Ein poster av Dead Calm (1989).

Dead Calm (1989): Seglbåt-marerittet med ein «inZane» Billy Zane!

Skrekkthrilleren Dead Calm (1989) var ein stor hit på videosjappa, og han var ein skikkeleg snakkis heile året i 1990. Eg meiner på at eg såg han på kino, men det er kanskje eit falskt minne. Filmen hadde 16-års aldersgrense, og eg var 14 år i september 1989 – snart førti år sidan. Uansett! Eg fall pladask for filmen, for her blei eg introdusert for Nicole Kidman og Billy Zane, og ikkje minst Sam Neill, som frå før var på radaren min etter at eg såg Omen III: The Final Conflict.

Handlinga er veldig enkel: Sam Neill og Nicole Kidman stikk ut på bølgjan blå med ein seglbåt etter ei traumatisk ulukke der dei mistar sonen sin. Dei møter på ein forlist Billy Zane, som seier at seglbåten hans søkk. Men Neill er nysgjerrig, sjekkar seglbåten og møter eit mareritt. Zane stel kona og seglbåten, medan Neill står att på eit synkande skip. Her er det kun tre karakterar, pluss hunden Ben.

Tre skodespelarar i toppform – og ein firbeint rakkar

Nicole Kidman

Nicole Kidman som kikar ut mot havet etter mannen sin, frå filmen Dead Calm (1989).
Nicole Kidman i flott solnedgang. Dead Calm (1989)

Det er rart å sjå ho her, så ung og så australsk. Kvinna ho spelar, blir utsett for det aller største traumet, som vi får sjå i opninga av filmen til veldig psykologisk forstyrrande musikk. Så karakteren hennar skal få den beste traumebehandlinga av dei alle: overleving! Dette er ein klisjé i desse dagar, men i 1989 var dette nytt for oss yngre i publikum. Klart denne karakteren får gjennomgå av manusforfattaren. Ho blir kidnappa i sin eigen båt, og blir valdteken og terrorisert av ein veldig sjuk mann. Det som overraska meg, er at ho sparer livet til inZane nokre gonger. Er ho tvers gjennom god? Ser ho at mannen er så sjuk at han høyrer heime på eit mentalsjukehus? Ja, dette er originalt!

Sam Neill

Sam Neill som er forlatt på eit synkandes skip og kontaktar kona på radio, frå filmen Dead Calm (1989).
Sam Neill fanga på «Event Horizion»? – Dead Calm (1989)

Han kjem heim frå marinen då kona og sonen hamnar i ulukka. Ikkje særleg pratsam, og ein veldig dyktig sjømann! EG DIGGA når han stikk over til det tomme skipet til Billy Zane. Han blir som sagt forlaten der, og filmen blir splitta i to: han som må overleve, og ho som er kidnappa. Eg kom til å tenkje på Event Horizon. Her kjem han til eit forlate skip, akkurat slik som i Event, og noko grusamt har skjedd. Kroppsdelar kjem flytande. Folk har blitt myrda på bestialske måtar. Og på TV-skjermen, etter at han får straum i skipet, får vi sjå kva som skjedde med Billy og gjengen han reiste med. Dette er kult, og veldig likt Event Horizon, som han sjølv skulle spele i seinare. Scena der han pustar gjennom eit rør – fantastisk!

Billy Zane

Billy Zane spelar ganske bra inZane!

For ein tapar! Gjennom videoen vi får sjå på TV-en når Sam Neill er der, ser vi ein usikker mann som blir hetsa av ein filmfotograf. Zane sin karakter arrangerte ein seglas med modellar som er «villige» for å lage snuskefilm. I videoen høyrer vi fotografen audmjuke han – noko som vekte eit blodig raseri. Han er veldig nonchalant i starten av kidnappinga. Han minner meg om amerikanarar eg møtte på backpacking: ein sånn storkar som lagar banana pancakes, går med eit sånt silkehandkle og dansar til musikk på kassettspelaren. Sjarmerande i det eine sekundet, og i det neste: totalt psykopat. Billy Zane meistrar denne balansen ganske godt! Eg plasserte Zane på 15ande plass i topp 25 lista over dei beste skurkane i skrekkfilm.

Ben the Dog

For ein rakkar! Kidman saboterer båten og kastar ein kritisk del av motoren på sjøen – og Ben hoppar ut i vatnet og hentar han tilbake til Billy! Og når ho snik seg vekk for å montere saman hagla, bjeffar han og øydelegg den einaste sjansen hennar før Billy Zane valdtek ho. Ben er indirekte ansvarleg. Men kva veit vel Ben? Han vil berre ha det kjekt! Eg synest synd på Ben.

Australsk naturkrefter og subjektiv filmmagi

Det er nesten eit overnaturleg element i filmen. Noko typisk australsk i korleis naturen sørgjer for at Sam Neill nesten blir smadra av eit tau og ein båtdel. At ei mast bryt i ein storm og går gjennom dekk, slik at Sam Neill blir låst inne i eit synkande skip. Og så han rakkaren Ben!

Elles er dette berre ein gjennomført bra laga film av Phillip Noyce. Ikkje ein legendarisk regissør, men i mine auge er Patriot Games (1992) veldig bra, og det same gjeld Clear and Present Danger (1994) og The Saint (1997). Graeme Revell mekka eit godt filmscore, som blir brukt sparsamt sidan lydane av havet er så viktige. Fotograf Dean Semler (Young Guns, Mad Max 3, Dances with Wolves) har eit godt auge for gode motiv; dette er ein særdeles vakker film.

Kanskje eg overvurderer filmen på grunn av nostalgien min – men eg er ferdig med å prøve å sjå film objektivt. Film er subjektivt uansett korleis ein vender på det, og slik er det med ALLE. Dead Calm har mykje eg elskar: det opne havet, overleving, galne psykopatar og ein fordømt bra skjebne for ein skurk. Ein ting eg ikkje taklar, er når ein vond skurk slepp unna for billig – når filmskaparane feigar ut og lèt dei dø enkelt. Dead Calm leverer verkeleg på det punktet!

Terminal-pila: ◀◁ 

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *