Dead Man’s Wire (2025): Anmeldelse
Gus Van Sants siste, Dead Man’s Wire (2025), er ein av dei beste frå filmåret 2026 her til lands. Filmen kom akkurat i rett tid etter at eg har sett ein serie med skuffelsar som senka forhåpningane mine for filmåret betrakteleg. Dette er ingen Oscar-kandidat, men ein rein og god underhaldningsfilm av ein regissør med mykje erfaring.
Dødmannsvaieren rundt halsen
Filmen er basert på ei sann forteljing frå syttitalet der Tony Kiritsis (spelt av Bill Skarsgård) kidnappar ein rikmannsson, Richard Hall (spelt av Dacre Montgomery), fordi far hans, M.L. Hall (spelt av Al Pacino), lurte Tony i ein forretningsavtale som kunne ha gjort kidnapparen rik. Dødmannsvaieren er då strengen som Tony bind rundt halsen på gisselet og festar til avtrekkaren på pumpehagla!
Eg synest filmen var morosam, og det er tydeleg at det er meininga. Bill Skarsgård overspelar til dei grader – tenk Johnny Depp i Fear and Loathing in Las Vegas – og med ein tone av John Huston i stemma si, leverer Skarsgård ei morosam rolletolkning. Denne prestasjonen i forteljinga er avhengig av at ein kjøper overspelinga til Skarsgård. Mislikar ein den, har filmen tapt. Eg synest det var skikkeleg moro, men ikkje Oscar-verdig.

Dacre Montgomery Frå Stranger THings
Det beste skodespelet tilhøyrer ikkje Bill Skarsgård, men Dacre Montgomery som gisselet. Eg blei stor fan av Montgomery i Stranger Things, der han spelte Billy Hargrove som om han var Rob Lowe. Her i Dead Man’s Wire leverer han eit veldig godt skodespel, som om livet hans heng i ein tynn tråd – noko karakteren hans sitt faktisk gjer. Dei beste scenene er det nervøse samspelet mellom den galne Tony og Richard. Eg håpar å få sjå meir av Dacre i framtida!
Cary Elwes spelar ugjenkjenneleg her som politidetektiv. Han har ei fast replikk, «what a shitshow», og eit shitshow er det! Det var kjekt å lese om hendinga ETTER filmen på Wikipedia. Så har vi radioverten Fred Temple, som er spelt av den alltid knallgode Colman Domingo. Ein skodespelar eg aldri har sett i ei dårleg rolle uansett kvalitet på filmane og seriane han spelar i. Vi får korte scener med ei groovy stemme og smooth musikk som passar filmen bra – akkurat sånn som radioverten i The Warriors!
Al Pacino har ikkje mykje speletid, men det er kjekt å sjå han som ein grådig forretningsmann og far til gisselet. Det er artig å sjå Richard gruble over sjansane sine i hendene på denne galningen Tony. Når eitt av krava til Tony er at faren skal seie unnskyld på direkten til han, kan vi sjå på ansiktet til Richard at han veit han er fortapt.
Ein erfaren regissør
Gus Van Sant er ein driven regissør og peisar filmen full av liv og røre. Eg kjeda meg ikkje eit sekund. Vi blir kasta inn i eit lite kaos med mediehus som skal få blinkskota sine, med ein miks av stillfotografi, 70-talskamera og TV-sendingar – litt i Oliver Stone si gate på nittitalet. Han fangar 70-talet veldig bra, utan å overdrive det slik mange gjer. Filmfotoet er knall.
Konklusjon
Eg blei veldig underhalden av Bill Skarsgårds frenetiske skodespel – som er rein komedie i mine auge – og saman med Dacre Montgomery har han knall kjemi. Gus Van Sant sitt narrativ rasar av garde med gisselsituasjonen og det media frenzy-et som varte i over seksti timar. Vi har sett slike gisselfilmar før, og eg synest Dead Man’s Wire er bra nok til å stå side om side med The Negotiator (1998), Inside Man (2006) og Captain Phillips (2013) i filmsamlinga.
Terminal-pila: ▲
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
