Ein poster av The Dentist frå 1996.

The Dentist (1996): Rein psykopatisk moro i tannlegestolen!

Det er 30 år sidan sist eg såg skrekkfilmen The Dentist (1996) på VHS, då han var fersk på videohylla. Av alle skrekkfilmar hittil i Spooktober, var dette filmen som underheldt meg MEST (nesten)!

Corbin Bernsen spelar ein vellykka tannlege med stort hus, svømmebasseng og ei vakker kone med perfekte tenner. Men akkurat som for Michael Douglas i Falling Down, skal dette bli ein svært dårleg dag for tannlegen.

Vi får høyre Dr. Feinstone sine tankar, fordi det er han som fortel oss om dei neste dagane. Han er sjukeleg oppteken av «filth» og bakteriar. Frå vindauget sitt studerer han bassengrensaren, som står der skitten og svett. Han set seg i bilen og skal køyre til jobb, men ombestemmer seg på instinkt. Han går tilbake og oppdagar at kona – på sjølvaste jubileumsdagen – er utru med den skitne «poolman»-en. Ein psykopat blir fødd!

Jepp, denne skrekkfilmen handlar om ein mentalt ustabil tannlege som raknar fullstendig. Men på jobb skal han, der alle medarbeidarane og pasientane hans ventar!

Corbin Bernsen som ein gal tannlege i skrekkfilmen The Dentist (1996).
Corbin Bernsen i The Dentist (1996)

Verdas lysaste skrekkfilm?

The Dentist er spesiell. Dette er den lysaste skrekkfilmen som finst. Her er ingen mørke scener som er typiske for sjangeren, men alt er overdrive opplyst i dagslys – akkurat slik eit tannlegekontor har det: mykje lys.

Regissør Brian Yuzna lagar ein heil tannlegekontor-dans. Vi går frå venterommet og resepsjonen, og innom diverse pleierom. Overalt er det pasientar som ventar og kollegaer på jobb, og midt i det heile har vi ein Corbin Bernsen som fullstendig psykopat, der han både torturerer og drep i eit bygg stappa med folk. Og etter at han har knekt ein kjeve, eller bora sund ei tann, går han ut mellom dei andre og prøver å verke profesjonell og serviceinnstilt. At han prøver å halde maska, er filmen sitt store høgdepunkt!

Skatteinnkrevarar, tannregulering og VHS-magi

Eg elskar òg dei andre på tannlegekontoret. Ho som sit bak resepsjonen og har ein vanleg dag på jobb medan skrika kjem frå tannlegen sitt rom (jaja, det er vel normalt). Så har vi stakkars Sarah, jenta med streng som har venta i to år på å fjerne han. Ho gler seg sånn, men blir alltid kasta bakarst i køa – ein genistrek, fordi vi veit at den neste i køa vil få oppleve eit mareritt!

Corbin Bernsen som Doktor Feinstone i aksjon! Frå skrekkfilmen The Dentist (1996).
Dr. Feinstone i aksjon!

Earl Boen spelar òg her – psykologen frå The Terminator. Her er han ein skatteinnkrevar som på korrupt vis prøver å få seg ein gratis tannlegetime gjennom utpressing. Nokre av pasientane til Dr. Corbin Bernsen får som fortent! Men filmen eig ingen moral – ALLE får gjennomgå. Eg elskar spesialeffektane som viser innsida av kjeften når ei tann blir bora i hel, eller når blodet siv ut av skadane påførte av psykotannlegen! Alt er rein og skjær psykopatisk moro!

Brian Yuzna regisserer, og med seg har han Stuart Gordon. Desse to er eit radarpar som står bak store klassikarar som Re-Animator (1985), From Beyond (1986) og Dolls (1987). Begge to har jobba mykje med Charles Band sitt «Empire Pictures» – tidenes VHS-MAGI-selskap.

The Dentist er ein forskrudd film, veldig rar og morosam – men òg til tider veldig effektiv psykologisk skrekk.

Terminal-pila: ▲

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *