Tim Curry som Pennywise i miniseria It (1990)

It (1990) og Tim Curry

I kveld har eg sett miniseria It frå 1990, like etter eg las den triste nyheita om at Tim Curry er død. Han kom inn i livet mitt for første gong då eg såg Ridley Scott sin Legend (1985), kor Curry var sminka til den argaste djevelen nokosinne framstilt på film. Eg hugsar han også godt i The Hunt for Red October med ei filmbesetning frå himmelen.

Mest av alt har eg enorme minner frå spelet Gabriel Knight: Sins of the Fathers, der stemma hans var prega av ein feit New Orleans-aksent. Eg spelte nesten kvar dag i ein heil månad med den karakteristiske stemma til Curry på øyret. The Rocky Horror Picture Show såg eg ikkje før tidleg på 2000-talet og blei ein instant klassikar! Ein av dei første songane eg lasta ned var faktisk «Sweet Transvestite», og den køyrde eg på fest jamt og trutt i mine dekadente dagar i Geiranger.

VHS cover av Stephen Kings It frå 1990
Det norske VHS-coveret!

Eit 30 år langt hopp tilbake til Derry

Men It, miniseria – den var ein gong stor! Vi leigde den på videosjappa cirka same år den blei laga, seinast 1991. Eg hugsar eg var dritredd for Pennywise, klovnen Tim Curry spelte. Vi alle var det! Og eg hugsar vi likte del 1 best, kor vi følgjer alle hovudkarakterane som barn på tidleg seksitalet.

No er det tretti år sidan eg såg It sist. Det er like lang tid i seria for karakterane når dei reiser tilbake til Derry som vaksne for å halde lovnaden sin når «it» kjem att. Så sit eg her og ser It igjen, 50 år gammal og tretti år eldre. Korleis var det å sjå miniseria igjen?

Eit reint og edrueleg TV-format

Klart, ei miniserie som no er 37 år gammal kan ikkje leve heilt opp til kva eg som 15-åring opplevde den som. Men eg likar miniserie-formatet frå denne tida, fordi det er den absolutte reinaste forma for audiovisuell oppleving. Her er ikkje overdyr CGI og moderne filmtriks. Her er det heller ei forteljing som blir fortalt ganske så økonomisk og edrueleg, med gode skodespelarar og fokus på historia – ikkje box office, tal og spektakel. Berre god, gammaldags forteljing på TV-format.

Klovnen og det gode persongalleriet

Historia gjentek seg sjølv, for også denne gongen likte eg best delen om då dei var barn. Første halvdel av tre timar gjekk ganske raskt, og eg berre kosa meg. It har nokre nedoverpeikande kurvar før det svingar seg tilbake under klimaks. Her er det òg litt rusk innimellom, men det går greitt. For eg føler null forventning, spesielt til gamle miniseriar, fordi som sagt: det er så reint, ryddig og ærleg!

Karakterene i It (1990) då dei var barn.
Del 1 med karakterane som ung – var best!

Eg digga Tim Curry som Pennywise. Ingen kjem til å slå han i den rolla. No er det kanskje meir morosamt å sjå han enn eg blir skremt – i løpet av tre timar blei eg aldri skremt – men eg blei overraska over kor lite speletid han faktisk har. Sminken er kanskje litt utdatert for eit yngre publikum, men eg digga utsjånaden, og ikkje MINST stemma til Curry. Alt han klarer å gjere med stemma si … eg er imponert.

Eit solid gjensyn med gamle heltar

Så blei eg nostalgisk av å sjå John Ritter, som eg var fan av i Blake Edwards sin Skin Deep – ein fantastisk komedie. Han døydde i 2004, kun 54 år gammal. Richard Thomas, sjefen i gjengen, er kanskje ukjend for dei fleste, men med den karakteristiske føflekken på kinnet sette han sine spor i meg her. Eg hugsar han også i Star Wars-kopien Battle Beyond the Stars og nokre TV-filmar kun eg hugsar, for eksempel Final Jeopardy frå 1985.

Annette O’Toole er ei heltinne som spelte i nokre favorittar: 48 Hrs., Cat People og Superman III. Til slutt, for å runde av skodespelarane: Richard Masur er STOR, ein ekte Filmlofthelt som skal få seg ein eigen profilartikkel slik som Ed Lauter!

Arven frå John Carpenter

Tommy Lee Wallace regisserte dette klassiske skrekkverket. Han har spelt Michael Myers, regissert Halloween III og Fright Night Part 2 – samt jobba tett på Filmloftet sin aller største helt, nemleg John Carpenter. Eg trur det er difor It er så fordømt effektiv og økonomisk; han lærte av John Carpenter.

Dommen: Eit nostalgisk farvel

Det finst sjølvsagt dei som diggar dei nye It-filmane med Bill Skarsgård som Pennywise. Joda, han gjorde ein god jobb. Men eg likar Tim Curry betre, og miniseria generelt, av den enkle grunn at denne «It» er ærleg og rein som sagt. Og eg fekk den gode nostalgi-kjensla.

Det blir nok likevel 30 år til neste gong eg ser denne miniseria. Pennywise kjem att kvart 30. år, skreiv Stephen King. Då er eg 80 – same alder som Tim Curry levde til. Eg skal ikkje sjå bort ifrå at eg tek eit gjensyn på pleieheimen, om eg er heldig. Men fyrst må eg få lese boka ein gong for alle. Ho ligg ved sidan av meg her, og ventar.

Terminal-pila: ▲

Kvil i fred, Tim Curry. Du var knall!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *