May December (2023): Anmeldelse
Utsette eg å sjå May December ut av instinkt? Her er ein film om ein Hollywood-skodespelar som køyrer the method når ho skal researche si neste rolle: ei kvinne på 36 år som var utru og hadde sex med ein mindreårig gut frå ungdomsskulen.
Kvinna er spelt av Julianne Moore. Ho blei dømt for akta og måtte sone, gravid. Etter soninga gifta ho seg med guten frå sjuande klasse. No skal det lagast film om deira liv.
Natalie Portman spelar stjerna. Ho besøkjer Moore, og hennar ektemann som no er 36 år. I sitt research-arbeid besøkjer ho alt frå Moore sin eks-mann, vennar og dyrebutikkeigar (kor sexakta skjedde).
Eit Blindkjøp
Eg kjøpte filmen blindt – ut av ei blanding av knallgode filmmeldingar verda rundt. Utan eingong å vite kva filmen handla om, sette eg han på med laurdagsgodtet.
Det einaste eg likte var filmmusikken, som hadde preg av nittitals John Grisham-film.
Kva vil filmen eigentleg seie?
Kva handlar filmen om? Kva vil han formidle? At the method er teit? At sex med mindreårige er feil?
Karakterar utan liv
Karakterane er totalt uinteressante. Måten Natalie Portman spelar Hollywoodstjerna er ABC. Hennar gransking av rolla ho skal spele er gørr kjedeleg.
Dialog utan sjel
Dialogane er moderne: tørr dagleg tale el naturell. Måten karakterane går rundt og pratar til kvarandre er overfladisk som småpraten på Kiwi – tippeseksjonen.
Symbolet i postkassa
Julianne Moore lever livet som normalt med sin yngre mann og blir ikkje overraska når ein pakke drit i ei eske blir lagt i postkassa. Denne pakken med drit er plassert underbevisst av regissøren inn i filmen, for det er akkurat det filmen er: drit.
Oscar-jaget
Her er scener som krev godt skodespel, då av Moore sine. Men eit stort skilt blinkar: OSCAR BAIT

Der historia forsvann
Handlinga? Eg er litt lost. Ei Hollywood-stjerne, gjer research, på noko betent og tabu. Portmans karakter går all in. Gjer ting eg tippa meg fram til: drama! Moore blir lei av snokinga hennar. Her er scener etter scener med tomheit, ingen å bry seg om. Ingen forteljing å leve seg inn i.
Og kor blei det av den svarte komedien eller satiren som stod i beskrivinga? Eg trekte ikkje på smilebandet i det heile teke. Heller gjekk leppene mine ned, slik: 🙁
Konklusjon
Einaste grunnen eg skriv om May December er fordi han er bevis på at moderne filmar som haustar store hyllester kan vere ein pakke med avføring. Om ein likar å torturere seg sjølv, sakte, som om røtene til ei visdomstann har sett seg fast i kjeven som skal trekkast men smerta tek aldri slutt – då er filmen for deg. Hadde eg hatt ein DeLorean og kunne reise tilbake i tid, hadde det ikkje vore premieren til Star Wars, men minuttet før eg kjøpte filmen for 49 kr på Apple-sal så eg kunne skrive «Neeeeeei!!».
Null forteljing. Null karakterar. Null engasjement. Null dybde. Null noko som minner meg om ein god film. Berre ei svart deprimerande tomheit.
