Hokum (2026) – Årets skumlaste filmoppleving?
I fjor såg eg skrekkfilmen Oddity av same regissør: Damian McCarthy. Den likte eg veldig godt, så Hokum var ein film eg var spent på. Det er så mange gode skrekkregissørar no til dags at det er enkelt å miste oversikta, og sjangeren er i fyr og flamme. Det kan Hokum bekrefte.
Hokum handlar om ein gretten forfattar med sjølvmordstankar (spelt av Adam Scott, som eg har sansen for). Han reiser til Irland for å spreie aska til foreldra sine på same hotell som dei var på bryllaupsreise. I resepsjonen sit ein gammal mann og fortel skrekkhistorier til nokre små, dritredde barn, om ei heks som likar å ta barn og gjere stygge ting mot dei.
Scott blir kjend med dei lokale, inkludert bygdetullingen ute i skogen. Ei dame i resepsjonen (spelt av Florence Ordesh) fortel om bryllaupsrommet som blei stengt av etter streng beskjed frå eigaren for lenge sidan. Etter ein siste nattdrink i baren går forfattaren opp på rommet sitt, og realiserer sjølvmordet ved å henge seg. Florence Ordesh sansar at noko er gale, og han blir redda i siste liten. Når han kjem att frå sjukehuset, stenger hotellet for sesongen. Og dama i resepsjonen er forsvunnen, like etter ho redda han. Så ringer klokka frå bryllaupsrommet…
Når skrekkforsvaret raknar
Eg blir ikkje skremt noko særleg av skrekkfilm lenger. I starten humra eg av forsøka på jumpscares Damian McCarthy plasserer her og der. Men sakte, men sikkert bombarderer regissøren meg med særs skumle scener, og dette skrekkforsvaret mitt raknar så pass at eg måtte skru ned lyden!
Hokum er ein miks av The Shining og Barbarian (2022, også av ein lovande skrekkregissør, Zach Cregger) som fungerer utmerka. Er heksa ekte? Eller er det spøkelse? McCarthy legg inn traumeskrekk i same heksegryte, og leikar seg litt med små tidshopp som fungerer.
Det er best å sjå filmen utan å vite for mykje, så nedover kjem det litt SPOILERS, men berre litt.

⚠️ SPOILERVARSEL: Det stengte rommet ⚠️
Forfattaren slår seg saman med skogstullingen som har skaffa nøkkelen til det avstengte hotellrommet, og når hotellet er stengt og lukka på nattetid, går dei inn. Målet: den legendariske bryllaupssuiten à la rom 237. Av grunnar eg ikkje skal nemne, endar det med at Adam Scott går opp til det lukka rommet aleine, i eit stengt hotell, på nattetid. Gi meg styrke.
Det GENIALE er: Forfattaren har sjølvmordstankar, han har ingenting å tape. Ergo er han mindre redd enn livsglade folk, noko som gjer filmen ENDÅ skumlare NÅR HAN BLIR REDD. Og redd blir han. For dette rommet er stengt av ein god grunn!
Reisa overgår destinasjonen
Akkurat slik som i Oddity er her flust av gode skrekkdetaljar, og måten Damian McCarthy bygger opp skrekken på – som i ei viss heis, med ein klokketimer “PING” – er framifrå. Filmfotoet er nydeleg, og eg fekk den gode filmkjensla. Sjølve historia er velkjend, men denne miksen av Shining og Barbarian funkar som berre det.
Dette er ein type skrekkfilm eg ELSKAR. Alt regissøren var ute etter fekk han til, bortsett frå slutten. Den var litt svak, men eg var så letta då vi endeleg kom dit, og så takknemleg for at eg blei skremt, at eg tok imot slutten med opne armar. For i denne filmen handlar alt om reisa til Adam Scott, ikkje destinasjonen. 2026 skumlaste skrekkfilm!

Likte også denne veldig godt, likte at den ikke var jump-scare, at den hadde et folklore bakteppe. Og så synes eg at Fiona ser skikkelig kul ut!
Folklore-skrekk likar eg godt! Gler meg allereie til gjensynet. Har trua på at dette blir ein skrekk-klassikar!