Walter Hill – Den lakoniske actionmeisteren
Walter Hill er ein actionmeister, og her på Filmloftet skal han hyllast og skrivast om – så lenge eg lever! I motsetnad til karakterane han skaper, skal eg ikkje vere lakonisk, men heller bable i veg. Det er no eg kjenner behovet for Filmloftet sin podkast!
Anslått lesetid: 21 minutter
Mitt første filmmøte med Walter Hill, om eg skal grave i minnebanken, var filmen 48 Hrs. (1982) ein gong på midten av åttitalet. Det var tida sin aller beste laurdagsfilm! Vi fekk action, biljaktscenar, komedie i form av Eddie Murphy, og brutal videovald. Gradvis byrja vi å sjå etter fleire filmar av regissøren bak.
På åttitalet måtte vi kartleggje gjennom videokatalogar og studere filmcover på videosjappa. Var vi heldige kunne vi lese om Walter Hill i eit filmmagasin, men det var ikkje før etter 1989 då Empire Magazine kom på Narvesen. Så såg vi Southern Comfort (1981) og The Warriors (1979). Instinktivt følte eg kvaliteten i forteljingane til Hill – det var noko eige sjølv ein elleveåring kunne kjenne på.
Bror min leigde Alien og Aliens ei helg då endeleg CBS/FOX Videobilletten kom på sjappa i 1987. Bak coveret stod det Walter Hill, både som produsent og «story by». I lag med den gode venen og filmpartnaren sin, David Giler, danna han selskapet Brandywine Productions i 1969, og Alien-filmane blei den store suksessen deira. Ifølgje Hill var dei tett på dei tre første, men hadde ikkje noko med resten å gjere, trass i produsent-kreditt på filmane som kom etter.


Kva er definisjonen på ein sjangerfilm?
Då Hill blei spurt, svara han at det er filmar der folk veit kva som vil skje.
Mine tankar vidare er at når ein lagar sjangerfilm, må ein vere oppdatert på kva folk er vande til. Det er ei sakte justering av ei velkjend oppskrift – ein raffinerer vidare på det andre har laga. Gjer ein action på eksakt same vis som i 1940 eller 1980, er ikkje folk interesserte. Om ein går for langt utanfor grensene til sjangeren, altså driv med for mykje eksperimentering, er heller ikkje folk interesserte. Så å lage ein sjangerfilm er ikkje enkelt OM suksess er målet.
Barndom og inspirasjon
Han blei glad i film veldig tidleg, og såg alle sjangrar, men likte barnefilmar minst. Ernest Hemingway blei ein stor inspirasjon på grunn av minimalismen – noko som verkar enkelt, men som er veldig vanskeleg å gjere bra. Han byrja å sjå filmar frå heile verda, og Akira Kurosawa blei den store helten hans.
Då han sjølv byrja å skrive filmmanus, var dei strippa ned til essensen. Det var ein haiku-stil med mykje kvitt rundt orda, og inga skildring av action eller tekniske ting. Filmmanusa hans hadde berre det aller mest nødvendige: forteljinga, karakterane og dialogen.
Starten på karrieren
Walter Hill starta på postrommet til Universal Studios. Han blei medlem av Directors Guild of America og jobba som lærling innan TV i seriar som Gunsmoke. I filmane The Thomas Crown Affair og Bullitt var han assisterande regissør. Han skreiv om natta og jobba om dagen i fleire år.
Så selde han sitt første manus, Hickey & Boggs. Frå då av fekk han foten innanfor døra og blei ein ettertrakta forfattar. Hans neste var The Getaway, med Steve McQueen og Ali MacGraw, regissert av sjølvaste Sam Peckinpah. Ekskona til Peter Bogdanovich, Polly Platt, anbefalte Hill til Steve McQueen, og han fekk jobben. Manuset blei skrive på berre seks veker, og filmen blei ein stor suksess.
Neste prosjekt blei The Mackintosh Man med Paul Newman, og med John Huston i regissørstolen. Dette var eit manus Hill skreiv i ein fei, og filmen blei ein bomb på kino.

Hill seier at det finst filmar som er bomb og filmar som er dog.
- Bomb er filmar som gjorde det dårleg på kino, men som kan vere bra.
- Dog er filmar som er dårlege, men som gjorde det bra.
Det beste var å unngå begge delar i same film, for det verste var ein «dog bomb«.
Vidare skreiv han The Thief Who Came to Dinner og The Drowning Pool, med Paul Newman nok ein gong i hovudrolla. I 1973 møtte han produsenten Lawrence Gordon (48 Hrs., Predator, Die Hard). Dei avtalte at om Hill skreiv eit manus for han, skulle han få prøve seg som regissør.
Hard Times (1975)

Filmen blei ein suksess! Han handlar om ein eldre boksar, Chaney (spelt av ein 53 år gammal Charles Bronson), som loffar rundt under den store depresjonen og lever av å slåst på gata i veddemålskampar. Han spelar ein stille og barsk mann. Storprataren Speed, spelt av James Coburn, blir imponert over evnene hans og vil vere agenten hans. Eit konsept der ein stille mann blir partnar med ein pratsam mann, skulle bli noko Hill gjentok i 48 Hrs. og The Driver.
Roger Ebert skreiv:
a powerful, brutal film containing a definitive Charles Bronson performance.
Walter Hill sa sjølv om Hard Times:
kind of western; kind of simple and country.
The Driver (1978)

Ryan O’Neal spelar ein sjåfør for tjuvar, slik som Ansel Elgort i Edgar Wright sin Baby Driver. Som inspirasjon for filmen såg Hill til Bullitt, der han hadde jobba med Sam Peckinpah, og til målaren Edward Hopper for det visuelle.
Filmen feila på kino! Roger Ebert gav han terningkast 3 og skreiv: «It’s a movie about people who are not real because they are symbols, and it’s a damned good thing there are great chase scenes or the movie would sink altogether.» Men med tida har filmen funne publikummet sitt.
Tarantino reknar The Driver som ein av dei kulaste filmane nokosinne. Quentin Tarantino skreiv om Pulp Fiction og The Driver at scenen der Vincent Vega skrensar ut i vegen med ein overdosert Mia Wallace, er direkte kopiert frå opningsjakta i The Driver. I 2024 fekk Walter Hill prisen Laurel Award for manus på Writers Guild of America-prisutdelinga. Der takka han Tarantino for entusiasmen rundt verka hans. Tarantino har hylla Walter Hill gong på gong – OG i boka Cinema Speculation, som ALLE må lese.
Regissørkarrieren til Walter Hill hadde vore over om det ikkje var for at han jobba på ein annan film då The Driver blei sleppt på kino.
The Warriors (1979)
Opphavleg var dette meint å vere ein western. Men Paramount ville ha ein film om ungdom i retning Saturday Night Fever (med store misforståingar). Hill i lag med Lawrence Gordon snekra saman prosjektet på kort tid og med lite budsjett.
Filmen handlar om gjengar som samlast under ein leiar i Central Park, der han held den legendariske talen: CAN YOU DIG IT!?. Blant tusen gjengmedlemmer står leiaren av småbanden The Rogues, spelt av David Patrick Kelly, og skyt den karismatiske leiaren. I kaoset som følgjer kjem politiet, og alle er forvirra.
The Warriors did it!
Kelly snur seg så mot gjengen The Warriors og seier: «The Warriors did it!» Alle snur seg mot gjengen vi kjem til å følgje resten av natta gjennom gatene i New York. Heile underverda i byen blir synkronisert. På lokalradioen oppmodar DJ-en folk til å ta The Warriors, og fortel kvar dei sist blei observerte. Gjengen har berre eitt mål: å overleve natta og kome seg heim til Coney Island, alt medan dei blir jakta på av alle slags gjengar.

Dette er ein svært kjær film for meg! Han blir ofte misforstått om ein er ute etter ein realistisk thriller i retning Death Wish. Eg ser på han som ein fantasyfilm, ein mytologisk film om ei underverd der heltane må kome seg heim og overleve. Eg likar estetikken. Korleis gjengane ser ut er knall, som til dømes New York Yankees-gjengen. Dette er fantasy, og alt skjer i løpet av éin einaste dag.
Men det desidert største høgdepunktet i filmen er David Patrick Kelly. Kven kan vel gløyme når Kelly sit i ein bil med tre glasflasker på fingrane, og vi høyrer «kling kling kling kling» etterfølgt av at han syng heilt falskt: «Waaarriors, come out and playèyey…»
Filmen blei ein stor suksess! Siskel og Ebert hata han. Men filmen fann publikummet sitt i seinare tid òg, og blir i dag rekna som ein stor kultfilm med lang levetid.
The Long Riders (1980)

Så skulle Hill omsider få laga sin heilt eigen westernfilm. Han handlar om Jesse James og banden hans. Eg kjøpte han for konfirmasjonspengane mine i 1990, bestilt frå England saman med 31 andre filmar. Det er det største filmkjøpet i mitt liv, der eg punga ut heile fem tusen kroner.
Keach-, Carradine-, Quaid- og Guest-brørne spelar kvar sin familie i Jesse James-land, noko som er ganske unikt og artig. Å samle fleire skodespelarfamiliar der brør spelte brør, var eit genistrek. Her er det ingen ørkenlandskap og fjellformasjonar, men grønt og frodig i Midtvesten. Skodespelarane spelar utruleg barskt. Ry Cooder står bak filmmusikken. Filmen sitt Missouri kjennest ekstremt innlevd og naturleg ut.
Når actionen fyrst bryt laus er det blodig og brutalt, med litt saktekino-krydder à la Sam Peckinpah. Det er ein tidlaus western for meg. Filmen tente berre inn det han kosta, men filmkritikarane likte han ganske bra.
Southern Comfort (1981)

Ein gjeng heimevernssoldatar skal på øving i Louisiana-sumpen. Men når ein av soldatane køddar med dei lokale i bushen, blir treningsturen eit reint mareritt: Dei blir jakta på! Filmen liknar Deliverance (Piknik med døden) med Burt Reynolds på mange måtar, men her er det brautande soldatar som hamnar på feil plass til feil tid.
Det er ei fantastisk, klam sumpstemning og ein gjeng med machokarar som konstant prøver å overgå kvarandre. Eg har alltid vore skikkeleg glad i han!
48 Hrs. (1982)

Dette er min absolutte favoritt av Hill, saman med Johnny Handsome. Filmen blir ofte ansett som den første buddy-cop-filmen, eller i alle fall filmen som populariserte sjangeren. Han var ein stor suksess og hausta gode kritikkar. Walter Hill gjekk for improvisasjon, og lykkast. Scenane med Nolte og Murphy er elektriske, og kjemien er heilt nydeleg.
Roger Ebert gav terningkast 5+ og skreiv:
What Walter Hill is good at is action, male camaraderie and atmosphere. His movies almost always feature at least one beautifully choreographed, unbelievably violent fight scene.
Eg synest 48 Hrs. er ein av dei beste actionfilmane nokosinne! Her er det lite plott, men knallsterke karakterar – akkurat det Hill sikta på.
James Remar, Sonny Landham og David Patrick Kelly spelar knallgode skurkar. Som tidlegare nemnt er det ein western i storbyen, der Cates og Hammond jaktar på nokre verkeleg vonde skurkar. På 48 timar har Cates og Hammond snudd opp ned på byen, krangla og slåst, vore på bar, køyrt biljakt, skote og råna masse i San Francisco i ein Cadillac.
Filmen krev god lyd! Her er musikk og skyteeffektar som berre Hill kan kome med. James Horner sin filmmusikk køyrer hardt på med bassgitar og trommer. Når actionen slår inn, brakar det laus i Horner sin musikk og leverer euforisk action-nirvana.
Streets of Fire (1984)
Over til noko heilt annleis! Hill ville lage ein action-rockemusikal med eit The Warriors-aktig fantasilandskap, nesten som ein teikneserie. No er det motorsykkelgjengar og eks-soldaten Tom Cody som saman med McCoy skal redde dama hans, som er kidnappa av ein svært vond Willem Dafoe. Western-aspektet er absolutt til stades: Han minner meg om The Searchers, berre at indianarane er bytte ut med ein motorsykkelbande.
Walter Hill ville lage den perfekte filmen for seg sjølv som ungdom, laga for ungdom, om bilar og motorsyklar, kyssing i regnet, neonlys, nattog, biljakt i full fart og spørsmål om ære. Tom Cody er spelt av Michael Paré, som er ein heilt grei helteskodespelar med kroppen til ein gresk gud. Men det er utsjånaden til filmen eg synest er heilt fantastisk. I behind-the-scenes kan vi sjå korleis dei alltid sørgjer for at asfalten er søkkvåt så neonlysa glinsar i bakken – filmen got the look.
Paré blei stormforelska
Det gjer også Diane Lane, som berre var 18 år i filmen, rett frå Coppola sine The Outsiders og Rumble Fish. Ho er aldeles vakker. Paré blei stormforelska og snakkar framleis om henne med stjerner i auga.

Det mest minneverdige i filmen er utan tvil Willem Dafoe. Ein kan sjå i Streets of Fire at Dafoe er sikra jobb resten av livet – han er så rå!
Brewster’s Millions (1985) og Crossroads (1986)
To filmar eg føler eg må ta eit gjensyn med. No tok Hill ei ny retning og prøvde seg på andre sjangrar i god Howard Hawks-tradisjon. Brewster’s Millions har eit knallplott om ein baseballspelar, spelt av Richard Pryor, som kan vinne ein arv på 300 millionar dollar om han klarer å bruke 30 millionar på tretti dagar. John Candy spelar kompisen. Dette er den einaste komedien til Hill.
Crossroads har på si side blitt ein kultfilm innan musikkmiljøet. Det er ein musikarfilm, og her handlar alt om blues og gitarar! Filmen er basert på legenda om Robert Johnson, som visstnok møtte djevelen i eit vegkryss og gjorde ein avtale som gav han djevelsk gode gitarevnar OVER NATTA.
Ralph Macchio spelar hovudrolla som ein ung gitarist på jakt etter ein magisk song (av Johnson) som har forsvunne. Ry Cooder var naturleg nok komponist, og han jobba i over eit år med musikken.
Extreme Prejudice (1987)

Walter Hill sin mest valdelige film! Dette er verkeleg ein neo-western, med Nick Nolte som sheriff Jack Benteen og Powers Boothe som uberskurken Cash Bailey. Dei er to gamle venar frå barndomen som gjekk kvar sin veg; den eine blei purk, den andre blei skurk. Og dei er forelska i same kvinne, spelt av Maria Conchita Alonso.
Filmen kunne enkelt ha handla om dette åleine, men Walter Hill skrur machofaktoren opp til 11. Han introduserer ein gjeng leigesoldatar med Michael Ironside som leiar. Dei andre tøffingane er spelte av Clancy Brown, William Forsythe, Matt Mulhern, Larry B. Scott og Dan Tullis Jr. Desse karane kunne like gjerne ha spelt i Predator.

Hill har sjølv sagt at dette er ei hyllest til helten hans, Sam Peckinpah, og The Wild Bunch (1969). Dette kjem tydeleg fram i klimakset – eit hinsides actionklimaks med rekordbruk av blod-squibs. Walter Hill fekk med seg Jerry Goldsmith til å lage musikken, noko som gir filmen ein deileg atmosfære. Surfar, hippievåpen-entusiast og filmskapar John Milius skreiv manuset. Extreme Prejudice blei ingen kassasuksess, men han har mange fans – MEG INKLUDERT.
Då denne kom på videosjappa, var han sjølvsagt klipt sund. Då eg fekk filmen frå England, uklipt… vel, eg hamna i filmhimmelen.
Red Heat (1988)

Russisk politi møter amerikansk politi – nok ein buddy-cop-film frå Walter Hill! Men denne gongen har han med seg ARNOLD SCHWARZENEGGER, og produksjon gjennom Carolco Pictures. På papiret var dette ein enorm kassasuksess.
Diverre blei han ingen kinohit, men han gjorde det knall på lejefilmmarknaden! Schwarzenegger sin eigen teori var at publikum kanskje ikkje var klare for Russland, eller at kjemien mellom han og Jim Belushi ikkje var god nok.
Ein brukar på Letterboxd oppsummerer det perfekt:
Walter Hill knew exactly what a good and ultrasensitive 80s buddy cop action thriller needed: Cocainum and pan flutes.
Eg er heilt einig! Når favorittregissøren og favorittskodespelaren samarbeider, og James Horner leverer lydsporet, blir det gull uansett.
Johnny Handsome (1989)
I 1990 leigde eg Johnny Handsome og såg han med gamlingen. Vi storkosa oss. Same år fekk eg stordilla på Mickey Rourke gjennom 9 1/2 Weeks, Angel Heart og Year of the Dragon. Johnny Handsome var livsendrande, og Rourke blei den absolutt største helten min.
Walter Hill droppa actionkomedie og laga ein neo-noir-thriller i New Orleans. Han handlar om Johnny, som er misforma som Elefantmannen og jobbar som tjuv. Under eit ran blir han lurt av to ròtne kollegaer, spelt av Lance Henriksen og Ellen Barkin. Dei skyt bestekompisen hans, og Johnny blir teken av politiet. Inne i fengselet sverjar han hemn.
Ein idealistisk kirurg spelt av Forest Whitaker vil gi han eit nytt liv og eit nytt andlet. Dei opererer Johnny, og lykkast meir enn stort: Ut kjem Mickey Rourke. Blanke ark… Men Johnny har sjølvsagt ikkje gløymt forræderiet.

Min favorittfilm
Dette er favorittfilmen min av Walter Hill, tett følgd av 48 Hrs. Han blei diverre ingen suksess, og det verkar som om veldig få kjenner til filmen. Filmen er veldig mørk, og dette mørket trekkjer meg til han. Atmosfæren av den kriminelle underverda i New Orleans er meisterleg utført. Mickey Rourke er beintøff, men òg veldig sårbar. Lance Henriksen og Ellen Barkin spelar to av dei beste skurkane eg har sett på film. Barkin er nådelaus og livsfarleg – rein vondskap.
Roger Ebert gav han terningkast 5+ og kalla han ein film i den sanne film noir-tradisjonen.
Another 48 Hrs. (1990) og Last Man Standing (1996)
Respekten Reggie og Jack fekk for kvarandre forsvann rett ut vindauget! Og det måtte den vel, for Reggie ER FRAMLEIS I FENGSEL i oppfølgjaren. Ikkje rart han er FORBANNA. No jaktar dei på ein notorisk kriminell kalla Ice Man. Filmen var opphavleg 145 minutt, men blei klipt brutalt ned til 120 av eit panisk studio. For meg som er WALTER HILL-FAN, diggar eg sjølvsagt filmen lell.
Då eg kjøpte Laserdisc-spelar frå Danmark i 1992, var dette ein av dei første filmane eg fekk. Eg låg og studerte coveret i ein heil månad før spelaren kom. Då eg endeleg fekk sett han, hamna eg i filmhimmelen.

Frå nittitalet og framover laga Hill nokre gode filmar (Trespass, Geronimo) og nokre skuffelsar. Men den siste store favoritten min er Last Man Standing frå 1996.
Lagt til mafia-perioden på trettitalet, er dette Hill sin versjon av Yojimbo og A Fistful of Dollars. Eg diggar han! Bruce Willis er så god, og han har med seg David Patrick Kelly, Christopher Walken og Bruce Dern på laget. Det er 1930-tals mafia sett inn i ei westerntid, med 1940-tals film noir-estetikk, nede ved Mexico-grensa. Ein vakker film der ein lakonisk mann står åleine mellom to rivaliserande gjengar.
WALTER HILL – MIN HELT
Han er rett og slett ein av hovudarkitektane bak mi eiga filminteresse. Walter Hill forma laurdagskveldane i barndomen min med beinhard action og glinsande neonlys.
Han lærte meg å setje pris på den reine, nedstrippa forteljinga – haiku-filmen, der handling alltid veg tyngre enn ord. Musikken i filmane hans, anten det er Ry Cooder sin seige deltablues eller James Horner sine pumpande bassrytmar, har bokstavleg talt blitt lydsporet til mitt eige liv.
Walter Hill er ein meister i å blande den skitne asfalten med den episke westernmyten. Han gir oss hardbarka, lakoniske menn som må overleve i vonde, uendeleg mørke omstende, levert med ein knall estetikk. For meg er filmverda hans, full av frityrlukt, nådelaus videovald og macho-kameraderi, sjølve definisjonen på ekte filmmagi.
Meir Walter Hill? Om John Carpenter og Walter Hill






