Starman (1984): Anmeldelse
Som ein naturleg del av vår store John Carpenter-månad, kjem vi no til ein film med stor filmmagi: Starman (1984) er John Carpenters aller mest positive film! Eg har alltid digga UFO-filmar om snille aliens. Mine favorittar er Close Encounters of the Third Kind, E.T., The Abyss og denne her. Og det har absolutt ikkje forandra seg med dette gjensynet.
Ein vaksen baby frå verdsrommet
Filmen handlar om eit romvesen som kjem til jorda etter å ha fått ein invitasjon frå romsonden Voyager 2. Men kva møter vesenet? Rakettar frå ein F-16! Romskipet styrtar rett i skauen, like ved der Karen Allen bur. Etter å ha sett ein gammal 8mm-film av sin døde ektemann, sovnar ho i stolen. Brått kjem eit blått lys inn i huset hennar, skannar rommet, finn nokre hår frå den avdøde ektemannen, og sim sala bim – Jeff Bridges gjenoppstår heilt naken omtrent som Schwarzenegger i Terminator.
Starman er i bunn og grunn ein roadmovie. Her er det ting som minner meg sterkt om Paris, Texas – spesielt i måten Jeff Bridges navigerer verda si i menneskeform på; han er som ein Travis-alien. Det er uunngåeleg å ikkje tenke på Steven Spielberg her. John Carpenter beviser verkeleg at han kan konkurrere mot den beste frå åttitalet i ein rein sentimentalitet-duell. For denne filmen er varm, og til dei grader god.

Universal godheit og menneskeleg kynisme
Ta for eksempel ei heilt enkel scene: Alien-Bridges ser ein hjort som er bunden til ein bil medan dei sit på ein veikro. Han går ut, gjenopplivar hjorten, og lèt den springe ut i skauen att. Sjølvsagt får Bridges bank av jegeren etterpå. Scena handlar eigentleg ikkje om kjøtteting eller jakt, men om ei universell, enkel godheit som rørte meg kraftig. Og Carpenter tek seg god tid med denne scena – løve it!
Sjølv om Starman er Carpenters mest positive verk, er synet hans på menneskeheita framleis noko skeptisk. Vi sender Voyager 2 – ein gigantisk flaskepost – ut i verdsrommet med bodskap om kjærleik og «kom på besøk». Men kva skjer når nokon der ute faktisk svarer og kjem? Dei blir skotne ned på sekundet dei kjem inn i atmosfæren. Og klart menneska vil jakte på vesenet for å dissekere og utnytte det.
Sorg, heling og filmatiske parallellar
Men først og fremst handlar filmen om sorg, tap og vegen mot heling. Karen Allen druknar i sorg, og ved eit reint mirakel dukkar ein alien opp og tek forma til hennar kjære, døde ektemann. Jeff Bridges er komisk og knallgod i rolla. Når det er sagt, likar eg Karen Allen endå betre – ho er SÅ GOD. Ein av hovudgrunnane til at Raiders of the Lost Ark er så fordømt god er nettopp på grunn av henne. Så her slenger eg mykje elsk til ei av åttitalets store stjerner!

Spoliers ALERT vidare…
Starman er ein film som rommar utruleg mykje, og tankane mine gjekk i hytt og vêr til mange andre filmar. Leeloo frå The Fifth Element er for eksempel veldig lik stjernemannen. Ho blir også fødd i ein fei, sendt ut i verda som ein vaksen baby, og blir jaga. Eg kom også til å tenke på Kyle Reese frå Terminator, som kjem frå ei anna verd, tvingar med seg ei ung kvinne, blir forelska, det heile endar med at den eine «forlèt» den andre, og at kvinna sit att gravid.
Og så mistenker eg KRAFTIG at David Lynch såg Starman før han kasta seg over meisterverket Twin Peaks (Sesong 3). Dale Cooper er gjennom heile den sesongen akkurat som Jeff Bridges i Starman, med denne «vaksne baby»-oppførselen. Ikkje berre det, han elskar òg eplepai. Og som om ikkje det var nok: Her tek Bridges med seg Allen inn på eit kasino i Las Vegas og vinn fleire jackpotar på spelemaskinene, akkurat som Dale Cooper gjer. Eg er brennsikker på at det er ein samanheng!
Som eg skreiv i starten, har eg eit veldig nært forhold til Starman. Dette var eit utruleg oppløftande gjensyn, og det gjorde meg rett og slett glad at John Carpenter fekk moglegheita til å lage ein slik film. Han laga ikkje musikken sjølv denne gongen, men Jack Nitzsche nailar soundtracket til gåsehud-nivå. FOR EIN MUSIKK! Filmfotoet er vakkert, og det aller meste har tolt tidas tann. Karen Allen i lag med Jeff Bridges er den verkelege styrken til filmen; dei har ein heilt vidunderleg kjemi.
