Titanic (1997) – mitt hjarta går vidare
Det er minst 15, kanskje 20 år sidan eg såg Titanic sist. Eg har lest litt om sjølve skipet siste tida, noko som trigga ein rewatch. Neste år blir filmen 30 år gammal, så det var kanskje på tide.
Ei fortent plass mellom dei beste
Proklamasjon!: Det er synd at Titanic ikkje er på IMDB top 250, fordi han fortener det meir enn Shawshank Redemption. Dette er både folkets film, og alle cinefilar og filmnerdar sin film. I mitt liv var kanskje Titanic den største hendinga, på godt og vondt. Den som hugsar, hugsar.
James Cameron leverer eit verk med kvalitet lik Peter Jacksons LOTR, i alle ledd og detaljar. Eg fekk hakeslepp av alle detaljane – bortimot noko av det største handtverket i filmhistoria. Forarbeidet og lidenskapen skinner i kvar ei scene.
Ei kjensle av grøss
Eg opplevde filmen annleis enn sist. The Shining og Kubrick gjekk gjennom tankane. Måten Cameron filmar på innsida, med lange takes. Og korleis interiøret ser ut, er på Shining-nivå. Det toppar seg i siste scene.
Frå start kjende eg på ei vibe av grøss. Alle er dødsdømte, nesten som om alle karakterane veit dei er det. Mora til Rose er kald som eit spøkelse, og her er få vitale menneske bortsett frå Jack, Rose og Kathy Bates. Men viben settast av den smarte opninga der vi får sjå ekte Titanic på botnen, og når vi blir sendt til 1912 gir det ei eim av spøkelser.
Effekten av dette: vise forfallen materie og bringe det til livs er unikt i filmhistoria. I alle fall på denne måten.
Skipet som eigen karakter
For meg handlar Titanic like mykje om skipet, ikkje berre Jack og Rose. Alt som skjer rundt dei. Alle små historiane Cameron fletter inn i forteljinga basert på vitner (som eg nettopp har lest om). Kapteinen Bernard Hill (LOTR), musikkbandet, dei tilsette, maskinrommet, gangane, foajeen med trappa – over alt, det er så levande. Effektane har tapt seg bittelitt, mest i dagslys. Men utan at det forstyrrar.
Skodespelet
Jack og Rose
Jack og Rose, Leonardo DiCaprio og Kate Winslet. Eg var hard mot DiCaprio i gamle dagar fordi han var ein soss. Men han er faktisk knallgod her. Energien han gir og små detaljar i skodespelet i form av blikk eller dialog. Det var Oscarverdig.
Dei har knall kjemi i lag, Kate og Leonardo. Romantikaren i meg vakna. Eg har ikkje blitt overbevist om ei kjærleik mellom to på ei æve, på denne barnslege måten. Saman erobrar dei skipet og ferdast i kvar ein krok som om dei eigde Titanic og budde der aleine.
Skurkane
Elles er BILLY ZANE ein fantastisk sleip skurk som kaprar mange scener. Og eg er ein stor fan av hans nr 2, David Warner som her ser ut som ein gammal farleg hund. Antagonistar frå øvste hylle!
Dei store augeblinkane
For kvart minutt blei eg rørt. Første halvdel av filmen tok meg med storm og når isberget først dukka opp blei eg fryktleg lei meg fordi det er punktet filmen går frå romantisk drama til tidenes katastrofe-på-film.
Eg blei så grepen av scena kor Rose skal bli teikna av Jack. Ei sårbar scene, for Rose kastar klærne. Måten DiCaprio spelar i sekvensen er pitch-perfect. Det er både erotisk og romantisk på meisterleg og cheesy nivå.

Musikken og kjærleikshistoria
Ein annan faktor med denne sukkersøte kjærleikshistoria er kor medrivande ho er – på lik linje med Dirty Dancing. Det er rett fram naiv forelsking berre tilgjengeleg for ungdommen, som vi eldre kan mimre om og dei unge leve ut. Ikkje anna å vente enn at filmen tok verda med storm.
James Horner gjer sine grep i filmscoret som griper. Det er vakkert. Men eg elskar også gjenbruken av irsk musikk frå eit anna verk: Heaven Help Us (Catholic Boys). Eg fekk lyst til å hoppe på golvet då denne musikken sette i gang, med paret som spring og lever ut kjærleika på skipet.
Katastrofa og konklusjonen
Når Titanic treffer isberget flyg tida av garde på autopilot. Det er action på sitt beste og mykje står på spel. Samstundes tenkjer eg på hendingane elles rundt det fiktive paret, at dette faktisk skjedde og det er ei historie som ikkje kunne ha blitt fortalt betre.
Titanic er betre enn nokon gong i mitt liv. No falt eg for kjærleiken òg, ergo filmen er perfekt. Her er så mykje å sette pris på. Hata du filmen då du var yngre, tilrår eg eit gjensyn. Og om det blir for søtt, er katastrofebiten så uhyggeleg og effektiv at det burde halde i milevis.
Titanic er verdig topp ti i nittitalet. At eg skulle oppleve å meine det!

Må føle meg ening i det du skriv.
Har sett Titanic fleire ganger enn Shawshank Redemption.
ikke tolk meg feil den er god den og men de kan ikke sammenlignest på den måten.
ja Shawshank ligger gjerne på top listene av filmer gjennom tidene hos de fleste.
Men føler at de listene er bygget opp rundt filmer som er filosofiske eller har en dypere mening ( for uten Scarface som vi alle vet er en dokumentar ).
Kjemien mellom Jack og Rose er å forelske seg i og skipet er en karakter som binder alt sammen.
Husker godt Oscar utdelingen da Titanic rensket bordet og Billy Zane gikk på den rlde løperen og lurte på om noen hadde sett en diamant som han hadde mistet.
Fun fact er vel at det var dessverre ikke Dicaprio som tegnet det berømte bildet i filmen men Cameron selv…
Jeg så denne filmen minst 3 ganger på kino og på vhs, laserdisk,dvd,bluray 3D så skal ta frem 4k utgaven og gi den en spinn i spilleren.
Det som er så synd er at selv om jeg har sett den så utrolig mange ganger så er det så trist at skipet synker hver eneste gang.
Ikke helt som Misery:
This isn’t what happend last week! Have you all got amnesia? They just cheated us! This isn’t fair! HE DID’NT GET OUT OF THE COCK-A-DOODIE CAR!