Carpenter for nybyrjarar: 5 filmar du må sjå først
Kva med å lage ein guide for folk, spesielt yngre, som ikkje kjenner til Carpenter så godt? Ein slags Carpenter for dummies, tenkte eg. Det viktig å presisere at ting ofte må sjåast i riktig rekkefølge. Når ein filmskapar har laga så mykje ulikt innan fleire sjangrar, er det mykje som ikkje kan forståast før ein har blitt kjend med stilen hans. Det er smart å starte riktig. Tenk om ein som aldri har høyrt Metallica går og kjøper seg eit album, la oss seie Load – eg trur neppe det blir kjøpt fleire album då!
The Ward er ikkje Carpenters beste, men det er gode ting i filmen. Memoirs of an Invisible Man hatar Carpenter sjølv (akkurat denne skal eg snart ta eit gjensyn med). Ghosts of Mars er generelt mislikt – men så sjukt misforstått!
Men Carpenter for nybyrjarar skal handle om kva filmar av regissøren EG SYNEST er riktig å sjå først, om ein aldri har sett noko av han før. Det krev litt tankegong. Om eg skulle halde ein mini-festival i mi eiga stove, kva filmar hadde eg lina opp slik at gjestane drog heim att med stor nysgjerrigheit for denne filmskaparen? Eg skal gjere mitt beste.
1. Dark Star (1974)
Kvifor? Fordi dette var hans aller første film, laga saman med Dan O’Bannon (Alien) medan dei framleis gjekk på skule. Mange meiner ein bør starte med The Thing, men eg meiner det er feil. Dark Star har ein herleg lågbudsjettsjarm i same gate som The Evil Dead av Sam Raimi, berre endå meir heimelaga og «amatørmessig». Her får du komedie og artig sci-fi-galskap som legg grunnlaget.
2. Assault On Precinct 13 (1976)
Det handlar om progresjon! Frå Dark Star til denne er det EIT GIGANTISK STEG i absolutt alle ledd. Her får vi også høyre Carpenter lage sin eigen filmmusikk for alvor, og den er så fengande at ein vil søke opp musikken umiddelbart etterpå. Han henta inspirasjon frå Howard Hawks sin Rio Bravo, der ein politistasjon blir omleira av galne nihilistar som ikkje bryr seg om dei døyr – dei angrip og fell som zombiar. Ein utruleg fascinerande film.
3. The Thing (1982)
Dei aller fleste har The Thing som sin første film, kan eg tenke meg. Den er på alle lister, scorar skyhøgt på Letterboxd og IMDb. Og det er naturleg. Vi går frå sci-fi, via brutal lågbudsjettaction, til noko av den absolutt beste skrekken i filmhistoria.
4. They Live (1988)
Her var det fristande å plassere Starman (1984) for å gå frå skrekk/sci-fi til knallgod, romantisk sci-fi for å vise breidda til Carpenter. Men nei, eg meiner vi må halde oss til EKTE Carpenter, og They Live er 100 % ein Carpenter-film. Den handlar om ein einsam ulv som tek opp kampen mot «autoriteten» frå ein annan planet! Roddy Piper er legendarisk i hovudrolla.
5. Escape From New York (1981)
Eit lite hopp tilbake i tid, og visse gongar er dette min favorittfilm NOKON SINNE! Uhyre smart laga, med Kurt Russell i toppform og store namn på rollelista. Denne kan kanskje ikkje settast skikkeleg pris på før ein kjenner regissøren (tippar eg for eit moderne publikum). Dette er ein film som skapar nye filmskaparar!
Så dette er mine ekspert-tips for å sjekke ut John Carpenter for noobs. Om dette slår an, er det mykje glede i vente. Big Trouble in Little China blir du verkeleg klar for etter desse. Halloween, ikkje minst – eit reint skrekkmeisterverk. Det kjem meir gull på nittitalet med In the Mouth of Madness og Vampires. Prince of Darkness er ein av åttitalets mest undervurderte! The Fog og Christine er du herved kvalifisert til å sjå, etter å ha smakt nyansane i raudvinen. Til slutt: Sjå Escape From L.A., som ikkje har ein sjanse i havet før ein har sett alt det andre i riktig rekkefølge!

Kva seier folket på Filmskya?
Men vi er ikkje ferdige! Eg spurte Carpenter-fansen på Filmskya kva dei meiner den ultimate startpakka er, og her er svara deira.
Eit revurdert val?
Når eg ser kva fansen på Filmskya svarte, fekk eg brått mine tvil om mine eigne val. Kanskje eg var for overmodig med å tvinge folk til å sjå Dark Star aller først!?
OM eg hadde publikum i mi fulle makt, på ein kino der dei var låste inne til alle 5 filmane var over – ja, då kunne eg ha gjort det slik. Men som eit reint tips for nye sjåarar, kanskje eg må lage ei ny, litt meir folkeleg liste likevel. Då blir fasiten slik:
- The Thing (1982)
- Halloween (1978)
- They Live (1988)
- Big Trouble in Little China (1986)
- Escape from New York (1981)
