Breathless (1983): Eit åndelaust og dampande heitt gjensyn
For eit døgn! På 24 timar har eg sett Nouvelle Vague (2025), À bout de souffle (1960) og Breathless (1983) og no er eg heilt åndelaus. Desse filmane er perler på ei snor. Men om nokon tvinga meg med ein pistol til å seie kva som er favoritten av dei tre?
Det er vanskeleg altså! À bout de souffle har ein rå nerve med talent som eg elskar, slik som Scorseses Mean Streets, Tarantinos Reservoir Dogs, Spielbergs Duel, og Carpenters Assault on Precinct 13 – den typen råskap.

Ein fransk skule vs. eit amerikansk videosjappe-hjarte
Den franske er kanskje litt meir utdanning, kjenner eg. For å skulere meg sjølv. Og så set eg verkeleg pris på dei spontane teknikkane Jean-Luc Godard nytta, og karismaen til Belmondo og Seberg. Det er absolutt mykje eg set pris på der, og det var godt for nysgjerrigheita. Og det var utruleg kjekt å sjå den rett etter Nouvelle Vague, som ei god oppvarming.

Men Jim McBride sin amerikanske remake treffer klart meir mitt videosjappe-hjarte. Det er meir min type film, rett og slett. Så om eg skulle kåre ein vinnar, med ein pistol retta mot meg, seier eg Breathless frå 1983.
Til siste åndedrag, som filmen heitte på norsk, er ein knallvakker film. Eg elska fargane! Det opnar i Las Vegas kor Jesse (Richard Gere) stel ein Porsche og køyrer ut i ørkenen med det nydelegaste, oransjmørke lyset ved solnedgang. Det er tydeleg filma med bluescreen, men nydeleg uansett.

Silver Surfer og rockabilly-estetikk
Jesse har ei raud skjorte og blå bukse med raude striper. Han minner meg om Joan Crawford i Nicholas Ray-filmen Johnny Guitar, men òg eit eller anna bilete eg har sett av Elvis. Han elskar Jerry Lee Lewis, og teikneserien Silver Surfer. I den franske versjonen var karakteren besett av aviser; her er det Silver Surfer – ein knall detalj.
Ein liten tanke
Under filmen tenkte eg på Paris, Texas (1984). Kanskje på grunn av ørkenen, og dette forholdet mellom ein eldre mann i Jesse med den yngre Monica – som er gravid. Eg tenkte på talen til Harry Dean Stanton, som om Jesse var den yngre versjonen av han. Så tilfeldig, seint på kveld kika eg på L. M. Kit Carson som skreiv manuset til Breathless – og jaggu, han skreiv manuset til Paris, Texas året etterpå.
Richard Gere på full gass
Richard Gere spelar Jesse med full vigør. Han minner meg mykje meir om Dean Moriarty frå Jack Kerouacs meisterverk On the Road enn ein fransk hedonist. Ein som brenn lyset i begge endar og hatar folk som gjespar. Det er inga underdriving å seie at Gere overspelar til dei grader at det nesten blir plagsamt – han er så påskrudd som eg aldri før har sett han! MEN DET FUNGERER! Eg har sagt det før: Slike personlegheiter taklar eg ikkje i det verkelege liv, men på storskjermen høyrer dei heime.

Etter at Jesse skyt ein politimann i ørkenen, stikk han rett til den yngre og vakre Monica, spelt av Valérie Kaprisky. Dei kjenner knapt kvarandre og hadde eit one night stand i Las Vegas. Det McBride gir oss her, som ikkje Godard kunne gjere på si tid, er dampande heit erotica mellom Jesse og Monica. Kaprisky er ofte naken, men det er Richard Gere òg! Eg elskar når balansen er der – begge nakne!
Dampande erotica og Tarantino-vibbar
Forholdet mellom dei to er ekte kjærleik-på-film, ikkje ulikt Clarence og Alabama i True Romance; kjærleik med ein eim av undergang. Quentin Tarantino skreiv jo det manuset, så det er verdt å nemne at regissøren har Breathless som ein av sine største favorittar frå åttitalet. Og dette er enkelt å sjå her i filmen: rockabilly-musikken på soundtracket, estetikken, teikneseriane, praten om tær i badebassenget.

Kort sagt så føler Monica seg så levande i lag med Jesse. Dei snur opp ned på byen og drøymer om å reise til Mexico. Og då kjem det actionscener og endå meir heit sex. Den siste halvtimen skal eg ikkje spoile, men eg kan seie dette: Inntrykket sat framleis i meg tretti år seinare. Slutten er framleis heilt fantastisk.
Dommen: Meininga med livet (og filmen)
Dette er ein svært levande film med lekre fargar og detaljar. Eg kan ikkje tru at eg har sett tre filmar om same film utan å kjede meg eit einaste sekund! Eg føler meg meir levande no enn før eg såg dei, og meir kan eg ikkje be om frå film. Den franske Breathless eig eg allereie på DVD. No må eg berre jakte på nokre feite utgåver av Nouvelle Vague og Jim McBride sin Breathless. Så kan dei stå saman i hylla og gi endå meir meining til livet mitt.
Eg gir rett og slett alle tre:

Husker godt vennegjengen lånte Breathless og Used Cars som lørdags underholdning i casa Frankenstenersen i dei gamle dager.
ikkje samme reaksjon som no av samme filmen.
Trur vi var klare for action ala Norris eller Bronson…ikkje en film som er mer kunst..
Så ikkje en film for unge gutta på en lørdags kveld.
Men som voksen så gir filmen en helt anna meining.
Den er vakkert filmatisert og har en strålende ramme, og ikkje minst gode presentasjoner fra alle i filmen.
Jepp! Det huska eg! Men Used Cars var vel ein suksess eller? Breathless fekk ny meining nokre år etterpå, i alle fall hos meg.
No vurdera eg eit gjensyn med American Gigolo! Lenge sidan du såg den Ator?
Blitt nåkre år sia American Gigolo.
hadde mej ei periode då ej såg Richard Gere filma på rappen.
Officer and a Gentleman, Breathless, American Gigolo, No Mercy, Internal Affairs, First Knight ( skippa Pretty Woman, har sett den 1000 gonga).