Primate (2026) omtale: Rabies-ape mot mobil-zombiar
Ser ein på tittelen isolert, kunne denne filmen likegodt handla om ein svett, dritings, solbrend norsk syden-turist, med ein kropp som roper «hjeeeelp!… eg er to potetgullflak frå eit massivt hjerteinfarkt»… men nei, Primate handlar om ein sjimpanse, med rabies, som på ganske gørre og lite kreative måtar, tek livet av ei knippe, enda gørrare, og enda mindre kreative ungdomar.
Kva er verst i Primate – rabies eller mobiltelefonar?
Følte heile denne skiten handla om desse krapyla og jakta på deira favoritt-gjenstand… EVER! Jepp, you know it baby… den satans forpulte mobiltelefonen! Faen i helvete! Ingenting gir meg meir lyst til å skru av ein film enn når eg ser ungdomar, og vaksne for den del, fikle med, og sikle over den jævla mobilen! Er denne idiot-dingsen det minst visuelt tiltalande ein kan ha i ein film, eller ka? Meeeeen, rett skal vere rett. Dette er laaaangt ifrå det verste tilfellet av denne sjukdomen… nei, ikkje rabies… mobilen… men, likevel, her var nok til at gag-refleksen min fekk testa seg. Litt som på 90-talet då ein smakte Peach Canei for første gong. Djizes fokking hell! Det var tider det! EVIG RUS! Anywho… I digress… som vanleg.
⚠️ DENNEHYS DOM ☢️: Kven heiar vi eigentleg på til slutt?
Kort oppsumert så var dette ei jævlig gørr, meiningslaus og intetsigande affære. Litt som å høyre ein religiøs prate religion… meeeeeen, igjen… rett skal vere rett… SÅ jævla ille var det heldigvis ikkje! Konkluderte raskt med at eg likte den rabies-befengte morderiske hårballen best. Kvifor? Fordi det var den einaste utan mobiltelefon!
Terningkast: All dressed up and no one to blow.
