Lauren Hutton skjuler seg i John Carpenters Someone's Watching Me! 1978

Someone’s Watching Me! (1978): John Carpenter heidrar Hitchcock

Vår store Carpenter-hyllest held fram! Eg klarte å finne Someone’s Watching Me! på Tubi, heilt utan problem. I desse dagar har vi gode verktøy som JustWatch som viser oss innan eitt minutt kor vi kan sjå filmar og TV-seriar verda rundt. Med ein VPN påslått var dette ei enkel sak. Det er to filmar eg aldri har sett av Carpenter: denne og Elvis som kom ut året etter. No kan eg stryke ut den eine, og det betyr at det berre er éin usett igjen!

Eg las meg litt opp før eg såg denne thrilleren. John Carpenter hentar inspirasjon direkte frå Hitchcock denne gongen, spesifikt frå Rear Window (1954) – slik han også delvis gjorde med Psycho i Halloween. Og eg kan skrive under på at her køyrer han kameramannen hardt, med nydelege rørsler og ein leiken, men skummel stil.

Det norske VHS coveret av Someone's Watching Me! frå 1978

Ei sjølvstendig (og forfølgd) heltinne

Filmen handlar om ei kvinne, spelt av Lauren Hutton, som flyttar til L.A. for å starte i ny jobb. Ho flyttar inn i ei svær bygning som har utsikt rett mot ei anna svær bygning. Det tek ikkje lang tid før telefonen byrjar å ringe, lysa dirrar, og rare pakkar dukkar opp utanfor døra. Hutton blir terrorisert av ein stalker!

Eg digga Lauren Hutton her! Ho spelar ei sterk, moderne kvinne (Hawksian woman?) som avviser mannfolk som sjekkar henne opp, for deretter å sjekke opp mannfolk sjølv i same bar. På dagtid jobbar ho som regissør for live-TV, som matprogram og slikt. Ho er sjølvstendig og rar, likar å prate høgt til seg sjølv i nesten alle scener ho er åleine, og ho har sabla god sans for humor. Mest knall av alt: ho er modig.

Hennar næraste venn og kollega er spelt av Adrienne Barbeau, som her speler lesbisk. Det gir ei god og progressiv kjensle sidan filmen er frå syttitalet, men det overraskar meg eigentleg ikkje. John Carpenter var forut for si tid på mange område når det gjaldt å skape inkluderande roller frå alle minoritetar i filmane sine – utan at eg er nokon akademisk ekspert på området, det er berre det eg observerer i filmane hans som eg har sett utallege gongar.

Eit tidleg nikk til moderne «incels»?

Det verkar som om denne stalkeren regelrett avskyr moderne kvinner. Om ein skal ta fram pipa og klø seg litt i skjegget, trur eg faktisk at det er heile tanken bak. At ein sadist av ein konservativ mann skal straffe sjølvstendige kvinner… det er nesten skremmande moderne no med alle desse «incels»-typane vi ser verda rundt i dag. Om vi legg frå oss pipa, er stalkeren berre ein rein psykopat – for Carpenter likar ikkje overdreven pipeprat kring filmane sine.

Lauren Hutton og Adrienne Barbeau med utsikt til terror i filmen Someone's Watching Me! av John Carpenter
Someone’s Watching Me! (1978)

Ekte old school

Someone’s Watching Me! er ekte old school. Det er fascinerande å sjå Carpenter gi ein homage til Hitchcock på denne måten. Sjølv om det er ein TV-film, er det enormt mykje kvalitet her. Det som er litt rart, er at Carpenter ikkje har laga musikken sjølv. Musikksporet er meir typisk for tida, komponert av Harry Sukman. Kva slags film hadde dette vore med Carpenter sine tunge synther, tenkte eg for meg sjølv. Ennio Morricone laga rett nok musikken til The Thing, men Carpenter var i det minste med på prosessen. Ikkje før i 1992 med Memoirs of an Invisible Man skulle ein annan person ta over heile musikkansvaret for ein Carpenter-film.

Eg anbefaler denne filmen varmt! Det er noko med slike typar thrillere som er heilt annleis enn alt anna. Leilegheita til Hutton er utruleg godt laga til, og eg likte korleis utsikta til det andre bygget nesten kjendest levande. I frå nyare tid har vi filmen Watcher (2022), som eg likte godt og som er nesten identisk med denne og Rear Window – meir i retning Roman Polanski. Ein usett Carpenter-film var ein massiv bonus for meg, så derav ekstra stor glede. Dette er eit skikkeleg stykke handverk!

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *