Mitt kjærleiksbrev til VHS-æraen
Eg har brukt dagane på å gå gjennom bilete frå Norskvhs.no. Titusenvis av bilete av VHS-cover frå mi beste filmtid: VHS-æraen. For kvart cover eg ser, er det som å kaste ved og kol på bålet – filmlidenskapen min blir berre sterkare og sterkare. I kveld sat eg og organiserte desse bileta etter videoselskap. Plutseleg dukka The Odessa File-coveret rett opp i fleisen på meg. Eg kjøpte filmen sporenstreks og såg den. Filmen er kanskje ikkje spesielt sterk, men VHS-ånda er stor i den, og det var eit givande gjensyn.
Så såg eg Jackie Chan sine cover: Protector (1985), Miracles (1989), The Young Master (1980), Ørnenes Klør (1978) – og eg kjøpte tre Chan-filmar same kveld. Meir og meir blir livsoppdraget mitt tydeleg: Eg skal «misjonere» for VHS og videosjappe-tida!

Frå Netflix-thrash til fokus
Filmloftet spinn litt rundt i diverse retningar, vel, bortsett frå Ator sine bidrag! Men eg er her og der, og skriv om Netflix-filmar – Trash, ehh THRASH av alle filmar det er mogleg å skrive om! Skrekkfilmar, nye filmar som Poor Things og Hit Man… ja, det har blitt litt for mykje allround, må eg innrømme. Det var ikkje masterplanen frå februar.
Eg føler meg fram, men no byrjar eg å sjå neonlyset frå the glory days av videosjappa. Ei heilt ny side vil omsider kome på Filmloftet, og eg tek meg god tid slik at det blir skikkeleg gjort. Planen er ei VIRTUELL VIDEOSJAPPE, som simulerer hyllene frå sjappa med filmar eg og Ator meiner fortener å stå der. Det skal vere lenkjer til omtalar og artiklar om filmane, og ikkje minst, det viktigaste av alt: VHS-COVERA. Når eg har knekt koden, skal eg stolt publisere sida.

Eit stort spindelvev av nostalgi
Difor må Filmloftet setjast saman skikkeleg, med god struktur og eit bibliotek som fungerer som eit stort spindelvev med lenkjer og samanheng. DET er målet. Nye filmar blir det no brems på. Men ikkje skrekkfilm! Eg vil fortsetje å skrive om nye skrekkfilmar, sidan det er ein KNALL sjanger.
Hovudfokuset blir likevel 80-talet – MEN, og dette er viktig: det gjeld alle filmar som var tilgjengelege på VHS også. Det vil seie filmar heilt tilbake til 60-talet, kanskje før òg – så lenge eg finn det norske VHS-coveret på norskvhs.no, er det godkjent!
Der er så mykje gull som skal oppdagast. Filmar frå æraen eg gjekk glipp av. Og så mange deilige gjensyn som ventar. Det er nok til å halde meg oppteken resten av livet. Eg treng faktisk ikkje å sjå så mykje nye filmar lenger. Eg kjem til å sjå noko, ja, men mykje mindre.

Filmloftet si meining
Nei, livet mitt no er dedikert til Bud Spencer. Og Terence Hill. Eg vil skrive om James Bond, men då Sean Connery, Roger Moore og Timothy Dalton sine. Eg vil sjå meir spagettiwestern, få hakeslepp av meisterverk som The Great Silence, og sjå endå meir av Lee Van Cleef sine. Eg vil sjå om att og om att John Carpenter, Walter Hill og Brian De Palma. Kanskje omsider og endeleg ta gjensyna med Indiana Jones-trilogien, og Alien og Aliens om og om igjen.

Eg skal sjå meir krigsfilm, fylt med eventyr og moro. Det blir gjensyn med alt av Alistair MacLean. Og eg elskar Charles Bronson, Burt Reynolds, Clint Eastwood og Patrick Swayze – meir av dei, takk! Meir komediar! For ikkje å snakke om John Hughes og The Brat Pack, eg elskar dei. Her er det så mykje gull: alt av Mel Brooks, alt av Gene Wilder og Richard Pryor. Eg vil ha meir Eddie Murphy, Sally Field, Sigourney Weaver, Jamie Lee Curtis, Kelly Preston, Debra Winger, Jane Fonda, Kathleen Turner, Michelle Pfeiffer, Kelly McGillis, Glenn Close… og så mange fleire!

Eg må skrive profilar om dei, om filmane dei er med i. Om Rutger Hauer, Clancy Brown, Michael Ironside, Brian Dennehy, Dick Miller, Peter Jason, Scott Wilson, Lance Henriksen, Forest Whitaker, Ellen Barkin – og dette er berre ein promille av eit stort neonhav av filmar og folk frå denne tida.
Ja, dette er eit livsverk og eit tydeleg mål. Krønikene frå VHS-æraen må skrivast ned – og det er Filmloftet si meining.
