Ei scene der Jon Voight blir skubba ned på trikkskinnene i filmen The Odessa File (1974)

The Odessa File (1974) – Knall VHS-ånd

The Odessa File (1974) – eller Varulv som han heitte på norsk – har ei god historie. Det heile handlar om ein journalist, spelt av Jon Voight, som heilt tilfeldig finn ei sak å etterforske. Han kjem på sporet av Odessa, ein superhemmeleg nazi-organisasjon med SS-medlemmar som jobbar i skjul for å skape eit fjerde rike.

Odessa er basert på ein myte som gjekk rundt etter krigen. Egypt ville lage rakettar med hjelp av tidlegare nazi-vitskapsmenn, noko som òg er arbeidd elegant inn i forteljinga. Dette er ein sjanger som var enormt populær på syttitalet, à la Marathon Man og The Boys from Brazil.

Neonlys og klassisk thrillerstemning

The Odessa File har ei massiv VHS-ånd og byr på drivande god thrillerstemning. Eg elska opninga i Hamburg med neonlys og våte gater derJon Voight køyrer rundt og jaktar på historier til nyheitene. Det skapar ekstra atmosfære at alt er filma i Europa på denne tida, med jernteppet som eit tungt bakteppe; aust mot vest. Men her er det altså dei tidlegare SS-nazistane som er skurkane Jon Voight vil avsløre.

The Odessa File (1974) norske VHS-coveret
Varulv – The Odessa File – Norske VHS-cover

Naive journalistar og drøye klimaks

Tidvis blei eg kraftig irritert av Jon Voight sin dumme karakter: HAN ER I FARE, men han er totalt blind og naiv. Han møter Mossad midtvegs i filmen, og plutseleg skal han sminkast og late som han er SS for å infiltrere organisasjonen.

Dette strekkjer strikken litt langt når det gjeld truverd. Her kjem det også eit klimaks før sjølve hovudklimakset som dreg ut altfor langt. Men filmen er godt laga og jamt over spennande. Jon Voight er knall, sjølv om karakteren stinkar logisk sett, og han peiser på med herleg tysk aksent. Mest av alt er det uansett SPION-atmosfæren som gjev filmen verdi.

Absolutt verdt å sjekke ut. Dette er ein sånn type film der ein berre inn på Wikipedia for å sjekke fakta når rulleteksten kjem på slutten.

Terminal-pila:  ▶

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *