Obsession (2026) – morbid, romantisk komedie
Eg har høyrt mykje positivt snakk om Curry Barker sin Obsession sidan han kom tidlegare i år. Rykta er sanne, filmen er fantastisk. Betre enn eg trudde, faktisk. Dette er min favorittskrekkfilm hittil i 2026, og eg plasserer han like over 28 Years Later: The Bone Temple.
Kanskje eg er skada, men eg blei ikkje så skremt. Eg såg på filmen som ei desperat romantisk komedie. Ein dust, Bear (Michael Johnston), er forelska i ei søt jente utanfor sin liga. Han er forelska fordi, heilt tydeleg, ho er dødsvakker og spelt av Inde Navarrette. Så stikk han innom ein sånn New Age-butikk med krystallar og tarotkort, og oppdagar ein ønskestav. Gjer eit ønske og brekk staven, noko han gjer: «I wish Nikki Freeman loved me more than anyone in the fucking world». Ønsket blir oppfylt.
Eit overnaturleg valdtektsdop
Det er fristande å seie «careful what you wish for» – men eg tenkte ikkje i dei baner under filmen. For det er mykje verre enn det. På ein måte er dette ønsket eit partydop – meir korrekt valdtektsdop. Nikki blir forelska i Bear, heilt besett av han. Ho flyttar inn, vil vere med han heile døgnet – men når dei har sex, ser vi at Nikki ikkje vil dette. Det er så hinsides sjukt og gir filmen eit djupare plan.
Hovudpersonen Bear er eit fælt menneske, ein desperat forelska dude. Han verkar uskyldig, sjenert, og komisk rar – rett frå ein rom-com. Men den uskyldige fasaden hindrar han ikkje i å utnytte dette ønsket han veit har blitt sant. Når forelska-Nikki ligg og søv, talar den ekte Nikki til han: Kill me. Filmens mest skremande scene! Hans reaksjon: fornærma. Forelsking altså. Tenk, kvar dag, kvar time og kvart minutt er millionar av folk rundt heile verda sjukeleg avstandsforelska i einkvan, i ein kollega, medstudent, i ein venn, – eg likar å tenke at filmen handlar også om det. Denne urasjonelle forelskinga vi alle har opplevd.
Kunstnerisk peak i tjueåra
Eg blei mektig imponert over grepa til Curry Barker, som berre er 26 år gammal. Då er det viktig å påminne alle om at vi ofte peaker kunstnerisk i tjueåra. Steven Spielberg var 28 då han laga Jaws. Sam Raimi var 22 under Evil Dead. Monty Python-gjengen. Orson Welles – lista er lang!
Tilbake til Curry. Han tek meg gjennom filmen utan at eg følte den gamle fæle tanken «sett før, sett betre», som ofte kjem når ein har sett ein del film. Alt føltest så fresh ut! Leikande fresh og givande! Eg berre flaut med i det narrative og storkosa meg.
Nikki er litt av ei rolle! Og Inde Navarrette er perfekt i rolla. Eg blei så underhalden, det kan samanliknast med Isabelle Adjani i Possession, denne herlege galskapen kor ho klikkar fullstendig. Men Johnston sin Bear er ei lukka bok i motsetnad til Sam Neill. Eg trur nok Curry har late seg inspirere av Possession, her i Obsession.
Filmmusikken av Rock Burwell er eit herleg stykke synth, slik eg likar det. Sånn som i Mandy, som berre skapar sjukt god atmosfære. Og eg likte filmfotoet, veldig basic og ikkje brifande – berre presis og beherska.
SPOILERVARSEL
Styr unna dette avsnittet om du ikkje har sett filmen!

Bear sin einaste utveg, blir han fortalt, er å drepe seg sjølv. Det er litt i It Follows-baner, og Smile 1-2 – desse forbanningane som ungdomen skal torturerast i. Filmen er nådelaus i diverse tema; sjølvmord, desperat forelsking, valdtekt – ikkje ein gong kjæledyra, ein katt, får vere i fred (kanskje eg hadde slakta filmen om det var ein hund!).
Curry strekker det så langt at eg måtte le, det var så gale i visse scener. Det er ein morbid romantisk komedie. Denne forelskinga: «Eg er forelska og det er alt som betyr noko her i verda».
Konklusjon
Dette var topp underhaldning. Eg blei ikkje alltid skremt. Nokre scener gav meg frysningar, men mest lo eg; av det største rassholet eg har sett på film på ei æve. Eg måtte le av den forferdelege skjebnen til Nikki berre fordi ein dude er forelska, og av heile det firkantdramaet mellom desse vennane og kollegaene som viser seg å være ganske så kompleks.
Curry Barker er knallgod som regissør, og eg ser fram til hans neste film.

Klink enig!
Lyssettinga er helt genial, ryktet går pga budsjettet var så lavt at Inde måtte gjør sminkinka sjøl, brukte de lavere lys i noen scene som egentlig bare har gjort det alt så mye bedre.
Den vennegjengen er kanskje mysteriet i filmen, for de 4 har jo en sær- eller manglende kjemi på det store. To ligger sammen litt i skjul (virker litt toxic), en er forelska i ideen av en hen ikke han få og den siste er forelska i den forrige. Greit nok, men det virker ikkje som det er så god kjemi? Denne snille gode Nicki som vi får forspeilet som god har ingen som sjekker inn på henne i denne perioden hun er «stupforelska», det ville vel ein god venn gjort?
Men såklart, man har lov å være ung og ensom også. Filmen er uansett knall!
vennegjengen ja! Dysfunksjonelle! Gjengen er så falsk, masse intriger og hemmelegheiter, som ofte vennegjenger i denne alderen har. Snille gode Nicki er nok ikkje så uskuldig, men kan virke slik etter skjebna og står i kontrast til jævelen Bear! Men klart, ingen fortener ei slik skjebne som Nicki, å fytti. Alt her er jo hypotetisk, kva OM ønsket ditt blei sann – men skikkeli avtale med djevelen type handel. Når djevelen står bak (nummeret han ringte var direkte til helvete) så er jo Bear uskuldig i sine handlingar til ei viss grad, heilt til han er klar over at ho blir tvungen. Her er så mykje å tygge på, diggar det! 🙂