Clown in a Cornfield (2025): Anmeldelse
Det tok meg litt tid å få sett skrekkfilmen Clown in a Cornfield (2025). Kanskje fordi eg var lei av klovnar. Men regissør Eli Craig laga Tucker and Dale vs. Evil, som eg såg og digga i fjor. Og det er den einaste grunnen eg trengde for å setje på denne klovneskrekkfilmen!
Ei ungdomsjente flyttar med far sin til landet – ein mid-western småby der kornåkrane er store og alle er rednecks. Men før det skjer, får vi ein intro: Det er tidleg nittital. Ungdomar samlast utanfor ein låve framfor ein åker. To kids går så inn for å ha seg, men blir brutalt drepne av ein klovn!
Far til jenta er den nye landsbylegen. Han er spelt av Aaron Abrams, og kunne ha vore tvillingbroren til Scott Bakula (eg er ikkje åleine om å tenkje det, sidan Aaron blei casta i ein reboot av Quantum Leap, som nettopp Scott Bakula er kjend for).
Moderne kids, telefonar og gamle kjenningar
Jenta går på skule og møter ein gjeng moderne kids. Kva er moderne kids? Dei er veldig glade i telefonen sin og bruker mykje tid på sosiale medium og YouTube. Denne gjengen lagar òg sine eigne skrekksnuttar om ein klovn som drep, og legg dei ut på YouTube med mange likes. Men i byen er dei ikkje populære. Alle ber den nye jenta (ei god Katie Douglas) om å halde seg vekk frå desse udugelege dustetenåringane.

Ungdomane er knall, eg likte dei med ein gong! Altså, dei er gode skodespelarar, og dialogane dei får servert er gode. Dei vaksne er òg gode! Her er Will Sasso (Kenny Rogers-Jackass – hahaha!!) og Elon Musk-lookalike Kevin Durand, som eg har fått sansen for det siste tiåret.
Det eg var redd for, var at dette skulle vere ein seriøs slasher med null humor og sånn typisk klovneskrekk. I staden fekk eg ein av 2025 sine beste komedieskrekkfilmar! Filmen tok fantastiske vendingar, og eg blei letta over at Eli Craig fekk det til, igjen! Og så var det forfriskande å sjå noko originalt, enn endelause sequels av blodfattige skrekkfilmfranchiser!
Kva skjular seg bak klovnemaska? (OBS: Spoilers vidare!)
Det blir spelt mykje på dagens ungdomar og dagens vaksne. Eg knakk saman då to jenter i panikk (forfølgde av klovnar) skulle ringe med ein telefon med hjul, slik vi hadde på åttitalet – OG FEKK DET IKKJE TIL. Same når dei ikkje forstår seg på girspakar i bil!
Men dette er ikkje noko Scary Movie-drit som eg er møkkalei av. Humoren er diskret, og filmen er lett å like. Det er ikkje «in-your-face»-humor med konstante gags.
Filmen er òg god som slasher! Eg diggar når klovnen byrjar å slashe på kreative måtar. Men filmen blir først knall når eg endeleg forstod at dette vesenet IKKJE er ei vond ånd eller ein demon, men faktiske personar bak maska!

Children of the Corn i revers
Eg blei endå meir gira når eg lærte motiva bak ungdomsdrapa! På 40-talet var «hobos» ein pest, så kom hippiane, og på nittitalet stoner-slackers – men dei verste, verste av dei alle, er dagens mobiltelefongenerasjon som stirer heile dagen i telefonen, blir vi fortalt av desse håplause galningane. Dette er Children of the Corn i revers! DET digga eg.
Nokon megastorfilm er det ikkje. Men eg blir ekstra entusiastisk når moderne filmar klarar å underhalde meg såpass! Clown in a Cornfield er ein velsamansett film, der manuset, castinga og konseptet berre fungerer veldig bra. Nesten litt gammaldags, og med mykje blod og gørr! Klimakset er knallbra, og eg sat igjen veldig glad. Eli Craig – eg tippar han er ein generasjon X-slacker, slik som meg. Vi var i alle fall på bølgelengde!
Terminal-pila: ▲
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
