEN. Den som foreldra tek med seg ungane på, og som studioa dermed tener ekstra dollar på på tvers av alle aldrar.

Animert utmatting og Disney-hat
Animasjonsfilmar kan sikkert vere bra i ny og ne, men eg er DRITLEI av nok ein Minions 4, Toy Story 5, Inside Out 2, Kung Fu Panda 4 og dei hundre andre som har kome dei siste ti åra. Faktisk har eg slutta heilt å sjå animasjonsfilmar. På nittitalet reiste eg på kino for å sjå The Lion King og Aladdin – dei handteikna klassikarane. Seinare blei eg sjarmert av Pixar og dataanimasjonane Toy Story 1-3, Antz, A Bug’s Life, og ikkje minst WALL-E, som eg synest er den beste. Men ikkje no lenger. Eg er berre lei.
Aller verst, og det eg hatar MEST AV ALT, er Disney sin forretningsplan med å gjere dei klassiske animasjonsfilmane sine om til live-action features – med null sjel, same historie og tonnevis av CGI. Disney pissar på sine eigne klassikarar og tener flesk på det. Eg såg dei første som kom, men då var det nok. EG SVERJAR I BLOD PÅ AT EG ALDRI SKAL SJÅ EIN TIL.

Håpet som brast
Eg hugsar i 2023, då Barbenheimer blei eit fenomen. Oppenheimer og Barbie kom samtidig – to vidt forskjellige filmar, og internett gjekk bananas med memes og alt mogleg. Barbie toppa listene, med Oppenheimer på tredjeplass. To ORIGINALE filmar (vel, Barbie spring ut frå ein franchise, men likevel). Mest av alt var det Oppenheimer som gav håp. Folk var villige til å gå på kino for å sjå noko som IKKJE var animasjon, superhelt, oppfølgjar eller ein live-action remake av ein kjend Disney-teiknefilm. DET GAV HÅP.
Men håpet gjekk fort over. Berre året etter var desse på toppen av innteninga: Inside Out 2, Deadpool & Wolverine, Moana 2, Despicable Me 4. Svusj, så forsvann håpet, og sidan har det vore business as usual.

Boikott Hollywood?
Filminfluensarar snakkar om å redde kinoen frå undergangen, og oppmuntrar folk til å GÅ PÅ KINO – redd han! For kinoen slit. Etter COVID blei folk late og ville heller sitje heime, og filmen kom uansett rett på strøyming like etter. Kvifor gå på kino når ein kan sjå han på mobilen medan ein chattar på sosiale medium? Men filminfluensarar kan ikkje redde kinoen. Berre Hollywood kan det, og dei må få RÆVA I GIR og lage skikkelege filmar!! SLUTT Å LAGE DRIT. Gi oss variasjon, og ikkje minst NOKO ORIGINALT. Deadpool & Wolverine – tullar du med meg? Det er sjellaust drit, eller som ein kompis alltid seier: Drit pakka inn i gullpapir.
Eg går ikkje på kino lenger. Maks ein gong i året. Eg klagar på at det er lang reise til kjøpesenteret, at det kostar å reise, billettprisane, snacksen og alt det der. Men sanninga er mykje enklare: Det er FÅ FILMAR EG VIL SJÅ. Og eg nektar å gå og sjå sjellaust drit berre for å «redde kinoen». Kinoen er ikkje verdt å redde. Eg vil snu på det: BOIKOTT HOLLYWOODFILMAR. Ikkje gi eit einaste øre før dei lagar skikkelege filmar.
Kinoen vil aldri forsvinne
Kinoen som konsept vil uansett aldri døy ut. Cinemateket og slike aktørar gir dei ekte filmfansa det dei vil ha, og dei vil alltid vere der i byane. Kven bryr seg om kinoane på kjøpesentera? Dei kan ryke og reise – det heile er berre ein strategi for å lokke folk til kjøpesenteret for å BRUKE MEST MOGLEG PENGAR, og smette innom kinoen med heile familien for å sjå Kung Fu Panda 11. Eller endå betre: Sende ungane inn på kinoen medan foreldra handlar ting dei eigentleg ikkje treng, drikk dyr kaffi latte på ei kaffikjede og snakkar om det dei las i nyheitene.

Saknet etter videosjappa
Fuck kinoen – gi meg heller tilbake videosjappa! Der vi kunne samlast, vandre rundt blant herlege cover og snakke film heile dagen medan vi pressa ned ein hamburger. Mykje meir givande. Eg er ein drøymar, og eg veit at videosjappa aldri vil kome tilbake. Strøyming sette punktum for ho. Og folk på min alder, Generasjon X, var dei som drap videosjappa. For vi ville ha det enkelt; vi ville ha Netflix i stova så vi slapp turen ut, og dermed unngjekk vi dei rare filmnerdane som hang der.
Det verste av alt: Ting blir ikkje betre. Det er berre å sjå på musikkfronten, eller box office-statistikken for dei siste ti åra. Folk vil ha dette. Folk vil ha songen som er ein diskré remake frå 70-talet, med ein tekst skriven av femten personar, og ein artist som ser ut som ein supermodell. Det er det folk vil ha. Og dei vil ha trygge filmar, noko kjend, ein remake til dømes, slik at hovudet slepp å tenkje. Jo meir hjernedaudt, jo meir plass i skallen til å reflektere over nyheitene eller multitaske på sosiale medium.
Box office og Billboard
Kvifor refererer eg ofte til topp 10 box office på kinoane, eller Billboard innan musikk? Fordi det viser kva tid vi lever i, og kva folk flest vil ha. Vener seier til meg: «Ja, men det finst jo masse bra film i dag.» Ja, det gjer det. Det finst gode filmar der ute. Men ingen har høyrt om dei, eller sett dei. Berre vi filmnerdane har høyrt om dei; alle vi som les og høyrer på filmpodcastar, alle filmkritikarane og alle dei som går på filmfestivalar. Det er ei anna verd. Eg er interessert i kva folk flest likar, for ein gong i tida ville folk flest sjå kvalitet – sjølv om dei ikkje alltid visste heilt kva kvaliteten bestod i.

Inntoget til AI
Verre skal det bli. Kunstig intelligens marsjerer som nazistane gjennom Oslo i 1940 – akkurat no marsjerer dei gjennom Hollywood i 2026 for å ta over byen. Dette er vilja til konglomerata, til den eine prosenten på toppen. For dei veit at kunstig intelligens er billigare enn naturleg intelligens. Allereie no er regissørar som Darren Aronofsky, Roger Avary og sikkert fleire i gang med produksjonar der AI skal lage filmen. Vi ser starten på AI-film akkurat no.
Smarte folk trur dei kan stoppe dette ved å protestere høglydt. Eg spår: Dette blir normalen. Kvifor? Fordi folk flest drit i slikt, dei vil ha hjernedaudt content. Dei er allereie villige til å gi pengar til filmar som Mufasa: The Lion King og A Minecraft Movie, og musikk som Sabrina Carpenter (manchild). Kan det bli verre enn det? Eg trur faktisk ein AI er i stand til å kome med mykje betre ting enn det menneskeheita akkurat no lagar på dei kommersielle plattformene for populærkunst.
Vi går mot Idiocracy – har du sett den filmen frå 2006? Eg synest han var artig då, men eg visste ikkje at han var profetisk. Vår vestlege verd har blitt eit shitshow – for å sitere tidlegare president Obama. Eg er heilt einig, alt er eit shitshow: politikken, musikken, filmane, sosiale medium. Eit reint, stinkande shitshow.

Eit lys i mørket
Sånn, då var det ute av systemet. Alt var betre før – men eg kan ikkje ende denne serien min med ei slik negativ haldning! Så no skal eg sjå på alt det positive. For sjølv om eg er ein pessimistisk, gammal gubbe, må eg leve med eit håp om at ting kan bli betre, til og med i Hollywood.
Først og fremst: AI-filmar vil aldri (vel, sei aldri) erstatte film eller musikk, så lenge ein vil ha ei ekte kunstnarisk oppleving (det inkluderer popcornfilm). Og kanskje først då, når AI-film blir ein del av kvardagen, kan folk endeleg setje pris på ekte handverk frå ekte hender. Eg er ikkje redd for AI når det gjeld konkurransen mellom menneskelaga og AI-laga film. Klart det er synd at menneske mistar jobben sin fordi AI tek han, slik handteiknarane mista sin jobb då CGI tok over. Den einaste verkelege faren er om ALLE betalar berre for å sjå AI-film, men det tvilar eg på. Kanskje vil det heile resultere i ein ny gullalder i Hollywood. Ein kan berre spekulere.
Det andre er at eg trur TV-seriar vil miste sjarmen sin omsider, og då kan kanskje filmen gjere eit stort comeback.

Ein gong må det ta slutt!
Eg nektar å tru at franchisar skal leve evig. Kva står på programmet om, la oss seie 20 år, i 2046? Alien 22? Avatar 5? Toy Story 44? Slik som i Back to the Future Part II. Det kan jo umogleg fortsetje i det uendelege med alle desse remakes og reboots. Ein dag må det ta slutt, for folk er kanskje late, men dei er ikkje steike dumme!? Dessutan, den yngre generasjonen, dei som er i tenåra og tidleg i tjueåra i dag – eg har sett på Letterboxd at MANGE AV DEI HAR KNALL SMAK. Kven er det som held liv i vinylsalet? Ungdommen. Kven er det som er nysgjerrig på VHS og analoge løysingar i desse tider? Ungdommen. Kven erstattar smarttelefonen med ein dumbphone? Ungdommen! Dei har eg trua på.
Og så: Kanskje går det nedover med Hollywood, men andre stader i verda blomstrar det. I Sør-Korea har dei laga skikkeleg film i over tjue år, det same i Japan. Det finst knallfilmar laga i Europa. Noreg har blitt eit beist! Og filmen som kunstform vil alltid vekse. Det skal også seiast at skrekkfilmar frå Hollywood har blitt skikkeleg spennande, og det er fleire av dei eg diggar.
Folk har fått nok!
Sjå korleis det går med Marvel no! Pila peikar jo nedover! Folk er lei, dritlei av superheltar, og Marvel jobbar desperat med å få tilbake publikum – men vi veit at snart er det over. Den epoken er over, og noko nytt kan kome. Folket har talt. Nei, Marvel og DC har ikkje mange år igjen.
Rundt om i verda akkurat no er ting ustabilt, og kanskje har det påverka alt det andre. Kanskje er det difor folk vil ha den mest hjernedaude underhaldninga det er mogleg å finne – fordi tidene er tøffe, ekstremt tøffe. Og då er flukt det sinnet treng. Så då passar det best med Deadpool & Wolverine og slike filmar, medan ein ventar på betre tider.
Anten så går det bra, eller så går det over.
Dette var serien om ALT VAR BETRE FØR. No er eg ferdig med denne tankerekka. Her er dei to andre:
Alt var betre før: del 1
Alt var betre før: del 2
Kva er DINE tankar? Kommenter gjerne 🙂