Silver Bullet (1985) anmeldelse: Nostalgisk varulvskrekk!
Eit gjensyn med varulvfilmen Silver Bullet (1985) var akkurat det denne videosjappegubben trengde no! Ein nostalgisk varulv-boost no når det nærmar seg siste runde i Spooktober 2026. For å gå rett på sak: Silver Bullet var ein gedigen film anno 1986-ish, og gjensynet gav meg rein glede.
Filmen er så kompakt og reindyrka på sine knappe 1 time og 30 minutt. Han opnar med ein som får hovudet slått rett av kroppen av eit frykteleg, hårete beist. Så, med klassisk Stephen King-forteljing – ikkje ulikt Stand by Me og slike – fortel jenta om bror sin og gamle dagar då noko vondt herja byen deira i oppveksten.
Broren er spelt av Corey Haim, som sikkert er ukjend for dei fleste i generasjon Z. Men for oss som var rundt ti år då han var på topp, var han like viktig som Drew Barrymore og alle dei andre knallgode barneskodespelarane frå denne tida. Her spelar han den yngre, modige helten – i ein rullestol!

Blodtørstig varulv og «The Peacemaker»
Regissør Dan Attias kastar ikkje vekk tid! Varulven er blodtørstig, og vi går frå den eine drapsscena til den andre. Her er det god og deilig make-up når varulven myrdar ei kvinne på soverommet sitt, og god stemning når han drep ein mann som klagar på statssnyltarar i rullestol, når han sjølv er ein udugeleg mannejævel som drikk og ser på fribryting.
Sheriffen, spelt av Terry O’Quinn, finn ikkje ut av mysteriet, så byens bølle samlar eit jaktlag for å ta beistet i ein god, gammaldags lynsjemobb – noko som ikkje endar bra, sjølvsagt. Dette er ei enkel oppskrift! Ein liten, artig detalj eg hadde gløymt: Gjengen er samla på ein bar. Det oppstår nesten handgemeng mellom dei, men bartenderen stoppar det i siste liten med baseballkølla si. På baseballkølla er det brent inn desse orda: «The Peacemaker». Ha ha, knall! For eg hugsar einkvan som hadde ei slik ei der på øya eg vaks opp på åttitalet!

Gary Busey i fyr og flamme – og kva skjedde med Everett McGill?
Det som løftar filmen, og minner meg på kvifor vi digga Silver Bullet, er Gary Busey. Her spelar han den snille onkelen til Corey Haim, og Busey er i fyr og flamme. Han gjev frå seg ein så smittande og morosam energi at eg forstår kvifor vi elskar desse åttitalsfilmane.
Og endå betre skal det bli når Everett McGill dukkar opp som småbyens tvilsame prest. For ei merkeleg karriere McGill hadde! Han kom og spelte i store filmar som David Lynchs Dune, Clint Eastwoods Heartbreak Ridge, Wes Cravens The People Under the Stairs, Twin Peaks, og som ein knall skurk i Under Siege 2. Plutseleg forsvann han, etter si siste rolle i The Straight Story frå 1999. David Lynch måtte faktisk spore han opp då han skulle lage Twin Peaks sesong 3.
Tilbake til forteljinga: Onkel Busey mekkar ein spesialrullestol ut av ein racingmoped, og gjev Corey Haim nokre rakettar. På natta snik Haim seg ut og køyrer til eit forlate område for å skyte opp rakettane. Varulven dukkar opp, og gutungen skyt ein rakett rett i auget på varulven før fluktar rett heim til senga si. No kan han, onkelen og systera finne ut av kven varulven er: den som manglar eit auge.

Ein av tidenes beste varulvfilmar?
Ja, ei superenkel handling. Dette er ein liten og knallkompakt varulvfilm. Med eit herleg filmscore av Jay Chattaway, gode praktiske effektar og eit nostalgisk rollegalleri, får vi servert denne enkle Stephen King-novella med god stil og beint fram god varulvstemning. Treng vi noko meir enn det? Eg diggar det.
Så Silver Bullet fungerer heilt utmerka for meg. Eg har tre favorittar innan varulvskrekk. John Landis sin An American Werewolf in London vil alltid vere min nummer éin. Men eg plasserer Silver Bullet som nummer to på lista, framfor Joe Dantes The Howling. Ja, dette er ei nostalgisk avgjerd. Og det er lov!
Terminal-pila: ▲
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
