The Drama (2026): Anmeldelse
The Drama har ein vakker fasade med Zendaya og Robert Pattinson i hovudrollene, men filmen er fullstendig tom på innsida.
Kva slags film prøver The Drama å vere? Eg tenkte først: ein rar og annleis romantisk komedie med pinleg humor, slik som frå The Office. Samt noko sjokkerande, noko i Ruben Östlund si gate. Men kva den eigentleg er, spelar ingen rolle, for eg likte ikkje filmen. Eg likte ikkje forteljinga, humoren, «dramaet», Zendaya eller Pattinson.
SPOILERS VIDARE
Kva slags film prøver dette å vere?
Her er ein scene den første halvtimen med fire personar. Ein samtale med vin, med snakk om kva det verste ein har gjort er. Eit forsøk på Woody? tenkte eg. Scena varer lenge, og har null meining anna enn rein sjokkverdi – og det som skal leie oss til filmen sitt premiss: nesten-masseskyting-kjærasten.
Zendaya sin karakter vurderte ei såkalla skuleskyting då ho var 15 år, og seier det i ruspåverka tilstand til sin forlova og dei to vennene deira. Alt, og resten av filmen, skal no handle om dette.
Eit premiss som stinkar
Ein passande norsk tittel hadde vore «Hjelp, kjærasten er ein nesten-masseskytar!». Dei skal som sagt gifte seg, og Pattinson får mykje å gruble på: Er ho psykopat? Endå? Vi får sjå at Zendaya sin karakter blei mobba på skulen, og bla bla bla. Heile dette premisset stinkar, og er ein massiv turn-off.
Regissør Kristoffer Borgli vil lage ein pinleg og kontroversiell situasjonskomedie ut av dette. Eg blei verken sjokkert eller underhalden. Ikkje lo eg. Ikkje blei eg intellektuelt stimulert heller. Det einaste eg tenkte på resten av filmen var: skuleskyting? SkuleSKYTING? Eg blei like gal som Pattinson.
Spying, Östlund og eit svakt Festen-klimaks
Det held fram i ein time slik, der The Drama speler på denne masseskytings-ideen. Ja, og så er her mykje spying. Prøver Borgli å konkurrere mot Östlund? Eg likte i alle fall Triangle of Sadness mykje betre.
Så kjem vi mot den siste halvtimen. Då blir vi servert eit klimaks av typen Thomas Vinterberg sin Festen. Det er inga overrasking at det blir ein katastrofe, eit stort «drama» – men det var også svakt, og er langt ifrå Festen slik eg hugsar den.
Dommen: Ikkje den dritt, Brad Pitt
Denne filmen skal eg gløyme fortare enn flint. Borgli skuffa meg her. Dream Scenario hadde sine augeblikk, men det var mykje takk vere Nicolas Cage. Og ingen «star power» reddar dette verket. I ein time og førtifem minutt sat eg og såg ein film som handlar om… ja, kva handlar den om?
Ikkje den dritt, Brad Pitt.
