Ein poster av John Carpenter sin film "They Live" frå 1988

John Carpenter-månad: Filmloftet hyllar The Master of Horror

John Carpenter har nettopp sluppe eit flunkande nytt album: Cathedral. I den samanhengen skal Filmloftet hylle verdas beste regissør heile september! Ator og eg kjem til å grave djupt i filmane, musikken og folka bak den endelause magien. Det er snart fire år sidan sist eg tok eit skikkeleg Carpenter-maraton, så no er det på høg tid.

Jakta på dei gløymde TV-filmane

Aller mest skal eg ut på ei svært viktig jakt: eg må spore opp to Carpenter TV-filmar som irriterande nok framleis står som usette på lista mi. Det dreier seg om Someone’s Watching Me! (1978) og Elvis (1979) med fantastiske Kurt Russell. Desse kryssast av!

Det finst også filmar der Carpenter ikkje satt i registolen, men skreiv manus og produserte, som vi vil kike nærare på. Thrilleren Eyes of Laura Mars (1978) blir det eit kjærkome gjensyn med. Det same gjeld Black Moon Rising frå 1986 med Tommy Lee Jones. Og så ligg det nokre ukjende perler frå nittitalet og ventar på meg: El Diablo, Silent Predators og Blood River – alle tre skrivne av Carpenter.

Kurt Russell som Elvis i frå John Carpenter-filmen Elvis (1979)
Kurt Russell som Elvis i TV-filmen Elvis (1979)

Synthesizer-nostalgi og ei gigantisk nyheit

Vi kan ikkje snakke om John Carpenter utan å snakke om musikken! Eg samlar på absolutt alt av Carpenter som er utgitt på vinyl, og saman med Ator har vi digga denne tunge synth-musikken hardt heilt tilbake til åttitalet. Vi pleidde å tjuvlytte på Carpenter inne på det forbodne rommet til bror min. Seinare begynte vi å samle på musikken sjølv, gjennom utgivingar på nedlasting, CD og til slutt vinylplater.

I same slengen må eg sleppe ei nyheit: Filmloftet skal endeleg få si eiga FILMMUSIKK-side! Den kjem i løpet av september.

Cathedral: Det siste musikkalbumet av John Carpenter frå 2026.
Siste album av Carpenter: Cathedral (2026)

Toxic Commando: Frå regissørstol til gaming

For dei som kanskje ikkje har fått det med seg: Eit heilt nytt spel kom ut i år (2026): John Carpenter’s Toxic Commando. Eg har bremsa valdsamt på eiga videospeling dei siste åra, men no vurderer eg sterkt å kjøpe dette og spele det utover hausten. Eg har lese mykje bra om det, og det skal visstnok vere sjukt moro! Alle som har følgt med på Carpenter dei siste femten åra, veit jo at mannen er ein ihuga gamer og ofte snakkar om det i intervju.

Filmane som redda meg frå kjellaren

John Carpenter har blitt utruleg viktig for meg det siste tiåret. Han er no, herved, min favorittregissør nummer éin.

Om vi spolar tilbake til vintermånadene februar og mars 2023, var eg djupt nede i ein kjellar. Og då meiner eg ikkje kjellaren til Ator! Eg snakkar om ein mørk, skoddefull og mental sump av ein kjellar. Etter eit råd eg fekk frå gode folk, begynte eg sakte å sjå film igjen. Eg fann fram John Carpenter-samlinga mi, og kvar einaste dag eg vakna, såg eg ein av filmane hans.

Frå dag til dag blei eg totalt oppslukt i dei unike verdene til Carpenter. Ei gammal filmglede som låg i dvale, blei vakt til live igjen, utelukkande på grunn av filmane hans. Dette maratonet gav meg ei meining då eg trengte det som mest. Faktisk hadde truleg ikkje Filmloftet eksistert i dag utan denne veka med reint filmgull, og det er takk vere The Master of Horror.

Dette er hovudgrunnen til at vi no rettar absolutt heile fokuset på Carpenter gjennom september, som ei perfekt oppvarming til Spooktober.

Eit foto av John Carpenter av Sophie Gransard.
John Carpenter (foto av Sophie Gransard)

Bli med oss på denne reisa, og bruk kommentarfeltet flittig: Er det «ting og tang» frå Carpenter sitt univers vi berre nemne?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *