Guillaume Marbeck i rolla som regissør Jean-Luc Godard, iført dress, svarte solbriller og med ein sigarett i munnen, frå filmen Nouvelle Vague (2025).

Nouvelle Vague (2025): Eit plettfritt kjærleiksbrev til filmen

Richard Linklater er eit personleg filmgeni. Regissøren talar direkte til meg, ei kjensle eg sjeldan får lenger. Eg likte veldig godt Blue Moon, og Hit Man var ein god, gammaldags nittitalsfilm. Nouvelle Vague er uansett hans beste sidan Boyhood (2014).

Mitt forhold til Jean-Luc Godard sin Breathless (1960) er no eit vagt minne. Eg kjøpte og såg den tidleg på 2000-talet etter ei anbefaling i Roger Ebert sin «Great Movies»-omtale. Det var ei frisk oppleving, og eg digga filmen for kva han står for og at han er så fascinerande kul. NO blir det utan tvil eit gjensyn.

Eit dykk ned i den franske nybølgja

Filmen handlar om den franske nybølgja (The French New Wave), og korleis Jean-Luc Godard lagde Breathless med geriljastil og på ei tjue dagars innspeling. Paris i 1959 ser heilt autentisk ut, med alle bilane, gatene med folket og det heile. Eg forstår ikkje korleis dette blei gjort. Og Richard Linklater filmar med 35mm svart-kvitt-foto som er det vakraste filmfotoet eg har sett i ein ny film i år. Knitringa og filmskrapet blei lagt på i ettertid, og det skapar ein knall effekt – litt som i Grindhouse, men ikkje så overdreve.

Eg elskar korleis Linklater klarar å fange magien av eit kollektiv beståande av kunstnarar på ein mytisk, men samstundes komisk og overdriven måte. Heile New Wave-gjengen er her: Truffaut, Chabrol, Varda, Rohmer – endatil Rossellini, Jean-Pierre Melville og Bresson. Fokuset er på Cahiers du Cinéma – det filmkritiske franske magasinet – og alle kritikarane som blei filmskaparar for å vise verda ekte film.

Hovudpersonen Jean-Luc Godard, spelt knallgodt av Guillaume Marbeck, har framleis ikkje laga sin debutfilm, og Nouvelle Vague handlar om denne debuten og 20-dagarsprosessen.

Zoey Deutch og Aubry Dullin på gata i filmen Nouvelle Vague frå 2025.

Kaos, sigarettar og rein livsenergi

Det er mykje som skjer i opninga av filmen; introduksjonar av alle karakterane. Moroa startar for alvor når vi går frå dag 1 og blir med på reisa under filmproduksjonen til dag 20. Linklater køyrer i eit forrykande tempo, slik Godard sjølv ville ha gjort. Denne energien ER filmen. Vi får sjå at produksjonen er ganske så kaotisk: Godard kjem på settet utan eit ord nedskrive i manus og improviserer for det meste. Hans stil er å fange nuet ved å bruke sin enorme filmkunnskap, samt eit svært bibliotek av sitat frå store kunstnarar – og Hollywood-filmskaparar frå The Golden Age.

Ein blir så inspirert! Ein får jo lyst til å ta eit kamera og springe ut og filme sjølv! Men ikkje kva som helst film, men verdas beste! Linklater har samla ein god gjeng. Eg likte alle karakterane og skodespelarane. Aubry Dullin som Jean-Paul Belmondo. Zoey Deutch som Jean Seberg. Kameramannen, sminkøren, produsenten – alle saman. Eg elska kvart augeblikk eg var med denne gjengen.

Kvar er dagens film-revolusjonærar?

Guillaume Marbeck som Godard burde ha fått Oscar. Han går rundt og røykjer med svarte solbriller. Annakvar setning er visdomsord som får alle til å gjere narr av han. Han er alvorleg, men er med på spøking og kødding. Det strålar ein voldsom energi ut av han, og denne energien smittar. Kvifor har vi ikkje alle ein slik livsenergi der vi berre peisar på og sluttar å kaste vekk tid på uvesentlege ting? Ein slik energi burde vere LIVET VÅRT.

Å sjå New Wave-regissørane diskutere idear om korleis ein film bør vere, og måten dei revolusjonerte film på, er uhyre interessant. Eg håpar mange yngre ser denne filmen, for her kan mange dører opnast. Kvar er dagens kunstnarkollektiv som kjempar for noko nytt? Eksisterer dei? Sit dei berre på ein kafé og bablar om ei gammal storheitstid og doomscroller på telefonen? Vakn opp!

New Hollywood-gjengen heldt fram med revolusjonen som New Wave skapte. Steven Spielberg, George Lucas, Brian De Palma, Martin Scorsese, Francis Ford Coppola, John Milius og Paul Schrader – the movie brats – var eit slikt kollektiv i fyr og flamme. Dei konkurrerte mot kvarandre, hjelpte kvarandre, og alt handla om å lage noko stort. Eg håpar Richard Linklater lagar ein film om denne perioden òg!

Guillaume Marbeck i rolla som regissør Jean-Luc Godard, iført dress, svarte solbriller og med ein sigarett i munnen i lag med Zoey Deutch, frå filmen Nouvelle Vague (2025).

Dommen: Rett på førsteplass av 2025 beste filmar

Richard Linklater lykkast på alle område i filmen. Han er morosam, interessant, medrivande, inspirerande, filosofisk, enkel og djup. Filmen var over på eit blunk. Han er så bra at eg no plasserer Nouvelle Vague på topplista over 2025 sine beste filmar. Dette kallar eg ekte film.

Terminal-pila: ◀◁ 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *