The Shining (1997): Anmeldelse
Stanley Kubricks The Shining er ikkje Stephen Kings The Shining. I alle dei år har vi fått høyre kor skuffa King var over Kubricks produkt. Grunnen? Kubrick dreit i boka og køyrde «the Kubrick-way», slik han bruker. No er The Shining (1980) for evig den beste skrekkfilmen frå åttitalet for veldig mange av oss. Men mange King-fans mislikar filmen av den grunn at Kubrick ikkje følgde boka. Ergo fekk Stephen King laga sin eigen miniserie av The Shining i 1997, der han skreiv manus og endeleg fekk ut forteljinga slik han ønskte det frå start – med hjelp av regissør Mick Garris.
Eg les diverse brukarmeldingar her og der: «I can see why Stanley Kubrick said no to Stephen King’s script, because this was fucking awful», og fleire slike. Ikkje overraskande, for dette er fans av Kubrick sin versjon. Eg har vore stor fan av Ondskapens hotell heilt sidan eg var 11 eller 12 år, så kva synest eg om ein Ondskapens hotell-versjon som var laga for TV på nittitalet med ei lengde på fire og ein halv time? Eg må seie at eg likte han veldig godt!

Boka The Shining las eg for første gong for to år sidan. Den var knall! Det som overraska meg, var kor stor forskjell det var på 1980-filmen og boka. Eg visste at det var forskjellar, men at dei skulle vere så store, kom som eit sjokk! Vekke er labyrinten, tvillingane og syklinga i gangane – Kubrick forandra mykje! Så det å lese boka OG sjå denne serien, er som å sjå noko heilt nytt.
Korleis står ein TV-produksjon frå 90-talet seg mot Kubrick?
Om nokon skal våge seg på å sjå Mick Garris sin miniserie, må ein gå inn med rett innstilling. For det første er dette ein TV-produksjon, og han har ikkje sjans til å konkurrere mot det eminente filmfotoet og kulissane til Kubrick (som er ein av grunnane til at filmen er så elska). Grunn nummer to til at filmen er så elska, er sjølvsagt dei tre skodespelarane Jack Nicholson, Shelley Duvall og Danny Lloyd – ja, pluss Scatman Crothers.

I rollene
I rollene her har vi Steven Weber, Rebecca De Mornay, Courtland Mead og Melvin Van Peebles. Tingen er at desse passar utmerka til Stephen King sin versjon. Når det er sagt, så er dette ein TV-serie, og innimellom kjem det typisk nittitals TV-serie-skodespel.
Stanley Kubrick satsa hardt på atmosfære, mystisk skrekk, vakkert filmfoto og sterke skodespelarprestasjonar – slik han pleier. Mick Garris satsar hardt på sjølve handlinga, noko som er klart når King skriv manuset. Her er ei knallgod historie, slik som i boka, som forsvann heilt i Kubrick sitt eksperiment.
Fokus på kjernefamilien, alkoholisme og ekte hotellstemning
Den mest kritiske forskjellen er fokuset på kjernefamilien. Jack Nicholson sin familie hadde uro frå start, og Jack verkar som han hata familien sin heilt frå køyreturen til Overlook Hotel i opninga. Steven Weber er glad i familien sin, og det er ein god grunn til at han slutta med alkohol: det var for deira skuld.
Avhalds-Jack og biten om alkoholisme er ein av grunnane til at eg elskar boka – og no serien. Det er stort fokus på ein som har tørrlagt seg for å forbetre seg, og denne biten forsvann frå Kubrick sin film. Men no kan eg ikkje sitje her og skrive 200 sider om forskjellane på boka, serien og filmen, så vi gassar opp tempoet!

Overlook Hotel
Overlook Hotel her i serien er ikkje like vakkert som i filmen, men meir enn bra nok. Omgjevnadene med fjella og vinteren er knallgode. Eg merka at med 4,5 timar blei eg veldig godt kjend med gangane og korleis alt er kartlagt. Sjølv jobba eg på hotell i fleire år, og blei veldig glad i slike byggverk. Eg føler meg litt heime på eit hotell, så det å henge her på Overlook i TV-serien var midt i blinken for meg.
Eg såg heile serien i éin jafs! Punktet der eg sleit mest, var cirka midtvegs – då eg oppdaga at, shit, det er framleis 2,5 timar att å sitje i sofaen, og klokka er allereie over midnatt. MEN eg måtte fullføre. Serien er delt opp i tre delar, og eg må seie, med handa på hjartet, at siste episode og akt imponerte ræva av meg!
Eit maraton-klimaks og kvifor «The Boiler Room» er så viktig
Vi får her eit klimaks som varer i nesten 1,5 time!!! Biten der vaktmeister Jack har blitt lurt trill rundt av «the Management» – altså hotellet – og lèt seg besette så han snur seg mot familien sin og vil drepe dei. Det er her vi verkeleg får noko som kan konkurrere mot Kubrick og familien Nicholson. Steven Weber går frå å vere ein god standard-skodespelar til ein KNALLSPELAR jo meir psykopatisk han blir.
Shelley Duvall fekk gjennomgå så det susa i filmen, og ho verka veldig hulkande svak. Rebecca De Mornay er mykje sterkare; ho er meir ein fighter enn Duvall, som gjekk rundt og grein heile tida.
The Shining
Hotellet vaknar til liv, og overalt der dei går i den siste timen, skjer det overnaturlege ting. Ein annan kritisk ting er Danny – som «shinar», derav tittelen The Shining. Som Dick Hallorann seier til Danny i første akt om den spesielle, overnaturlege gåva hans: han har aldri møtt nokon som skin så kraftig som han. Dette er grunnen til at hotellet vil ha Danny. Dei er ikkje interesserte i det heile teke i far hans, den galne vaktmeisteren. Det er Danny som gjer at hotellet blir steike gale, fordi han tiltrekkjer seg ånder på grunn av den enorme gåva si.
Dette er òg grunnen til at eg likar Doctor Sleep så godt, både boka og Mike Flanagans film. Vonde skapningar som blir tiltrekte av noko unikt – jo sterkare «Shine», jo meir ettertrakta.

Konklusjon
Eg synest nesten siste del av miniserien er betre enn i filmen. Vi får ingen labyrint ute – labyrinten er inne i hotellet med alle gangane. Ein annan VELDIG viktig ting for historia er hjartet til hotellet: «the boiler room». Dette sletta Kubrick fullstendig. For klimakset er denne delen så viktig; det gjev Jack moglegheita til å få ei forløysing med familien før alt går til helvete. For inst inne var ikkje faren vond; det var hotellet og alkoholproblema hans som sleit denne mannen sund.
Eit stort ønske eg har er at Mike Flanagan får lage ein etterfølgjar av Doctor Sleep – nemleg ein remake av The Shining som miksar effektivt både tv-seria her og Kubrick sin versjon. Eg har trua på at det hadde blitt FANTASTISK!
Filmen frå 1980 lét oss tolke så å seie alt som skjedde – det er klart ein god ting. Kubrick la inn så mange detaljar og drukna nesten filmen i mystikk, slik at alle sjåarar kunne dissekere, analysere og lage teoriar i evig tid om kor meisterleg Kubrick er. Joda, knall det. Men kjære fans av boka og Stephen King: Har du ikkje sett denne miniserien, seier eg berre: SPRING OG SJÅ!
Terminal-pila: ▲
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
