Stranger Things sesong 2 (2017)
Regi: The Duffer Brothers
«Friends Don’t Lie»
Seria markerer tydeleg at dette ikkje berre er ein sesong 2, men ein sequel til sesong 1, med det enkle grepet «Stranger Things 2» i introen. Og med det fekk eg den rette «sequel-feelen», akkurat slik Duffer-brørne ønskte. Sequel-filmar var viktige på 80- og 90-talet; det var då konseptet verkeleg blei forma i Hollywood: Ein etterfølgjar med same oppskrift, men meir av alt. Meir action, meir effektar – eit gir opp frå einaren. Nokre gonger gjekk det bra, som med Gremlins 2, Lethal Weapon 2, Die Hard 2 og Indiana Jones and the Temple of Doom. Andre gonger ikkje: Ghostbusters II, Highlander II. Det sagt: Eg diggar alle dei nemnde her!

Fantasy in disguise?
Stranger Things har fått sjangerstempelet sci-fi, skrekk og drama. Før eg skriv om mi oppleving av sesong 2, vil eg skrive litt om kva eg synest serien eigentleg er. For meg er dette fantasy in disguise.
Hawkins er ein roleg småby, med landskap som skog og åkrar, og eit lite sentrum. Plassen minner meg om Hobbiton eller The Shire. Ein behageleg plass der ingenting alvorleg skjer. Oppsida-ned er Mordor, og den onde krafta minner meg om Sauron, som søkjer makt og verdsherredømme, og som sender sine små monster (goblins og orkar) for å kjempe for seg. Demogorgon veks i makt for kvar sesong.
Goonies-gjengen, med Dustin, Mike, Will og Lucas, er hobbitar; små og modige, som ofrar seg om så. Sheriff Jim Hopper er den modigaste av alle og minner meg om Aragorn. Eleven, som kjem ut av det blå, er Gandalf – den store trollmannen. Dette er fantasy der ein bur. I staden for eit stort kart over Middle-earth, har vi Hawkins. Og på ein liten stad kan eventyr skje. Eg trur store eventyr kan skje oss alle uansett kvar vi bur. Skap ditt eige eventyr med fantasi og rollespel. Eg får inntrykk av at det er intensjonen til Duffers å formidle nettopp dette.
(Vidare kjem det SPOILERS!)
Nye karakterar og Point Break-vibbar
Sesong 2 startar med ein avstikkar: Ein pønkar-gjeng ranar bankar iført masker, og vi lærer at leiaren har ei tatovering med talet 008, og krefter som Eleven, men av ein annan sort (er ho Saruman, tenkjer eg?). Denne opninga sende meg rett til nittitalsperla Point Break.
Så er vi tilbake i Hawkins. Ein merkar større sjølvtillit frå alle; karakterane har landa, og historieforteljinga er betre enn i førre sesong. Episode 1 er fantastisk. Vi blir introduserte for spillehallen («The Arcade»), som ser nydeleg ut og som var ein veldig viktig plass for 80-talsbarna. Nye karakterar kjem til – to vidunderlege: «Mad» Max, ei rå skaterjente med store «gamer-skills», og bror hennar, Billy, ein veltrent og sint ung mann.

Billy er ein knall karakter.
Eg tippar namnet er henta frå Rob Lowes rolle i St. Elmo’s Fire (1985), der Rob speler ein sint ung mann ved namn Billy som hamnar i slåsskamp. Og Dacre Montgomery, som speler Billy her, liknar på Rob Lowe! Men han minner meg også om ein annan karakter frå 80-talet: Buddy Revell frå Three O’Clock High, ein sint ny elev som utfordrar skulens nerd til slåsskamp klokka tre. Bror til Max kjem til Hawkins med same attitude. Eg elskar Billy – OG Max, spelt av Sadie Sink. Ho er nok eit stortalent på linje med Millie Bobby Brown; eit stort funn!


Men Max og Billy er ikkje dei einaste nye karakterane eg diggar.
Velkomen til Sean Astin! Her spelar han Bob «The Brain», som er kjærasten til Joyce (Winona Ryder). Kvifor dukkar Sean «Sam» Astin opp i Stranger Things? Først: Han spelte hovudrolla i The Goonies, der heitte han Mikey og var leiaren av gjengen (slik Mike er her). Men han er mest hugsa frå Lord of the Rings som Sam, Frodos beste ven. Ja, eg pushar hardt på fantasy-teorien min! Bob er ein skjønn og jovial karakter; uskyldig og god, samt enkel og litt smådum i retning naiv. Eg digga alle scenene med Bob; eg lo med han og av han!

Vi får Brett Gelman som Murray Bauman
– den paranoide X-Files-konspirasjonsteoretikaren som mistenkjer alt mogleg og er veldig 80s i stilen. Han minner meg dog om Gene Hackman i The Conversation, der han har isolert seg i ein slags bunker med mykje high-tech og tryggleikstiltak. Typisk paranoia skapt av den kalde krigen og «den raude fare» på denne tida. Brett er ein herleg fargeklatt. Han snakkar om «Russians in Hawkins», at russarane vil invadere, og då går tankane til filmen Red Dawn (1984).
Aliens-referansen: Paul Reiser
Så skjer det… Ein fantastisk 80-talsfavoritt dukkar opp: Paul Reiser! Ei legende, som tek over stafettpinnen etter Matthew Modine og blir den nye sjefen for Hawkins Laboratorium. Han heiter Sam Owens, og automatisk blir eg skeptisk til motiva hans. For alle som har sett Aliens, veit at Burke ikkje er til å stole på! (spelte òg i Beverly Hills Cop og Diner.) Paul Reiser skal eg kome tilbake til.

Mykje godt skjer i dei fire-fem første episodane. Endeleg får vi meir John Hughes high school-scener, med klassiske tenåringsproblem og drama. Goonies-gjengen er tilbake på skulen. Eleven har forsvunne, trur dei. Ho blir halden i skjul av Jim Hopper i ei hytte i skogen (Evil Dead-style), der Jim har laga tre reglar som El må følgje. Eg likar desse scenene; dette far/dotter-bandet som Jim og El får. Jim mista dottera si, lærte vi i førre sesong, og El er foreldrelaus, so dette er eit rørande biplott. Ho er tenåring og vanskeleg, han er hard og redd for henne. Dei kranglar mykje, men her er òg kjærleik.
Skuggen over Hawkins
Alt ser veldig «happy» ut, men ein fare heng i lufta. Will går til psykolog og slit med store traume. Han er overbeskytta med god grunn, men byrda han må bere – som Frodo i LOTR – er for tung å bere åleine, for han er lett påvarkeleg fordi han har mørket i seg etter opplevinga i Oppsida-ned. Noko evil er ute etter han; ein svær edderkoppskugge forfølgjer han, og han hoppar mellom røyndommen og Oppsida-ned som om han kikar i ein Palantír. Han blir sårbar og mottakeleg for den fæle «Mind Flayer», som til slutt klarer å besette Will.

Rundt Hawkins klagar bøndene på at avlinga sviktar.
Graskara er svarte og illeluktande, og svarte fluger flyr rundt dei. Dette mysteriet minner meg om The Curse frå 1987, regissert av David Keith (Firestarter), med Wil Wheaton (Stand By Me) i hovudrolla. Filmen har like trekk og er basert på Lovecraft-boka The Colour Out of Space.

Jim Hopper undersøkjer gardane og oppdagar at dei dannar sirklar med laboratoriet i midten. Samstundes får Will teiknedilla og teiknar besett, medan Joyce nok ein gong hysterisk prøver å setje saman bitane. «The Rift» utvidar seg og lagar kanalar under heile Hawkins. Eg elskar denne delen. I første sesong var det ein annan dimensjon; no har dimensjonen blitt som kreft eller virus som et seg gjennom jorda like under heile byen. Diggar når Bob «The Brain» knekkjer koden!
Tenåringsdrama og den svake episoden
Meanwhile in Hawkins, skjer det ting på kjærleiksfronten: Lucas og Dustin forelskar seg i Max, men Dustin blir for oppteken med sitt nye kjæledyr, ein liten «Gremalien». Steve og Nancy kranglar: Ho slår opp i fylla, og Jonathan tek over. Eg synest synd på Steve; han veks på meg. Billy utfordrar Steve som skulens nye konge. Nancy har ikkje gløymt Barb, og det er bra! El besøkjer Mike kvar dag gjennom telepati, utan at Mike veit det – dei saknar kvarandre. Denne John Hughes-biten fungerer så bra at eg iblant ønskjer meg ein rein dramaserie.

Dramaet veks. Jim Hopper blir fanga i tunellane under jorda når han grev seg gjennom. Samstundes oppdagar El at mora hennar lever, og reiser frå Hawkins for å finne ut av bakgrunnen sin. Ho lærer at ho var utsett for medisinsk forsking, der Modine pumpa mora full av LSD og psykedeliske stoff for å skape krefter – slik som i Firestarter. Via mora lærer ho at ho har ei søster, og det leier til seriens svakaste episode.
Episode 7.
Ein heil episode blir dedikert til Eleven som leitar etter søstera si, ho frå opninga av første episode: Kali (008). Sjølve episoden er ikkje keisam, men kjennest veldig unødvendig. Vi følgjer Eleven til Chicago der ho treffer Kali (Kali Ma?), som har illusjonskrefter. Ho vil ha med Eleven på laget sitt av «misfits», men dei er delvis onde og ute etter hemn. Dei vil drepe, og Kali vil få Eleven til å utføre sitt første drap (på ein knall, men gløymd skodespelar: Pruitt Taylor Vince). Her er det Star Wars som gjer sin framtreden:
Etter ei lita Yoda-scene der Kali lærer El å bruke «The Force» til å trekkje ei togvogn, snur det seg til at Kali vil ha henne over til «The Dark Side». Kali og gjengen køyrer rundt i ein van – eg var inne på Point Break, men tankane går òg til Near Dark, ein vampyrfilm av Kathryn Bigelow. Episode 7 har nokre kule ting, men han bryt med spenningsoppbygginga frå alt som skjer i Hawkins på same tid, så eg skulle helst vore forutan denne episoden. Det med mora var greitt, men å flytte handlinga til Chicago i eit «Gotham-aktig» landskap blei litt for mykje.
Hyllesten til Aliens
Sesong 2 har mykje Aliens i seg! Dialog som «Stay frosty»… Det er så saftig digg. Den som hugsar lyden av «motion tracker»-dingsen i Aliens, vil umiddelbart kjenne att lyden her, spesielt inne på laboratoriet.

Paul Reiser åleine er ein Aliens-hyllest, men Duffers har ein plan: Dei gjenskapar Aliens i dei siste episodane. Dr. Owens prøver å redde Will inne på laboratoriet, i lag med Bob, Jim og Joyce. Monsteret gir signal til sine «aliens» (Demodogs) om at dei må kome til bygget der alle er samla, for Will er besett og monsteret ser alt Will ser. Alle blir fanga i bygget når monsterskaren kjem – dette er Aliens. Og Dr. Owens (Paul Reiser) gjer noko uventa: Han hjelper venene våre i staden for å stikke av i frykt og egoisme, som Burke gjorde i Aliens. The Duffers forløyser, eller frelser, Dr. Owens, og rettar opp Paul Reiser sitt forræderi frå 80-talet. Brørne går motsett veg. I siste episode sit Reiser på ein diner der han har fiksa adopsjonspapir til Jim, slik at han kan bli far til Eleven. På ein Diner!!!
Tre klimaks på same tid
Så skjer det ting! Eleven sansar fare i Hawkins og seier farvel til Kali (ho kjem nok i sesong 5).
Først: Will sin eksorsisme – Joyce vil få monsteret ut av Will.
Så: El og Jim skal lukke porten til helvete.
Medan: Goonies-gjengen vil avleie monsterhundane så Eleven får lukka porten i fred.
Her skjer det mykje på ein gong. Eg likar dette. Ikkje fantastisk, men meir enn bra nok.
Det kjem eit miniklimaks, og det er mitt favorittklimaks hittil: Billy har blitt mishandla av faren for å ha neglisjert Max (som har stukke av). Billy stikk innom foreldra til Mike og Nancy, der mora opnar døra (Mrs. Robinson-vibbar!), og han flørtar med mora så ho smeltar av «sexynessen» hans. Så finn han Max, som heng med Goonies-gjengen i Byers-huset, og Steve går ut for å møte han. Dette er klimaks!
Dei to «kongane» skal slåst, og slåst gjer dei. Steve er ein modig kar, for Billy er ein vektløftar. Billy er sekundet frå å slå til Lucas, men Steve steppar inn som ein riddar. Problemet er at Billy taklar smerte etter å ha blitt utsett for vald frå faren heile livet; han nyt kvart eit slag. Steve er i trøbbel og blir nesten slått i hel – inntil Max set ei sprøyte i nakken på Billy og bedøver han. Elskar dette klimakset; eit ekte Three O’Clock High-augneblink!

Ein ting må seiast: Serien blir avslutta meisterleg. Vi får ein «John Hughes high school»-dans, der Dustin, Lucas og Mike har fått på seg finstasen. Steve køyrde Dustin til skulen og har teke han under vengja si! Nydelege scener der Lucas og Max, Mike og Eleven, Nancy og Dustin dansar, og alle smiler og ler.
Så: Kamera går ut av skulen, ut til parkeringsplassen, snur seg opp-ned og går under bakken. Vi ser skulen på «Oppsida-ned», og over skulen står «The Mind Flayer» – det store, svære skuggemonsteret – og stirer på dei som kosar seg. Dette er ei avslutning ein hugsar heile livet. Eg gledde meg til dette augneblinket endåtil før sesong 1 var ferdig. KNALL!

Konklusjon
Igjen er det det store hjartet til serien som triumferer. Eg elskar karakterane! Eleven som blir teken vare på av Jim, og kjærleiken mellom henne og Mike (sjølv om dei ikkje møtest før slutten). Forholda mellom dei andre karakterane, slik som Joyce og Bob «The Brain» – det er så nydeleg og så bra skrive. Å kome med nye karakterar som eg fell pladask for med ein gong, er ikkje enkelt, men Max og Billy er så velskrivne. Og omtanken til Paul Reiser – dette er rein kjærleik frå Duffers, som bryr seg maks om universet dei har skapt.

Eg kunne ha skrive uendeleg om sesong 2; han er knall. Episode 7 trekkjer ned, og hovudklimakset er ikkje heilt på topp, men aller siste scene er så fantastisk at eg endar på ein sterk femmar. Sesong to er faktisk betre enn sesong éin, så eg legg ein pluss framfor.
Terningkast: 5+

Filmreferansar eg spotta
Close Encounters of the Third Kind (1977): Will opnar døra, og kraftig lys kjem i kontrast til der han står i døråpninga.
Gremlins (1984): Dustin adopterer eit lite monster og gir det mat. Det skiftar ham etter kvart og veks. Når han viser skapningen til læraren Mr. Clarke, blir ord som «Cute» og «Neat» brukte – klassisk!. Sean Astin minner meg om pappaen i Gremlins; oppfinnaren og familiemannen.
Red Dawn (1984): «Russians in Hawkins!»
Poltergeist (1982): El reiser telepatisk framfor TV-en, på ein kanal med snø.
Indy 2 – Ein av mine favorittar
Indiana Jones and the Temple of Doom (1984): Jonathan og Nancy overnattar hos Bauman. Dei søv på kvart sitt rom, men sit og snakkar høgt på kvar si side av veggen om kva den andre sa, og kvifor ikkje den andre tek det første steget (akkurat som Indy og Willie). Også namnet Kali (søstera til Eleven). Og når Max køyrer bil, har ho sko med klossar på pedalane, slik Short Round brukte i biljakta.
Jurassic Park (1993): Goonies-gjengen er på søppelplassen for å lokke fram eit monster. Steve går ut av bussen som agn, men så kjem det fleire. Dei lurte han og jobbar saman («Clever girl!»), slik velociraptorane gjorde.
The Exorcist (1973): Will blir besett og må gjennom ein eksorsisme (varme i staden for heilagt vatn).
The Empire Strikes Back (1980): «The Force», Yoda-læring med El og Kali, og «Join us» (Darth Vader-tematikk).
The Curse / The Farm (1987): Gardane rundt Hawkins får roten jord og svarte graskar.
St. Elmo’s Fire (1985) / Three O’Clock High (1987): Karakteren Billy er skremmande lik Billy i St. Elmo’s Fire og Buddy Revell i Three O’Clock High.
Near Dark (1987) / Point Break (1991): Bilen til pønkarane og Kali. Og ranet med maskene.
Andre: Det er Halloween i opninga, og vi får servert Ghostbusters-drakter og musikk. Ein gjeng utkledd som Jason og Michael Myers dukkar òg opp.
Kåringar
- Mest trist: Bob, som eg blei skikkeleg glad i. Han blir drepen på ein veldig skrekkeleg måte, men med glimt i auget – som om Sean Astin bad om det sjølv.
- Mest tragisk: Will igjen. Denne guten må gå gjennom eit helvete, gong på gong. No blir han besett, og før det leid han av PTSD. Når dei skadar monsteret, føler Will smerta. Guten treng pleie i sesong 3!
- Beste needledrop: Billie Holiday – «No More», Cyndi Lauper – «Time After Time», Scorpions – «Rock You Like a Hurricane».
- Artigaste venskap: Steve og Dustin. Dette er klassisk Hughes der to usannsynlege typar blir vener (The Breakfast Club); skulens konge tek skulens største nerd under vengjene og gir han råd om hår og damer.
- Beste filmreferanse: Temple of Doom. Jonathan og Nancy blir eit par på same måte som Indy og Willie.
- Beste musikkreferanse: John Carpenter’s Escape from New York: «The Duke Arrives / Barricade» (Dixon og Stein sin hyllest).
