Ein Poster av skrekkfilmen Poltergeist.

Årets Spooktober 2026: Ein månad med skrekkfilm

Oktober har kome, og årets Spooktober er i gong. Blada har falle frå trea her på øya eg bur. Vinden og regnet piskar mot vindauget og det blir mørkare og mørkare ute. Dette er mi favorittid av heile året! Det er nemleg no eg ser aller mest skrekkfilm.

Faktisk, kvar dag heile månaden. Grøssarlista mi har no 62 titlar som eg skal ha som utgangspunkt, og hittil har eg sett 10 skrekkfilmar allereie. Desse har eg registrert på loggen, for den som er nysgjerrig.

Kva skrekkfilmar står på menyen i år?

Filmane eg har valt ut er skrekk heilt tilbake til Frankenstein og The Invisible Man frå trettitalet, til moderne skrekk som Titane (2021) og The End of Oak Street (2026). Det blir gjensyn av Carpenters Prince of Darkness og The Fog på 4K. Det blir å oppdage perler frå det kjære åtti- og syttitalet, men òg oppover mot nitti-, 2000-talet og heilt til i år. For eg diggar skrekk frå alle tiår, også dei heilt nye. Så i år blir det ein god miks av gamle kjære filmar og usette klassikarar som eg burde ha sett for lengst.

Med andre ord blir det eit stort fokus på skrekk her på bloggen heilt fram til Halloween. Ator skal skrive litt om skrekkfilmar. Det blir lister og anna grøssnadder.

Ein filmposter med bilde av Jamie Lee Curtis frå John Carpenters The Fog (1980)
The Fog skal sjåast på 4K!

Thrillerskrekk og klassikarar i samlinga

Skrekkfilmane eg ser skikkeleg fram til er som følgjer: What Ever Happened to Baby Jane? (1962). Denne har eg fysisk i samlinga. Ein anerkjend skrekkfilm om to søstrer spelt av Bette Davis og Joan Crawford. Targets (1968) av Peter Bogdanovich om ein psykopat med ei rifle er ein annan eg ser fram til, og Seconds av John Frankenheimer frå 1966 om ein mann som skapar seg ein ny identitet. Dette høyrest kanskje meir ut som thriller enn skrekk, men la oss kalle det thrillerskrekk enn så lenge!

The Crazies av George A. Romero skal sjåast! Ein virus-type film frå tidleg syttital som eg endå ikkje har sett, men eig fysisk. Phantom of the Paradise av Brian De Palma skal eg prøve å få sett. Og Clean, Shaven frå 1993 om ein ung, schizofren mann.

Asiatisk grøss og jakta på åttitalet

Ikkje minst blir det litt frå Asia: A Tale of Two Sisters (2003) frå Sør-Korea, og Suicide Club frå Japan. Ja, eg prøver meg på stor variasjon berre for å få sett forhåpentlegvis kvalitet frå andre stader i verda, og for å gjere det litt meir spennande for meg sjølv.

Mest av alt prøver eg å få skvist mest mogleg inn frå åttitalet og alle skrekkfilmane eg gjekk glipp av frå videosjappedagane. Det er her som sagt eg hovudutdannar meg, og dette er retninga bloggen skal ta! Det er så mykje forskjellig og så mange subsjangrar, at berre å få sett alt frå åttitalet er eit livsprosjekt i seg sjølv. Så eg nyttar litt bøker og listetoppar for å sikte meg inn på titlar.

Har du eit filmtips til meg?

Dette er berre ei kjapp oppdatering på kvar haudet mitt oppheld seg akkurat no – nemleg i skrekkfilmen si verd. Og no i oktober har eg lyst å tømme alle tankar ned i bloggen om sjangeren. Det er noko med skrekk som er heilt annleis enn dei andre sjangrane. Kanskje fordi det handlar om noko heilt garantert: døden.

Om nokon vil slenge filmtips til skrekkfilmar i kommentarfeltet av filmar eg berre MÅ sjekke ut av den sjeldnare sorten, set eg enormt pris på det. Som Geena Davis sa i The Fly : Be Afraid. Be Very Afraid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *