Ein poster av skrekk TV-seria The Terror: Devil in Silver,Sesong 3.

The Terror: Devil in Silver (Sesong 3) – Anmeldelse

Første sesong av skrekkserien The Terror er noko av det beste eg har sett på TV i seinare tid – altså etter den store «golden age»-perioden frå 2000 til 2014. Men det er åtte år sidan no, så eg skal sjå opp att sesong 1 for å stadfeste det. No skal eg derimot snakke om sesong 3, Devil in Silver. Som vanleg har eg ikkje lese eit einaste ord om han på førehand, då eg likar å gå inn heilt uforurensa i ting eg ser.

Og sesong 3 imponerer meg! Devil in Silver handlar om mentalsjukehuset «New Hyde», der ein slags demon bur i veggane. Vondskapen terroriserer pasientane, spesielt på natta. Sesong 3 opnar med ein pasient som ligg på rommet sitt, død på eit grusamt vis. To tilsette trillar han stille vekk frå rommet. Hovudpersonen Pepper, spelt av Dan Stevens, blir tvangsinnlagd etter at han gjekk berserk på tre sivilkledde politifolk. Dei leverer han på asylet fordi det er seint på kveld og dei ikkje orkar papirarbeidet.

Ein oppbrukt klisjé som faktisk fungerer?

«Vondskap i eit asyl som terroriserer dei innlagde» – det høyrest kanskje litt oppbrukt og kjedeleg ut? Har vi ikkje sett det så ofte før? Ja, det tenkte eg òg. Dei første 20 minutta av episode 1 var eg veldig skeptisk, men eg merka raskt at serien hadde eit sterkt anker: skodespelar Dan Stevens! Så eg heldt fram, og det er eg glad for!

Dan Stevens i rolla som Pepper frå skrekkseria The Terror: Devil in Silver (Sesong 3)
Dan Stevens som Pepper – eit dass!

Gjøkeredet og Ondskapens hotell

Om eg skal skildre Devil in Silver, er dette ei blanding av Gjøkeredet og Ondskapens hotell – to av dei beste Jack Nicholson-filmane. Gjøkeredet blir faktisk òg nemnt i serien, når pasientane har boktimen sin og psykologen vil snakke om nettopp denne boka. Det fører til protestar, og Pepper tek kommando og motseier psykologen. Ein annan spør han tørt: «Kven trur du at du er, McMurphy?»

Pepper får oppleve spøkelset allereie første natta. Oppe i taket, rett over senga til Pepper, manglar det ei plate i systemhimlinga. Når han ligg der neddopa på tung medisin, stirer han rett opp i det mørke holet med dei fortvila auga sine. Noko ser tilbake på han frå mørkret!

Dei andre pasientane fortel han at det ikkje er tilfeldig at han hamna der; han var vald ut av skjebnen, av sjølve New Hyde! Alle dei tilsette veit at det sit ein jævelskap i veggane, og at noko ubegripeleg skjer, men dei er passive. For dei som prøver seg på motstand, endar det dårleg. Pasientane er vettskremde og neddopa, og har på ein måte akseptert situasjonen. Men Pepper er McMurphy, ein fighter. Og i staden for Mildred Ratched har vi Dr. Walter – mannen som skapte New Hyde Asylum. Han er rett nok død, men vi forstår tidleg at han er ein djevel, sjølve sjela til asylet.

Cheesy sjarm med ein litt for alvorleg finale

Når eg les det eg nettopp har skrive, er eg nesten ikkje overtydd sjølv om at dette er verdt å sjå! Så lat meg seie det slik: Sesong 3 tek ikkje seg sjølv så seriøst. Dette er ikkje rein skrekk, men satsar på ein cheesy og komisk tone – og det fungerer! Pepper er ein umoden dust som lagar trøbbel for seg sjølv. Dan Stevens spelar han med halvlangt hår og metal-t-skjorte, ein håplaus figur som raskt blir sint. Karakteren er rett og slett ypperleg!

Veldig lenge var sesong 3 heilt framifrå. Med berre seks episodar følte eg aldri at tida var bortkasta. Eg må nok likevel klage på at finalen og dei to siste episodane var svakare enn resten. Av den enkle grunn at serien mista den cheesy sjarmen sin og blei litt for alvorleg. Konklusjonen var lite tilfredsstillande. Men Devil in Silver var til sjuande og sist ein bra skrekkserie.

Terminal-pila: ▲

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *