Ein poster av skrekkfilmen Hereditary av regissør Ari Aster frå 2018.

Hereditary (2018) anmeldelse: Tåler filmen eit gjensyn?

Dette er eit gjensyn med skrekkfilmen Hereditary (2018). Ari Aster sin debutfilm har 7,3 på IMDb, 90 % på «råtne tomatar», 3,9 på Letterboxd og heile 87 % på Metacritic. Filmen er altså hylla nok til at Aster burde vere kry. Då eg såg filmen tilbake i 2023, var eg både skremd og veldig imponert, og ikkje minst glad for at filmverda hadde fått seg eit nytt, lovande skrekktalent. Men var gjensynet like bra?

Først og fremst: Toni Collette er god, og Gabriel Byrne, Milly Shapiro og Alex Wolff er gode nok. Det stille, rolege tempoet i kameraføringa er elskverdig saman med filmfotoet (kanskje litt kjedeleg). Likevel merka eg at noko var gale. Eg naut ikkje filmen denne gongen, slik som første gongen. Samt sleit eg med siste akt, slik eg gjorde med siste akt av Midsommar.

Ari Aster sin akilleshæl: Tåler filmane hans eit gjensyn?

Så kva gjekk gale? Eg veit: gjensynet. Ari Aster sin akilleshæl er at filmane hans er ekstremt lite gjensynsbare! I fjor såg eg Midsommar på nytt, og eg sleit meg gjennom han. Første gongen såg eg han med gamle filmvenner. Det var ein stor suksess. Men gjensynet, det var ei katastrofe. Hereditary er inga katastrofe. Av alle Ari-filmane er denne mest eigna til gjensyn – men berre så vidt det held. Så eg angra faktisk. To filmar som gav meg eit fantastisk førsteinntrykk, blir kraftig reduserte til «meh» ved gjensyn. Det er Ari Aster sin akilleshæl.

Beau Is Afraid og Eddington er to filmar eg med sikkerheit veit at eg aldri kjem til å sjå igjen – eg burde ha sansa det etter at eg såg dei.

Frå saftig biff til seig og blytung kunstskrekk

Ari Aster sine filmar er så ufatteleg seriøse og tunge. Hereditary og Midsommar er ein saftig biff første gongen. Den andre gongen er dei ein oversteikt, seig og oppigjensteikt biff som er hard å tygge og svelgje. Det er ekstremt tunge tema her. Ein dysfunksjonell familie. Ei bestemor som døyr, men ingen kommunikasjon. Endå eit dødsfall, på ein grusam måte, med scener av tung fortviling like etter.

Dette er ikkje underhaldningsskrekk. Her er det 0 % humor. Det er tydeleg at det Ari satsar på, er kunstskrekk. Høgare skrekk om eg skal oversette «elevated horror«. «I never wanted to be your mother,» seier mora til sonen. Ho ville ta abort – seier ho til sonen, i ein draum. Ja, dette er tunge saker. Eg blei heller ikkje skremd denne runden.

Både Midsommar og Hereditary var terminal-pila opp under første sjåing. Kva skal eg då gjere? Eg har sett han, så det er for seint. Anten så såg eg tydelegare denne runden, eller så er det berre Aster som ikkje eignar seg til å oppsøkje igjen. Eg er ingen fan av såkalla «elevated horror» Men eg har ikkje noko val. Eg gir midt på. Ser eg han endå ein gong, vil pila peike ned. Jo meir eg tenkjer på Midsommar, Hereditary, og The Witch (2015) for den slags skuld, jo meir eg mislikar dei. Nei, no må eg stoppe!

Terminal-pila: ▶

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *