Anthony Hopkins i filmen Silence of the Lambs

Spooktober: Dei 25 beste skurkane i skrekkfilm (Del 1)

I heile oktober køyrer vi i Filmloftet på med «Spooktober»! Kva er vel betre enn å dykke ned i mørkret og kåre dei 25 beste skurkane i skrekkfilm?

Dette blir ei tøff kåring. Eg har faktisk aldri sett meg ned og grubla skikkeleg på kven som er mine absolutte favorittar når det kjem til skrekkkarakterar i grøssarar! Det må vurderast ut frå ein litt annleis standard – så eg kjem ikkje til å inkludere Jason, Freddy, Myers, Pinhead og kompani. Her skal det handle om dei reine karakterane, der skodespelaren tyder mykje. Sjølvsagt kunne eg ha inkludert Robert Englund sin Freddy, men det blir urettferdig for Jason og Michael! Nei, no held eg meg til dei utan tjukk make-up og masker på denne lista, og så lagar eg ei eiga kåring for monsterskurkar seinare.

Eg startar på 25 og jobbar meg nedover!

Dei herlege galningane frå VHS-hylla (Plass 25–16)

25. Ekteparet Laemle – Randy Quaid og Mary Beth Hurt (Parents, 1989)

Eg såg filmen for nokre dagar sidan. Randy Quaid og Mary Beth Hurt spelar her dei to mest sinnssjuke galningane eg har sett i år, og måten dei gjer det på er FANTASTISK!

I’ve been watching you, Michael. You’re an outsider, you’re not like them. You’re like us.

Randy Quaid og Mary Beth Hurt lagar middag med kjøtt på menyen i skrekkfilmen Parents (1989)
Parents (1989)

24. Stewart Swinton – James Spader (Wolf, 1994)

James Spader skulle ha fått Oscar for sine prestasjonar, anten som bølle på ungdomsskulen, eller som her: ein grådig og falsk jævel med store ambisjonar. Ingen klarar å spele ein slange betre enn Spader!

If you find me so attractive, how about me fucking you to death right now darling, how would that be?

James Spader som skurk i filmen Wolf frå 1994.
Wolf (1994)

23. Warlock – Julian Sands (Warlock, 1989)

Julian Sands som heksetrollmann er verdt filmen åleine! Filmen Warlock er ei perle frå slutten av åttitalet, og Julian Sands spelar med stor sjølvtillit og nesten ironisk, som om han veit kva type film han spelar i: ein tøysete skrekkfilm!

Rentum, Osculum, Tormentum: a decade twice over a day.

Julian Sands spelar heksetrollmann i filmen Warlock frå 1989.
Warlock (1989)

22. Carter J. Burke – Paul Reiser (Aliens, 1986)

Paul Reiser spelar knall som ein skurk med corporate greed, som opererer i det skjulte og saman med selskapet sitt er verre enn sjølve alienane. Burke har alltid vore ein stor favoritt, og Paul Reiser kan ikkje bli hylla nok for arbeidet sitt i Aliens!

Ripley…! You know, I… I expected more from you. I thought you’d be smarter than this.

Paul Reiser som skurken Burke, i Aliens.
Aliens (1986)

21. Dr. Phillip K. Decker – David Cronenberg (Nightbreed, 1990)

I Nightbreed er det mange monster, men ingen er større monster enn den usminka, galne psykologen Decker, overtydande spelt av skrekkmeister Cronenberg sjølv!

Miss Winston, EVERYBODY has a secret face!

David Cronenberg som gal psykolog i Clive Barkers Nightbreed.
Nightbreed (1990)

20. Dr. Werner Klopek – Henry Gibson (The Burbs, 1989)

Berre namnet i seg sjølv er eit stort, raudt flagg om naboen din heiter dette! Henry Gibson hugsar vi frå Altman-filmen Nashville, og kanskje aller mest som nynazisten i The Blues Brothers. Men som Klopek er han i sitt ess! The Burbs er ein tidlaus komedieskrekk-klassikar!

I let you keep the femur, but now, now I want my skull.

Henry Gibson som naboen Klopek i Joe Dantes The Burbs.
The Burbs (1989)

19. Gabriel – Christopher Walken (The Prophecy, 1995)

The Prophecy er ein av nittitalets solide filmseriar. Grunnen til at eg diggar den er AT CHRISTOPHER WALKEN FÅR SLÅ SEG LAUS, som dødsengelen Gabriel. Her sit han på huk oppe på tak med lang frakk og er ganske så ikonisk!

I’m an angel. I kill firstborns while their mamas watch.

Christopher Walken som engelen Gabriel i The Prophecy.
The Prophecy (1995)

18. Severen – Bill Paxton (Near Dark, 1987)

Bill Paxton får dele denne plassen med Lance Henriksen og Jenette Goldstein, for saman er dei KNALL som vampyrar i ein av åttitalets beste vampyrfilmar, Near Dark. Dei er sadistisk morosame! Filmen er kjend for å ta med seg halve castingen frå Aliens – rå skrekkfilm!

Howdy. I’m gonna separate your head from your shoulders. Hope you don’t mind none.

Bill Paxton, Lance Henriksen og Jenette Goldstein som onde vampyrar i filmen Near Dark.
Near Dark (1987)

17. Captain Rhodes – Joseph Pilato (Day of the Dead, 1985)

Day of the Dead er ein ekte zombieklassikar, og som George A. Romero nok ein gong demonstrerer: menneska er verst! Joseph Pilato vil alltid vere ein av 80-talets største skurkar!

Choke on «em!

Kaptein Rhodes siste time spelt av Joseph Pilato frå filmen Day of the Dead.
Day of The Dead (1985)

16. Jerry “Stepfather” Blake – Terry O’Quinn (The Stepfather, 1987)

Ein favoritt frå barndommen min, som eg tok eit gjensyn med no i seinare tid og kan stadfeste at er like bra som alltid. Mykje fordi Terry O’Quinn spelar ein ikonisk skurk så bra som det berre var mogleg på åttitalet.

All we need is a little order around here.

Terry O’Quinn som den onde stefar i skrekkfilmen The Stepfather.
The Stepfather (1987)

Ikoniske psykopatar og krypande fare (Plass 15–6)

15. Hughie Warriner – Billy Zane (Dead Calm, 1989)

Dead Calm var filmen som introduserte meg for både Billy Zane og Nicole Kidman. Filmen var reint gull då den kom, og i åra etter. Billy Zane er ein undervurdert skodespelar som her spelar psykopat like godt som dei andre på lista!

You sound so much like them, Rae, it’s scary!

Billy Zane som ein formidabel skurk frå filmen Dead Calm.
Dead Calm (1989)

14. Man & Woman – Wendie Robie og Everett McGill (The People Under the Stairs, 1991)

Eg såg The People Under The Stairs nettopp – og måtte skrive dei rett inn på lista. To meir galne og herlege skurkar skal ein leite lenge etter. Og utruleg artig at dei to spelte i lag her etter å ha spelt i Twin Peaks som Ed og Nadine – tidenes par på TV.

How dare he come into our happy home!

Everett McGill og Wendy Robie som to fantastiske skurkar i Wes Cravens The People under The Stairs.
The People Under the Stairs (1991)

13. Greg Stillson – Martin Sheen (The Dead Zone, 1983)

Eg kan ikkje få sagt kor god Martin Sheen er på så kort skriveplass. Men som senatorkandidat i filmen The Dead Zone er han ein av åttitalets mest minneverdige skurkar. Filmen har eit klimaks som har etsa seg fast i netthinna for evig tid.

I have had a vision that I am going to be President of the United States someday, and I have accepted that responsibility.

Martin Sheen blir senator i David Cronenberg skrekkfilmen The Dead Zone.
The Dead Zone (1983)

12. Sutter Cane – Jürgen Prochnow (In the Mouth of Madness, 1994)

“Who you gonna call?” når du treng ein skikkeleg skurk? Prochnow, sjølvsagt! Denne tyske skodespelaren er ein ekspert i å utstråle fare og levere karakterar ein seint vil gløyme!

I think, therefore you are.

Jürgen Prochnow som Sutter Cane i John Carpenters In the Mouth of Madness.
In The Mouth Of Madness (1994)

11. Christine «Chris» Hargensen – Nancy Allen (Carrie, 1976)

Nancy Allen spelar her den verste tenårings-mobbarkjøyså eg har sett! Ho er katalysatoren for at det går så ille som det gjekk i denne filmen, og ho er tvers gjennom OND! Elskar denne skurken!

Oh. Oh, Billy. I hate Carrie White.

Nancy Allen sitter i bilen med John Travolta og pønsker ut noko vondt frå filmen Carrie.
Carrie (1976)

10. Jerry Dandridge – Chris Sarandon (Fright Night, 1985)

Eplespisande Sarandon som den nest mest ikoniske vampyren på åttitalet. Eg er storfan, og har vore det sidan eg såg Fright Night på VHS.

Welcome to… Fright… Night! For real.

Chris Sarandon som den skumle vampyrnaboen i skrekkfilmen Fright Night.
Fright Night (1985)

9. Darryl Revok – Michael Ironside (Scanners, 1981)

Scanners har ei av skrekkhistorias mest sjokkerande scener: Når Ironside sprengjer hovudet til ein som held foredrag! Denne David Cronenberg-filmen har bergteke meg i alle år, men filmen hadde aldri fungert så bra utan åttitalets beste vonding: Michael Ironside.

I’m gonna suck your brain dry!

Michael Ironside som sjefsskurk i Cronenbergs Scanners.
Scanners (1981)

8. Kane – Julian Beck (Poltergeist II: The Other Side, 1986)

“God is in his holy temple, earthly thoughts be silent now” – Om ein eldre herremann kjem gåande ned gata di og syng på denne songen, så SPRING! Julian Beck er eit unikum – han verkar ikkje å spele i det heile teke. Poltergeist II er knall!

Are you lost, sweetheart? Are you «fraid, honey? Well then, why don’t you come with me?

Julian Beck som den nifse Kane frå Poltergeist II.
Poltergeist II (1986)

7. Annie Wilkes – Kathy Bates (Misery, 1990)

Eg er hennar cock-a-doody NUMBER ONE FAN! Kathy Bates spelar så knallbra her at ho burde nesten vere på førsteplass!

The swearing, Paul. There, I said it.

Kathy Bates som Annie Wilkes i skrekkfilmen Misery frå 1990.
Misery (1990)

6. John Ryder – Rutger Hauer (The Hitcher, 1986)

Når vi snakkar om vondskap: Ei scene der Rutger sit i ein bil med ein familie, og småbarn dukkar fram bak nokre bamsar og smiler til C. Thomas Howell – som forstår at alle i bilen er dødsdømde. Eg elskar denne filmen frå start til slutt, fordi Hauer er så steike god!

I want you to stop me.

Rutger Hauer som den psykopatiske haikeren Ryder i The Hitcher.
The Hitcher (1986)

Topp 5: Kven sit på videosjappe-trona?

5. Max Cady – Robert De Niro (Cape Fear, 1991)

Robert De Niro si siste ikoniske knallrolle var i Cape Fear. Her spelar han så bra at eg trur dette er min favorittprestasjon av han. Sjå fysikken og faren han strålar ut: 100% truverdig.

I ain’t no white trash piece of shit. I’m better than you all! I can out-learn you. I can out-read you. I can out-think you. And I can out-philosophize you. And I’m gonna outlast you.

Robert De Niro som Max Cady på veg ut av fengselet, frå filmen Cape Fear.
Cape Fear (1991)

4. David – Kiefer Sutherland (The Lost Boys, 1987)

Ein personleg favoritt kanskje mange er usamde i, men Kiefer Sutherland har ei utstråling og skummel karisma på denne tida som eg framleis kjenner varmen av!

What, you don’t like rice? Tell me Michael, how could a billion Chinese people be wrong?

Kiefer Sutherland  som David frå skrekkperla The Lost Boys.
The Lost Boys (1987)

3. Jack Torrance – Jack Nicholson (The Shining, 1980)

“Here’s Johnny!” Eit tiår eller to tilbake, og Jack hadde teke førsteplassen! Eg reknar med fleire har den gale vaktmeisteren som sin definitive nummer ein, og det er vel fortent!

Wendy? Darling? Light, of my life. I’m not gonna hurt ya.

Jack Nicholson som vaktmesteren "Jack" i skrekkfilmen The Shining.
The Shining (1980)

2. The Terminator – Arnold Schwarzenegger (The Terminator, 1984)

Eg vender tilbake til The Terminator kvart år fordi eg synest det er ein av verdas beste filmar. Ein av hovudgrunnane er Arnold som T-800. Eg såg filmen i 1985 og var redd i fleire veker etter, for filmen er skrekk mykje meir enn action. Med lite dialog og berre sitt brutale nærvær, er Schwarzenegger her ein av tidenes beste skurkar – det er til å gape av!

I’m a friend of Sarah Connor. I was told she was here. Could I see her please?

Arnold Schwarzenegger som T-800 med lasersikte-pistol i filmen The Terminator.
The Terminator (1984)

1. Norman Bates – Anthony Perkins (Psycho, 1960)

Utan tvil. Anthony Perkins leverer ein rolleprestasjon i 1960 som er forut for si tid. Han spelar med ei idiosynkratisk presisjon, og like mykje som Hitchcock er ein meister, er Perkins ein like stor meister. Norman Bates er den beste skrekkkarakteren i filmhistoria, rett og slett. Og Psycho II og III (den tredje regisserte han sjølv) er gode på sine måtar, men mest fordi Perkins er SÅ FANTASTISK GOD som Norman Bates.

Oh, we have 12 vacancies. 12 cabins, 12 vacancies.

Anthony Perkins som den beste skurk, Norman Bates,  i skrekkfilmen Psycho.
Psycho (1960)

Boblarane: Dei som ikkje passa VHS-kriteriet (men som vi elskar!)

Sjølv om denne kåringa handlar om nostalgi, er det nokre beinhardbarka skurkar som rett og slett var for gode til å ikkje få ein shoutout – sjølv om dei kanskje kolliderte litt med sjølve premissen for lista!

Hannibal Lecter – Anthony Hopkins (The Silence of the Lambs, 1991)

Når det kjem til skodespelar-skills og å snu opp ned på thriller/skrekk-synet vårt, var Hopkins som Lecter ei av dei største kinoopplevingane eg nokon sinne har hatt. Han hadde ikkje mykje speletid, men det føltest som han var heile filmen fordi han heng i kvart eit bilete heile vegen. Eg får aldri nok av The Silence of the Lambs – som eg meiner er skrekk! Og oppfølgjaren er også god på sin måte.

Patrick Bateman – Christian Bale (American Psycho, 2000)

Bale er så god her at eg ikkje får sagt det. Filmen er stappa med legendariske scener, og Bale kom inn i denne rolla og viste kvifor han skulle bli ein av dei nye store!!! (Gå på YouTube og sjå Huey Lewis imitere Bale i ein sketsj med Weird Al Yankovic – hysterisk morosamt!)

Yamazaki – Eihi Shiina (Audition, 1999)

Sett Audition frå Japan? Lucky you om ikkje! Shiina vil skremme ræva av deg!

The Blind Man – Stephen Lang (Don’t Breathe, 2016)

Eg trur eg aldri har opplevd ein så TRUANDE skurk i mitt liv på film. Stephen Lang har ei fysisk utstråling som gjev meg grøss ved tanken på kva denne karakteren kan gjere med ein om han får tak i deg. Likar også oppfølgjaren!

Rose The Hat – Rebecca Ferguson (Doctor Sleep, 2019)

Oppfølgjaren til The Shining har sin hatklubb, men eg er medlem av fanklubben, og Doctor Sleep veks på meg for kvar gong. Rett og slett fordi Rose The Hat er ein så knallgod karakter, og suverent spelt av Ferguson!

Harry Powell – Robert Mitchum (The Night of the Hunter, 1955)

Alt eg har å seie er: Mitchum er her SÅ ikonisk!

Jang Kyung-chul – Choi Min-sik (I Saw the Devil, 2010)

Min-sik spelar i denne sørkoreanske skrekkfilmen ein av dei vondaste karakterane eg HAR SETT. Trur faktisk eg må ta eit gjensyn ASAP!

Darcy Banker – Patrick Stewart (Green Room, 2015)

Etter eit gjensyn med Green Room var eg overtydd om at dette er ei av dei store skrekk/thriller-perlene frå 2010-talet. Mykje fordi Patrick Stewart er så satans god som nynazistleiar!!!

Dargent Peytraud – Zakes Mokae (The Serpent and the Rainbow, 1988)

Wes Craven lagar voodoofilm, og The Serpent and the Rainbow er ein av dei beste om temaet. Zakes Mokae spelar ein formidabel skrekkskurk eg alltid har digga!

Howard Howe – Michael Parks (Tusk, 2014)

Michael Parks er så fullstendig sjuk i denne sjuke filmen at eg måtte flire fleire gongar. Justin Long spelar ein av dei mest usympatiske karakterane eg har sett, men når han besøkjer Michael Parks får han smake på ei djevelsk god KARMA! Tusk er ei undervurdert lita skrekkperle!


Dette var del 1 av dei beste skurkane i grøssarar! I del 2 skal eg nominere 25 kandidatar til som beste karakterar i avdelinga: monster, masker og make-up!

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi Spooktober 2026 Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

2 Comments

  1. Den første som slo meg er Michael Rooker som Henry i Henry Portait of a serial killer. Den absolutt mest skremmende rolletolkningen jeg har sett og vil for alltid påvirke meg når jeg ser Rooker i andre roller.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *