Gull på hjernen (1975) – Videosjappa
Konseptet framover:
Min metode er enkel. Eg blar gjennom gamle filmcover frå NorskVHS, oppdagar ein usett film, sporar han opp, ser han, og deler både meldinga og filmcoveret her på bloggen. Gull på hjernen blei den første ut!
Handling:
8 millionar dollar i gøymt nazigull! Fire desperate menn snur alt på hovudet for å finne det!
Ein amerikansk eks-krigsfange (Telly Savalas) frå andre verdskrig reiser tilbake til Tyskland 30 år etter krigen. Der slår han seg i lag med den tidlegare kommandanten (James Mason) frå sin eigen fangeleir. Saman bryt dei ein nazi-krigsforbrytar ut av fengselet. Han er nemleg den einaste som framleis veit kvar eit hemmeleg gullager frå krigen ligg gøymt.

Filmmelding:
Dette er ein slik Kellys heltar miksa med Ocean’s Eleven – akkurat slik eg likar det! Telly Savalas, Robert Culp og James Mason er knall som tjuvar med klasse. Filmen er eit eventyr, og det er mykje reising. Spesielt elskar eg sjekkpunktet ved Berlinmuren og Aust-Berlin, som gir den rette, spennande kalde krigen-kjensla. Savalas og Culp spelar med eit glimt i auget og gir filmen stor sjarm. Til å vere ein femti år gammal film er han òg ganske smidig og raskt klipt.
Frityrluktdom og videosjappesjarm:
Det luktar sterkt og godt! Eg gir terningkast 5 for både frityrlukt og nostalgi.🍟📼
(Sett på Plex USA – var heldig: ingen reklame. Flott foto, ikkje i widescreen)
Fakta på VHS-bandet:
Inside Out er ein britisk actionthriller frå 1975, produsert og regissert av Peter Duffell. Han vart skoten i Vest-Berlin og Nederland. På amerikansk TV i 1978 gjekk han under den alternative tittelen Hitler’s Gold.