El Diablo (1990): Carpenters gløymde western-komedie
Kva med ein valdeleg komediewestern produsert og skriven av John Carpenter (i lag med Tommy Lee Wallace og Bill Phillips) som i dag kan sjåast på HBO? Som ein del av vår store John Carpenter-månad, held maratonet fram. El Diablo er ein TV-film, men reint kvalitetsmessig er handverket godt og filmen er slett ikkje verst!
Ein klumsete lærar i ville vesten
Anthony Edwards spelar ein lærar frå Boston som har fått seg jobb i ville vesten. El Diablo med sin fæle gjeng bandittar kjem til byen hans og kidnappar stjerneeleven hans. Med favorittboka si om westernhelten «Kid Durango» i veska, lovar han mora å finne dottera og få henne heim, og han legg i veg ut på den nådelause prærien. Heldigvis møter han på ein driven, gammal rev i Louis Gossett Jr. som vil hjelpe han.

Squibs, blod og knallgod casting
Filmen har ein ganske tøysete natur med ein fot i komediesjangeren, men tidvis får vi servert nokre heftige actionscener med herleg squibs-bruk og blodige duellar. Det er Louis Gossett Jr. som er juvelen i filmen, han er så god!
Gradvis dukkar det opp mange kjende fjes som joinar gjengen deira, som John Glover, Joe Pantoliano, ein knall M. C. Gainey, og åttitals-skurkehelten Branscombe Richmond! El Diablo sjølv er spelt av Robert Beltran som vi kjenner frå Eating Raoul (1982). Så med ei så knall skodespelarbesetning koste eg meg stort.
Bakom spakane
Fans av Back to the Future Part III og John Landis sin Three Amigos! (1986) kan sikkert setje pris på denne. Anthony Edwards er like håplaus som Steve Martin & co. – han er så klumsete at han skyt hestane sine gong på gong. Dette er ikkje ein type komedie eg sit og ler høgt av, men eg sat med eit smil heile vegen.
Ifølgje Wikipedia skulle John Carpenter eigentleg regissere El Diablo sjølv rett etter The Fog, men det gjorde han nervøs. Så Peter Markle tok seg av regien, og han har trass alt laga nokre Filmloftet-perler før med Youngblood (1986) og Bat 21 (1988).
Eg likte El Diablo! Ein skal ikkje undervurdere TV-filmar, i alle fall ikkje når John Carpenter er med på dei. Someone’s Watching Me! var knall, og eg har ikkje gitt opp håpet om å få sjå Elvis (1979) innan september er over.
