Harold Perrineau i skrekkseria "From".

From: Skrekken og saueflokken

From er ein serie eg elskar å hate, og hatar å elske. På ein måte er dette ein god, gammaldags serie slik dei blei laga før. Han minner meg litt om Lost, men som ein grotesk skrekkvariant. Eg byrja tilfeldigvis å sjå på serien då den kom, og sidan har eg sett kvar einaste sesong.

Han handlar om folk som hamnar på ein mystisk plass, ein liten landsby med politistasjon, diner, postkontor og diverse. Alle som kjem hit, sit fast som i eit mareritt. Dette er verkeleg inne på eit Stephen King-territorium! På natta kjem det glisande, onde menneske som går rundt og plagar karakterane. Får dei tak i deg, blir dei til monster og torturerer deg før dei drep. Så det heile kjennest som ein bestialsk dødsleik.

KVAR BIDIGE GONG!!!!

Det som gjer meg eitrandes forbanna, er FOLKA SOM ER STRANDA her. Karakterane er heilt fokkings håplause! Alle prøver å finne ut av mysteriet, MEN INGEN SNAKKAR I LAG!! Kommunikasjonen er meir skrekkeleg enn monstera!

Dei går rundt og oppdagar ting kvar for seg, og så seier dei ingenting til kvarandre. Når nokon spør om eitkvart kring mysteriet, nøler dei med å prate – KVAR BIDIGE GONG!!!! Desse idiotane ikkje snakkar til kvarandre!!!

Gjengen foran dineren i skrekkseria From.
Snakk med kvarandre folkens!

Saueflokken og statistspeiding

Samstundes er det morosamt å sjå kven som blir kva; rollene folk tek på seg. Den ansvarlege, pleiaren, politiet, bonden og så vidare. Her er 50 folk, og mange av dei er berre statistar. Eg likar å studere dette bakgrunnsfolket medan hovudpersonane nok ein gong rotar seg bort i noko tull og gjer ting verre. Det er fascinerande å sjå denne saueflokken gå rundt og late som ingenting er gale, at dei prøver å lage ein kvardag midt i elendet – slik mennesket alltid gjer, uansett.

Harold Perrineau har hovudrolla, og han irriterer meg faktisk minst, men fortsatt ein del! Han er den folkevalde politimannen. Harold spelte også i Lost. Knall skodespeler!

Harold Perrineau med eit smilandes monster bak seg, frå tv-seria From.
Harold Perrineau og eit smilandes monster!

Ein frustrerande avhengigheit

Eg har blitt heilt avhengig av serien. Det er umogleg for meg å bestemme meg for om eg eigentleg likar han, men eg endar opp med å sjå kvar sesong, så noko er det. Eg trur nesten det må vere fordi eg heiar på monstera!

Kvar sesong ventar eg på eit gjennombrot, at dei kjem til fornuft. At dei klarar å finne ut av noko. Men nei. Dei endar alltid opp tilbake til start. Sesong 1 er best. Toaren er bra. Den tredje testa tolmodet mitt. Og no, den fjerde – COME ON, kom til poenget!!! Men nei, dei skal visst lage ein femte òg.

Den fjerde er rett nok betre enn den tredje, og eg er uansett avhengig. Eg må vere det, for eg klarar ikkje å slutte å sjå på desse toskane! Eg hatar å elske dei, og eg elskar å hate dei. Korleis kan eg gje karakter til noko slikt? Serien er nesten umogleg å skrive ein strukturert omtale av fordi det er så altfor mykje informasjon her. Og kvar sesong er ein repeat av den forrige…arghhhh.

Men eg gir ein god karakter likevel! (HEEELP ME)

Terminal-pila: ▲

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *