Evil Dead Burn (2026): Fransk ekstrem-skrekk eller trygg oppfølgjar?
Rykta sa at Evil Dead Burn var ein djevelsk mørk film. Regissør Sébastien Vaniček er fransk, og då er det sjølvsagt lov å håpe på fransk extreme-skrekk slik vi hugsar det frå 2000-talet. Filmen hans Vermines frå 2023, om edderkoppar, var ganske grei, så eg hadde store forhåpningar! Blei eg sjokkert av all gore og tortur her? Nei, eg hadde faktisk håpa på MEIR!
Førre kapittel, Evil Dead Rise (2023), tok oss til L.A. i ei leilegheit oppe i ei blokk, langt vekke frå skogen. Eg likte den filmen. I denne er vi tilbake til skogen, og den tradisjonelle hytta er bytt ut med eit spooky klassisk hus – men Evil Dead-viben er absolutt til stades.
Ein Haisommer-start og blodig alvor
Filmen startar sterkt à la Haisommer, der to kompisar fiskar og får noko uventa på kroken. Ting skjer raskt, og vi blir introduserte for hovudkarakterane utanfor eit diskotek. Vaniček likar kjapp klipping og mykje bevegelse – diverre litt for mykje for min smak. Ein mann kranglar med kona frå Frankrike og stikk av åleine i bilen, der han køyrer på ein deadite. Ein grusom lagnad ventar han. Så blir det gravferd, med kona og den vesle familien som hatar henne.
Spol fram, og dei kjem til huset der vi skal få servert klassisk Evil Dead-jekelskap.

Kjøt, blod og «french-extreme-light»
Her er det nokre scener eg digga, for eksempel middagsscena med familien. Vidare får vi ei ganske kreativ inne-i-ein-bil-scene kor Vaniček får briljere litt før vi endar opp tilbake i huset. Her er det masse blodig, saftig gore – som unekteleg er filmen sin største styrke. Men manuset er superenkelt, og eg blei eigentleg ikkje overraska ein einaste gong. Det er for så vidt greitt, så lenge eg får servert blod og tarmar.
Evil Dead Burn er ikkje ein snill film. Familiehunden får gjennomgå. Den stakkars bestemora i rullestol òg. Drapa er gjort på ein «french-extreme-light»-måte, og opererer absolutt på kanten. Dette er filmen sin styrke nummer to – for eg likar sjuke ting! Eg skulle berre ønske at dei hadde våga å gå utanfor kanten!
Groovy Bruce
Den som ser etter humor, må heller sjå opp att dei gamle klassikarane med den uslåelege Bruce Campbell. Evil Dead Burn følgjer tråden til dei to førre filmane, og med denne får vi no ein ganske alvorleg og blodig trilogi. Eg er glad for at dei droppa komedien her, fordi dei truleg ikkje hadde klart det uansett. Då må Ash kome att for at ting skal bli groovy igjen. Men, kjem det ein fjerde film av denne seriøse, blodige sorten, er eg ikkje særleg interessert. Med mindre dei hevar gorenivået til rein Terrifier-mayhem!
Dommen over Evil Dead Burn
Eg må innrømme at eg sat att med litt tomheit då rulleteksten kom. Noko nytt og fresh hadde gjort seg. Vaniček leikar seg til tider så mykje med Sam Raimi-stilen at det blir ein hyllest i ny og ne. Hadde han berre klart å tenke litt utanfor ABC-boksa, skulle eg ha likt filmen endå meir.
Umiddelbart er eg litt ambivalent, og det heile vippar på grensa til «midt-på-treet». Men sidan Evil Dead Burn er den mest ondskapsfulle og gory skrekkfilmen eg har sett så langt i år, gir eg den akkurat, under tvil: ei pil opp.
