Animals (2026): Anmeldelse
Med Netflix-thrilleren Animals (2026) har Ben Affleck herved dratt filmkunsten ned på TV-såpenivå med The Bold and the Beautiful. Etter strøymekammaren The Rip, søkk Affleck ytterlegare ned i kammargjørma og leverer eit karriereverste både som regissør og skodespelar.
Affleck spelar ein borgarmeisterkandidat. Han er gift og har ein son. Sonen blir kidnappa med eit løysepengekrav på 7 millionar dollar. Ein CIA-aktig ryddar/fixer (Gillian Anderson) og pengelånar kjem inn for å hjelpe. Plutseleg kjem sonen heim – dei hadde kidnappa feil unge! Dei har nemleg tatt ungen til hushjelpa. Og slik utfoldar dette skrekkelege manuset seg.
eit kammarfilmmanus!
Her er så mange problem at eg ikkje klarar å telle så høgt. Karakterane er så ulikelege som det er mogleg å bli. Affleck puttar alle sparepengane sine i borgarmeistervalet, inkludert pant i huset, utan å fortelje det til kona. Kona er svart, noko det blir hinta til at ektemannen kun valde for å få ei betre politisk karriere. Kona er utru. Og så vidare.
Gillian Anderson gjer sin entré i ein limousin. Ho opnar kjeften og snakkar med engelsk dialekt. Kva er det dei tenker med?! Skulle liksom karakteren få litt meir klasse ved å snakke britisk dialekt? Ho står heile tida i bakgrunnen og leverer sjølvsikre dialogar med eit sjølvsikkert blikk. Og eg lurer på om dette er ein dårleg parodi på kva ein thriller ein gong var. Anderson er kjent for å snakke god britisk – her brifer ho med dialekta. Det same gjer Affleck, som snakkar spansk i 30 % av filmen berre for å brife: «Sjå kor flink eg er til å snakke spansk!»

Plottet er ei forferdeleg smørje som blei laga i ein miksmaster utan lokk med ingrediensane manus, vatn og gjødsel, som spruta utover heile kontoret og laga søl og vas. 70 % av filmen skjer inne i huset til desse ulikelege folka, likevel skjer det så mykje ubeskriveleg meiningslause ting som absolutt ikkje gir meining. Filmfotoet er Netflix-typisk ufjelgt. Musikken er standard, møkkakjedeleg film-heismusikk som berre blir meir og meir vanleg. Her er ikkje eit sekund med noko positivt, og eg hata filmen intenst – både for kva den står for, og kva film har blitt redusert til.
Er Ben Affleck verdas mest overvurderte skodespelar?
Ben Affleck er ein av dei mest overvurderte skodespelarane eg veit om. Han er best som dust i filmar som Mallrats (1995) og Dazed and Confused (1993). Men han kan så vidt spele. Han er svak som skodespelar – noko ein definitivt kan sjå her i Animals. Han spelar hovudroller i ytterst få filmar eg likar, og då var det ikkje prestasjonen hans som gjorde filmane bra. Ben Affleck er ein type skodespelar som høyrer heime i filmar som Armageddon, Gigli og Pearl Harbor, for det er eit nivå som passar han. Sånn, då var eg ferdig med min Tarantino-rant.

Kvifor sluker publikum moderne strøymeskit rått?
Animals er årets verste. Sarv, sei eg. Kammar! Eg syntest The Rip, som også kom i år og også var frå Netflix, var eit makkverk. (6.7 på IMDb – har verda gått gal!?) Men dette her er utilgiveleg. Filmen har staurgale 5.7/10 på IMDb – det bekymrar meg. Folk et kva som helst i desse dagar. All form for kritisk sans har gått rett ned i dass, saman med fornufta. Film blir meir og meir heismusikk for dei som ligg i sofaen og grev etter ostepoprestar i skrevet medan dei ser på TikTok på telefonen, og for lengst har forlate planeten jorda.
Eg skal vere rimeleg: Eg likte The Town, og Gone Baby Gone var ikkje verst – den gong. Ben Affleck har jobba med mange gode regissørar, og burde ha levert noko betre enn dette her. Men, det er som eg seier: moderne filmar stinkar, og verre skal det bli!
Terminal-pila: ▼
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Ben Affleck er på same nivå som Mark Wahlberg, og det skal i praksis vere ei umogleg oppgåve!
Desse «typene» har ein karisma som er mindre tiltalande enn full blown aids!
Berre eg ser navna Ben Affleck, Mark Wahlberg, Alan Ritchson, Dwayne «the COCK» Johnson og Gal Gadot… for å nevne samtidas aller verste, so brekk eg meg og grøssar! Kombinerer du dei navna med Netflix, ja då har ein den perfekte storm av skit!
Ps! Kva skal vi gjere med all denne positive energien?