Crystal Lake (2026)
Dette er ein prequel-serie basert på Friday the 13th-filmane, om Pamela Voorhees og Jason kring tida Jason drukna. I første episode var eg bittelitt interessert. Men så gjekk det rett i dass. Serieskaparane prøver på det umoglege: å tilfredsstille blodfansen og samstundes vinne nye hjarte frå dagens ungdom. Her er nokre scenar med splatter og gørr som er kjekke. Diverre er alt anna grusamt. Dei prøver å gje Pamela og Jason nokre Stranger Things– og Stephen King-aktige superkrefter, noko som øydelegg mystikken. Tingen er at konseptet ikkje høyrer heime som serie. Sidan eg spolte ein del i denne serien, gjev eg ikkje karakter.
Terminal-Pila: Ingen karakter
Jason Voorhees og Fredag den trettande: Kvifor elskar vi denne slasher-serien?
Eg gjorde ein feil – dette skulle eigentleg rett på systemloggen, men sløv i hjernen som eg er, hamna teksten på framsida! Og eg kan jo ikkje berre leggje ut ei så kort tekst om noko der, så då tenkte eg å skrive litt meir om skrekkfilmserien Fredag den trettande, som eg har vore fan av heile livet!
Kva er det med desse filmane som gjev meg slik glede, tenkte eg. På ein måte er denne skrekkfilmserien ikkje noko særleg bra. Karakterane bryr vi oss aldri om. Filmane er på sett og vis ein billig kopi av Halloween (1978). Og kvar einaste film handlar kun om dette: ungdomar, sex og splatter.
Hyttetur, «cannonfodder» og gory effektar
Men noko er det! Først og fremst elskar eg scenarioet kring Crystal Lake. Det er som om eg reiser på ferie dit. Eg likar skauen og hyttelivet! Og karakterane, som er dødsdømde frå første sekund, er rein «cannonfodder» for Jason eller mora. Vi blir presenterte for dei som naive ungdomar som kun tenkjer på det alle 16-åringar tenkte på åttitalet – det er noko herleg enkelt ved det heile.
Så har vi effektane. Groteske drap med knallgodt utført make-up. Allereie som 11-åring var eg fascinert av gory effektar. I Friday the 13th er dei knallgode – og heilt perfeksjonerte i Part III og Part IV.

Ein stum CONAN-slasher med ishockeymaske
MEN, først og fremst er det noko med sjølvaste Jason Voorhees eg elskar. Han og Freddy Krueger var åttitalets store skrekk-kjemper, og dei var totalt motsette. Freddy som utadvend og prateglad, Jason som ein innadvend, stum CONAN-slasher. Då han fekk ishockeymaska, var han perfeksjonert. Den maska er viktig, saman med den store fysikken hans.
Filmane er enkle. Her er ingen djup og symbolsk handling. Det vi vil sjå, er kåte ungdomar som blir myrda på kreative måtar. Når vi høyrer «Ki ki ki, ma ma ma», veit vi at NO BLIR VI SERVERT BLOD, og vi jublar! Det var akkurat det som skjedde i kinosalane på åttitalet: Ungdomen jubla då ungdomen på storskjermen blei høgd opp av ei øks eller penetrert med eit spyd.
Kvifor Roger Ebert tok feil
Kritikarlegenda Roger Ebert var ingen fan. Han hata konseptet og den meiningslause valden, med null handling eller moral. Men Ebert var gammal, oppe i førtiåra. Slike filmar var aldri meinte for dei eldre eller for foreldre. Dette var moro for ungdomen, og for oss barna som såg på i smug.
Og no er vi vaksne, og framleis er Friday the 13th stort for oss blodfans. No kan vi sjå på at Jason herjar, medan vi slappar godt av i sofaen og tenkjer: «Slik lagar dei ikkje filmar lenger.» Slik, då har eg skrive litt!
