Hawk the Slayer (1980) – Rein VHS-magi!
Før Krull rocka vår fantasyverd i 1985! Før George Lucas gjorde med fantasy som han gjorde med sci-fi og gav oss Willow! Før Lord of the Rings gjorde oss til fanatiske slavar – hadde vi Hawk the Slayer (1980)!
Åttitalet: Fantasiens tidsalder!
Eg hugsar kor eg digga filmen tilbake i 1985, med sin VHS-mystikk. Alle fantasy- og barbarfilmar frå denne tida var knallgode. Det kom ein bråte med dei, filmar som: Dragonslayer, Ator: The Fighting Eagle, The Beastmaster, The Sword and the Sorcerer, Hearts and Armour, Krull, The Warrior and the Sorceress, Ladyhawke, Deathstalker og The Barbarians. Eg var stor fan av desse, like mykje som eg var av Schwarzeneggers Conan og Ridley Scotts Legend.
Men no skal eg snakke om Hawk the Slayer! Vel, kor bra var dette gjensynet etter 40 år? Det var morosamt! Filmen er skriven og produsert av Harry Robertson, som også laga musikken. Ein skikkeleg altmoglegmann!
Forteljinga: Mix Max av sverd og nonner
Hawk the Slayer tek inspirasjon frå Star Wars, Lord of the Rings, A Fistful of Dynamite og Seven Samurai – slik som dei fleste fantasyfilmar frå denne epoken. Voltan, den vonde broren til Hawk, drep faren deira og vil leggje verda i oske som ein ekte Sauron. Men før faren døyr, får Hawk eit magisk sverd!
Den vonde Voltan, med sin vonde son Drogo, stikk så til eit nonnekloster, kidnappar abbedissa og forlangar 2000 gullmyntar! Ondskapen har ingen grenser. Helten Hawk skal så redde dagen og samlar ein gjeng misfits-heltar: Gort (giganten), Crow (alvebogeskyttaren) og Baldin, ein gal dverg med stor appetitt. Saman er dei dynamitt og skal hjelpe nonnene!
Legenda Jack Palance og dei galne heltane
Voltan er spelt av ingen andre enn Jack Palance! Det er som om dei rulla Palance inn på filmsettet i eit bur, slapp fri den riv ruskande galne mannen og ropte «action»! Jack Palance er filmens høgdepunkt. Måten han lirer av seg dialogar og brølar på, er det få som kan. Han kan virke balansert og roleg i det eine sekundet, før han eksploderer i sinne. Best er det når han får soldatane sine til å le ved å gjere narr av fangane sine.
Så Voltan sin store, vonde plan var altså å kidnappe ei stakkars gammal dame. Slå den, Sauron! Han har ei svær rustning, svart skinn og ein skummel hjelm som dekker det forbrente auget hans, som gir han grusomme smerter kun ei heks klarar å dempe. Med ein grøn, magisk stein.

Heltegjengen!
Hawk the Slayer er spelt av John Terry, som har ein imponerande CV frå åttitalet. Han spelar rolla med eit lite smil og gjer eigentleg ikkje noko stort ut av seg. Eg likar betre giganten Gort, med sin svære hammar og store appetitt. Han er større enn Bud Spencer! Men alven Crow – wow! Han drep fleire fiendar enn Gimli og Legolas til saman, og på mykje kortare tid. Med bogen og hendene sine skyt han piler som om det var eit motordrive maskingevær. Steik, kor eg flira!

Videosjappesjarm og frityrluktsdom
Produksjonen er ikkje så ille. Her blir det brukt mykje røykmaskin og engelsk natur. Dei praktiske effektane med matte painting fungerer, så litt god fantasystemning fekk eg. Musikken til filmens forkjempar har eit artig driv, med fretless bass og ein orkester-disco-vibe eg ikkje klarar å beskrive.
Men altså, filmen er som eg beskriver: ganske latterleg. Dette er så dårleg at det blir bra, og det er ein bra ting! Ikkje minst osar frityrlukta rett ut frå skjermen, og eg fekk stor videosjappenostalgi. På visse dagar får ein ikkje betre underhaldning enn dette her!
Terminal-pila: ▲
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill





