Ein alternativ filmposter av The Thing med Kurt Russell fremst.

The Thing (1982): Carpenters skrekk-meisterverk

Som sjølve kronjuvelen i vår John Carpenter-månad, har vi endeleg kome til filmen over alle filmar. Mange av oss som ser mykje film og elskar John Carpenter er samde i at The Thing kanskje er hans aller beste film. Kanskje den beste skrekkfilmen nokon sinne òg. Eg har sett mange skrekkfans som har den som nummer éin, over The Exorcist, The Shining og andre gigantiske klassikarar.

Korleis skrive om eit slikt storverk? Inga aning, men vi må skrive om han – det er sikkert. Eg såg The Thing sist gong i fjor sommar, som var mykje varmare enn denne regnfulle sommaren 2026. Det var så varmt at eg måtte kjøle meg ned i Antarktis. Ein iskald sjåing saman med Russell & co. og det kulaste monsteret på film.Tingen er jo heilt der oppe med Alien og Predator.

John Carpenter gir instruksar til Keith David og Kurt Russell i frå filmen The Thing (1982)
Keith David, John Carpenter og Kurt Russell – Behind the Scenes

«Crazy Swedes» og ei knall opning

Eg har sett The Thing over tjue gongar i mitt liv. Når filmen rullar, veit eg akkurat kva som kjem, og eg kjenner meg heime. Noko av dei mektigaste skrekkøyeblikka i filmhistoria er når Ennio Morricone, med hjelp av Carpenter, gir oss ein dyster synth og beat. Dette saman med eit helikopter med «crazy Swedes» som kastar granatar etter ein hund. Carpenter presenterer oss for alle karakterane i denne meisterlege sekvensen.

Kurt Russell tek kommando over skjermen frå start der han sit og drikk whisky og taper eit slag sjakk mot datamaskina. MacReady er den naturlege leiaren. Hans konkurrenter er Keith David og den eldre Donald Moffat. The Thing har ei superb rollebesetning; kun menn, med stor variasjon i alder – slik som i Alien. Meir eldre folk i roller, takk!

Cheating bitch!

Så blir den eine norske piloten skoten av stasjonssjefen Donald Moffat. Den andre mistar granaten sin og døyr i eksplosjonen i helikopteret. Hunden går rett til menneska. Einestøingen Richard Masur, tek seg av hunden på flekken. Ein lærer mykje om karakterane i denne opninga. Masur er ein av mine favorittkarakterar her – dyreelskaren som held seg for seg sjølv fordi han ikkje likar sin eigen rase.

Kurt Russell spelar MacReady som her utforskar den norske basen i John Carpenters The Thing (1982)
Kurt Russell som MacReady. Elskar denne mystiske delen kor dei utforskar den norske basen.

Mysteriet i isødet

Den kalde atmosfæra set inn, og vi blir presenterte for eit stort mysterium eg allereie som 12-åring grubla hardt på: Kvifor jakta desse galne nordmennene på ein hund over isødet? Pilot MacReady fyrer opp helikopteret sitt og reiser i lag med Dr. Copper (Richard Dysart) og nokre andre for å finne basen til vikingane. Eg kjenner eg får lyst til å setje på The Thing medan eg skriv dette!

For scena kring utforskinga av den norske basen er filmmagi deluxe! Eg elskar scenene der dei går rundt og finn groteske, frosne lik i ein nedbrent ruin av ein base. Dei kikkar i arkiva for å finne løysinga på gåta. Sci-fi-nerden i meg skrik av glede då dei oppdagar ei utgraving midt ute i eit stort, nedfrose område; ein UFO som har lege nedgraven i hundretusen år – den same som vi såg styrte i opningssekvensen av ypperste slag! Men det største mysteriet er den nedbrente fleskeklasa av ymse ting ingen forstår kva er. Dei tek med seg «dette» tilbake.

MacReady står med sine kollegaer med kulde overalt. Frå John Carpenters The Thing (1982).
Kulda i The Thing kjem ut og gjennom TV-skjermen! MacReady og sine kollegaer – kven er Tingen!?

Paranoia og ufyselege effektar

John Carpenter har sagt at Alistair MacLeans Ice Station Zebra (1968) er ein film han elskar. Mykje av is-atmosfæra er å finne her òg. Ein iskald storm nærmar seg den amerikanske basen. No får vi bli kjende med leiren, alle gangane og romma – filma på skikkeleg vis med anamorphic Panavision, den feitaste widescreen-looken. Vi får tid til å henge med dei dødsdømte karakterane som snart skal bli ganske så paranoide.

Eit stikkord: Paranoia! Kven er skurken? For Dr. Copper og Blair (Wilford Brimley) lærer ut ifrå fleskeklumpen dei tok med heim at det er ein utanomjordisk organisme, og den sin «special skill» er å imitere liv – 100 %.

SPOILER-ÅTVARING: Les vidare på eige ansvar!

Richard Masur forstår ingenting når hundane plutseleg bjeffar og hyler. Hunden som sprang over isen, blei låst inne med dei andre sledehundane, og den unge effektmakaren Rob Bottin får frie tøyler. Han slepper laus nokre av dei beste praktiske effektane i heile filmhistoria!

Noko av det største sjokket i mitt liv er når Dr. Copper skal gi gjenopplivingsstøt til stakkars Charles Hallahan som ligg på bordet, halvvegs i live. Kødda du? Det er legendarisk, og eg misunner alle filmfans der ute som ikkje har sett desse gylne scenene enno!

You gotta be fucking kidding

Isolasjon, musikk og eit beksvart punktum

John Carpenter har gong på gong sagt at The Thing er den filmen han er mest stolt av. Han fekk endeleg lage ein studiofilm, med eit stort budsjett på totalt 15 millionar dollar tidleg på åttitalet. Og tolv veker med øving av scenene med skodespelarane. Med grundig førarbeid og god kjemi i gjengen blir sjølvsagt resultatet endå betre.

Sjølv om filmen er eit meisterverk i dag, er det eit av filmhistoriens største paradoks at han floppa brutalt på kino i 1982. Kritikarane slakta han for å vere altfor mørk, kynisk og valdeleg. Publikum den sommaren ville mykje heller sjå den koselege og hjartevarme romvesen-filmen E.T.. Kontrasten frå kinofiasko den gongen til den ikoniske kultstatusen filmen har i dag, er rett og slett enorm.

Effektane i filmen får naturlegvis mykje merksemd, men grunnen til at eg elskar filmen er mykje meir enn berre gørr. Det er skodespelarane og samhaldet inne i leiren, i lag med Dean Cundey sitt virtuose filmfoto og Carpenter sin regi, som gjer filmen så uuthaldeleg bra. Sjå korleis dei blir filma når dei står i store grupper. Scena der dei alle er bundne fast, og MacReady køyrer den berømte blodtesten med petriskålene og den glødande kopartråden, er ei uhyre godt iscenesett scene. Spenninga når blodet plutseleg reagerer for å forsvare seg, er til å ta og føle på! Kameraet er akkurat der det skal vere.

Iskald atmosfære og anti-Hollywood-slutt!

Atmosfæra i leiren er like god som atmosfæra i hotellet til Kubrick, med isolasjon, minusgrader og noko veldig diabolsk på innsida. Ennio Morricone sitt filmscore er ikkje noko ein set på for å kose seg, men heller for å bli skremt. Eg har høyrt det masse, og oppdagar alltid noko creepy og nytt, slik eg gjer med Jerry Goldsmith sitt The Omen-soundtrack.

Slutten på The Thing er den beste slutten i ein skrekkfilm – ever! Ein mørk og tvitydig anti-Hollywood-slutt, der berre MacReady og Childs (ein knall Keith David) sit frysande att i ruinane, med mistruen brennande mellom seg. Heile filmen frå start til slutt er ekstremt mørk. Kvitt på utsida, kolsvart på innsida. Det er dommedag av tredje grad, og eg elskar kvart eit sekund. Ikkje for lite, ikkje for mykje.

Why don’t we just wait here a little while… see what happens

Det norske VHS-coveret av The Thing (1982)
Slik såg det norske VHS-coveret ut av «Tingen Fra En Annen Verden»

Kurt Russell og kun kjærleik!

Kurt Russell er med på å heve filmen betrakteleg. Han strålar karisma her meir enn i nokon annan film han har laga – kanskje i eit forsøk på å bryte Disney-imaget frå ungdomen sin. Med god hjelp frå Carpenter i både The Thing og Escape From New York, lukkast han med å bli ein av dei største. Karakteren MacReady er ei filmlegende. Eg elskar han. Eg elskar The Thing, og Carpenter og heile gjengen i dette filmprosjektet.

Tingen er, at dette er kanskje den beste skrekkfilmen, nokon sinne.

Terminal-pila: ◀◁ 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *