Manhunter (1986): Anmeldelse
Klokka var 01:00 om natta. I staden for å sove, grev eg etter gamle fysiske filmar i mappa mi, og du dæsken fann eg Michael Mann sin thriller Manhunter (1986) på Blu-ray – ein film eg vurderte å bestille dagen før! Der kan ein sjå: lag lister! Dette var kanskje ikkje smart for døgnrytma mi, for eg visste i det sekundet eg sette han på at det kom til å bli sjåing frå start til slutt.
Dette er ein 80s-thriller der alt handlar om stil og atmosfære. Manhunter treff meg på alle punkt om kvifor eg er så glad i åttitalsfilmen: synthen, fargane, skodespelarane og ein regissør rett frå Miami Vice-glory. Dette var gjensyn nummer fire med ein gammal favoritt!

Handlinga i Manhunter
Dei fleste av oss har sett The Silence of the Lambs og dei andre filmane basert på Thomas Harris sine bøker. I Manhunter blir FBI-eksperten Will Graham kalla inn igjen på jobb når ein særs gal seriemordar brutalt myrdar familiar, både foreldra og barna. Han må få hjelp av den fengsla Hannibal Lecktor (som var nær ved å ta livet av Will tidlegare), for klokka tikkar: ein fullmåne er på veg, og det er favorittmordartida til «The Tooth Fairy» – kallenamnet til seriemordaren.
Kvifor er William Petersen heilt enorm som Will Graham?
Graham blir spelt av William Petersen, mest minneverdig frå den knallgode To Live and Die in L.A. (som passar perfekt som ei double-feature med denne!) og som Pat Garrett i Young Guns II. Han er heilt enorm her som FBI-agent. Det er noko med blikket hans, noko sympatisk. Og så snakkar han veldig roleg og behageleg – spesielt til å vere ein karakter som nesten blei drepen, og som har vore sjukmeldt på grunn av PTSD fordi jobben krev at han set seg inn i sinnet til dei verste psykopatane på planeten. Det skin gjennom at Graham har opplevd ein ting eller to, og Petersen gjer ei knalltolking!

Det einaste minuset er nokre få scener der Graham etterforskar og snakkar høgt med seg sjølv for at vi skal høyre tankane hans, medan han bannar over seriemordarens verk. Det kjennest litt negativt fordi det er så uvant i desse dagar med slike grep – men på ein måte er det noko herleg gammaldags med det òg. MEN, slike småting blir berre bagatellar, for William Petersen er så karismatisk, så balansert og så rik i tolkinga si av rolla at eg fall pladask.
Michael Mann og Dante Spinotti: den ultimate åttitalsstemninga!
Ingen lagar filmar som Michael Mann. Det er noko heilt eige, og ein stil som passar 80- og 90-talet perfekt. Med seg har han filmfotograf Dante Spinotti – ein meister som stod bak filmfotoet i storfilmar som L.A. Confidential, og andre Mann-filmar som The Insider, The Last of the Mohicans og Heat.
Her er det fargar frå åttitalets filmhimmel! Her er blått, grønt og raudt, alt ut ifrå kva stemning – som uro eller tryggheit – Michael Mann er ute etter.

Det blir bygd opp lag for lag. Eit kritisk lag er musikken, for her blir det brukt synthar gjennom heile filmen. Michel Rubini mekka «Graham’s Theme» – eit musikkstykke som eg har spelt endelaust på Spotify. Her er musikk av The Reds og diverse band; rein og pur 80s-popsynth. Eg blir heilt hypnotisert – eg føler meg heime. Det kan tenkast at slik overdriven bruk av musikk kan kome som eit sjokk på moderne augo, men ein må sjå og føle, ikkje sjå og gruble. Filmen krev at sjåaren overgir seg heilt til atmosfæra og stemninga. Elles fungerer han ikkje optimalt.
Bana Manhunter veg for moderne krimseriar som Mindhunter?
Med ei himmelsk åttitalsstemning får vi sjå Will Graham etterforske i første halvdel av filmen, gjennom metodane som blir brukte av FBI for å fange skurkar – til dømes profilering. Manhunter var langt føre si tid med å inkludere så grundig etterforsking, og bana veg for både David Finchers Se7en og serien Mindhunter med sitt fokus på kriminaltekniske metodar.
Det er spesielt éi scene der Will tenkjer hardt, «Graham’s Theme» kjem snikande inn, og agenten får eit gjennombrot i saka. Eg får frysningar kvar einaste gong!

Brian Cox som Hannibal Lecktor – og Tom Noonan som Dollarhyde!
Lecktor, ikkje Lecter? Vel, kanskje ein «o» gjorde han meir vond. Anthony Hopkins sin Lecter er den beste skurkeprestasjonen i heile thriller- og skrekksjangerens historie. Brian Cox klarar det så vidt. Han spelar han som ein ekte brite, og Cox har jo ei utstråling som passar skurken godt.
Lecktor får ikkje mykje tid i filmen – eit smart og planlagt grep, fordi Michael Mann var redd ein så sterk karakter ville bryte med resten av filmen og det regissøren ville oppnå. Om vi som ser filmen blir litt skuffa fordi Anthony Hopkins ikkje er med her, og fordi Cox berre leverer ein grei nok Lecktor, så går det heilt fint. For filmens hovudskurk er ikkje Lecktor, men DOLLARHYDE.
Er Tom Noonan som Dollarhyde på høgde med Anthony Hopkins?
Så skjer det: vi går frå etterforsking til avdukinga av seriemordaren Francis Dollarhyde. Vi følgjer han i heimen og på jobb. Han er ein høg mann med imponerande fysikk, og Tom Noonan ser så ekstremt skummel ut. Det er Noonan som slår til med eit skrekkeleg godt skodespel denne gongen. Han er filmens svar på Anthony Hopkins sin Lecter – altså heilt der oppe på hans nivå i briljant skodespel.
Vi får sjå han innleie eit uventa forhold til ei blind kvinne og kollega inne på eit framkallingsrom, spelt knallgodt av Joan Allen. Ei blind og snill kvinne som havnar i grepet til den største psykopaten frå åttitalet – det er effektivt og skremmande! Måten Tom Noonan spelar på, frå litt mild og snill til eit reint monster… Det er så steike bra!
Silence of the Lambs vs. Manhunter: Kven vinn thriller-duellen?
Eg synest The Silence of the Lambs er den beste thrilleren ever! Å veie den opp mot Manhunter blir kanskje feil, for sjølv om dei er i same univers, er Manhunter ein heilt annan type film. Silence er meir tidlaus, med Howard Shore sine meisterlege tonar saman med tidenes radarpar i Anthony Hopkins og Jodie Foster – ein film som forandra thrillersjangeren for evig tid, og som ingen film har klart å toppe sidan!
Men eg plasserer enkelt Manhunter som nummer to i denne filmserien. Den er mykje betre enn Red Dragon-remaken frå 2002 med Edward Norton som Will. Klart det er kjekt å sjå Ralph Fiennes som Dollarhyde, og filmen er slettens ikkje dårleg. Men Michael Mann sin versjon er best i mine 80s-augo!

Konklusjon: Kvifor gjev eg Manhunter toppkarakter?
Manhunter er ein film eg set på, og så forsvinn eg berre inn i ein draum. Ein knallgod og spennande draum med rike tonar av synth, fargar og stemning. Det oppstår ein slik kjemi at eg knapt klarar å beskrive det, og det er noko med Michael Mann som treff meg midt i filmhjartet. Dette er ein av dei aller beste thrillerane frå 80-talet, og det skal bli mange gjensyn vidare. Eg gir toppkarakter!
Terminal-pila: ◀◁
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill


