Natasha Richardson som Mary Shelley ligger på senga og eit lite monster står på ho. Frå filmen Gothic 1986.

Anmeldelse: Gothic (1986) gotisk galskap

Ein gong på åttitalet hugsar eg klart at eg såg Gothic, og sidan har eg bore rundt i minnet mitt at filmen var total galskap og frykteleg skremmande. Eg kan bekrefte med dette gjensynet at filmen er indeed gal, men ikkje så skremmande som han ein gong var. Men det hindrar ikkje meg i å gi filmen ein tommel opp!

Ken Russell er kjend for å lage rare ting, og Gothic må vere den særaste av dei alle. Filmen handlar om fire kjende forfattarar på 1800-talet som samlast ein kveld i det svære herskapshuset til Lord Byron, spelt knall av Gabriel Byrne. Alle spelar knall; Natasha Richardson spelar Mary Shelley, og ein sprudlande Julian Sands spelar hennar ektemann. Myriam Cyr storspelar, men vinnaren er Timothy Spall som Dr. John William Polidori: han tek skodespel til the next level!

Natasha Richardson, Julian Sands, Gabriel Byrne, Myriam Cyr og Timothy Spall er klar for ei natt dei aldri vil gløyme! Frå filmen Gothic (1986).
Ein herleg gjeng britiske skodespelarar!

Eit absint-dreve mareritt

Heile filmen føregår inne på dette herskapshuset. Lyn, torden og kraftig vind herjar rundt landskapet når desse kjende forfattarane skal mane fram vonde ånder med ein hovudskalle. Ken Russell let dei drikke absint, springe galne og nakne på både hustak og i gangane. Det dukkar opp monster som gøymer seg i skuggane i den gotiske heimen. Her er så mykje herleg energi at eg blei fullstendig medriven, og det er nesten meir komedie enn skrekk.

Men bak all galskap og seksuell fridom ligg det noko meir alvorleg til grunn kring Mary Shelley. Nokre år før mista ho son sin, noko som fekk ho til å skrive Frankenstein – blir vi fortalt av Ken Russell. Dette kjennest gjennom filmen, men veldig diskré og subtilt som eit mørkt bakteppe.

Thomas Dolby sin musikk må også nemnast – ein rar New Wave 80s popbeat med orkester heva denne kuriositeten til eit høgare nivå.

For spesielt interesserte

Nei, eg storkosa meg med Gothic! Her var ei knall atmosfære, og med vidvinkel-filmfoto som Yorgos Lanthimos kunne ha vore stolt av. Ken Russell er for spesielt interesserte, for filmane han lagar er frå ein annan planet.

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *