The Odyssey (2026): Christopher Nolans episke bommert
The Odyssey (2026), med Matt Damon i hovudrolla, var filmen eg gledde meg aller mest til i år. Og heilt ærleg har eg ikkje opplevd maken til skuffelse på ei æve. Dette var ikkje berre ein dårleg film, men ei personleg oppvakning; ein film som framtvingar meg til eit endeleg standpunkt om regissør Christopher Nolan: han er oppskrytt.
Det starta bra. Den første halvtimen var eg med, og eg sat med eit stort smil. Endeleg skulle Nolan kome og redde filmåret 2026. Eg var litt forvirra av det narrative, for Nolan hoppar fram og tilbake og tek seg stor fridom. Men det var først under Troja-sekvensen eg sansa at noko her ikkje stemte. Noko som tok meg ut av Nolans typiske filmforføring – ein fortrylling han elles er flink til å mane fram med sitt eminente kinematografi.

Kvifor fungerer ikkje «realisme» i eit episk eventyr?
Her i Troja-scenene merka eg frykteleg godt den realismen Nolan nyttar i filmane sine. Med realisme meiner eg korleis han brukar truverdige lokasjonar og korleis ein sjangerfilm får ein realistisk «look», slik han gjorde i The Dark Knight (som likna meir på Michael Manns Heat enn Tim Burtons Batman). Realismen i The Odyssey blei ein skikkeleg nedtur for meg!
Eit anna problem, dog personleg, er forhøginga av sjangerfilm. Såkalla «Elevated Horror» (eit kunstnarisk preg på skrekkfilmen – art horror!) har blitt veldig populært dei siste ti-tjue åra, og eg føler dette no har sneke seg inn i andre sjangerar. Denis Villeneuve sin Dune kjennest som forhøgja sci-fi. Nolan sin Dunkirk er forhøgja krigsfilm. The Dark Knight er forhøgja teikneseriefilm.
The Odyssey er ein sverd og sandal-film, basert på eit gresk dikt. Sjølv om dette kunne ha vore eit episk stort eventyr, fekk eg heller servert «elevated adventure» av Nolan her, og det er dørgande kjedeleg. Eg taklar ikkje tukling med sjangerfilmar på denne måten. Å heve sjangerar opp til eit kunstnarisk høgare nivå blir feil for meg. Eg opplevde det same med The Northman, som berre er ein forhøgja, men svak vikingfilm.

Kubrick-komplekset og det keisame møkkaforsvaret
Eg får kjensla av at mange regissørar notildags ser til Stanley Kubrick, som har to kjenneteikn: gravalvor og vakkert filmfoto. The Odyssey er ofte, i løpet av sine tre heile timar, ein vakker film. Men eg sat att med null kjensle av forundring eller eventyr. Scenene rundt Troja var så realistiske at det berre blei kjedeleg. Gi meg heller noko enormt, noko Lord of the Rings! Ikkje kjedelege fem meter høge murveggar med ein heilt alminneleg port. Sat dei verkeleg 10 år på stranda og kom seg ikkje gjennom dette møkkaforsvaret?
Så var det seriøsiteten. Christopher Nolan er ufatteleg seriøs her; ikkje eit sekund moro. Men her er det utilsikta moro: «RUN TO THE SHIPS!!!». Desse heltane frå Troja siglar rundt med skipa sine og øyhoppar, og kvar ei øy er verre enn den andre. Som nokre karakterar frå Monty Python stikk dei halen under beina og ropar med dei amerikanske dialektane sine, «RUN TO THE SHIPS!», støtt og stadig.
Odysseus gjer nokre fæle val innimellom, som å skyte ei pil på kyklopen når dei endeleg har kome seg ut av hola. Som hærleiar er det merkeleg at han ikkje blei kasta over bord, for det verkar ikkje som han fekk noko respekt av soldatane sine i det heile.

Korleis kan tre timar med Matt Damon vere så uinteressant?
Der filmen verkeleg slit, er med karakterane. Dei verkar halvferdige! Ingen av dei gav meg noko særleg. Det er tydeleg for meg at Nolan var mest opptatt av filmfotoet og alt det tekniske – for karakterane, med sine amerikanske dialektar, var totalt uinteressante. Mest av alt var dei altfor seriøse. Ja, Nolan ser definitivt til Kubrick. Mange set sikkert pris på flott filmfoto og seriøsitet på alle plan. Ikkje eg. Eg har fått nok.
Med realismen Nolan nyttar, gjer han eit grep som dekonstruerer sjangerfilmen. Men for min smak går Nolan i ei retning av «personleg antifilm» – vi skal ikkje underhaldast, vi skal bli løfta av kunsten i Kubrick-tradisjonen. Med det får vi full pakke med gravalvor, og eg ser ned på gravalvor.
Tre timar er veldig lenge når eg ikkje bryr meg om karakterane eller dette episke eventyrdiktet (eller kva eg no skal kalle det). Armand Assante sin mini-TV-serie om The Odyssey gav meg mykje meir. Eit vakkert filmfoto er ikkje nok! Og det er ikkje så frykteleg vakkert heller, for det er altfor realistisk. Som i ein dokumentar frå Planet Earth med sjølvaste David Attenborough, følgjer vi ein gravalvorleg, kjedeleg Matt Damon og medsoldatane hans – ein gjeng heltar som blir dekonstruerte til klovnar.
Konklusjon: Det er på tide å senke sjangerfilmen igjen
Nei, dette er ein episk og gigantisk skuffelse. Oliver Stone sin Alexander (2004) blir eit meisterverk i forhold. Alvorleg talt, eg meiner den er betre! Det magiske sløret Nolan til vanleg er flink til å skape, blei dratt til side, og eg stiller no spørsmålsteikn ved resten av katalogen hans: er filmane hans også oppskrytte? Vi blir fortrylla av vakkert filmfoto, men på innsida er det ingenting. Inga underhaldning, ingen sjarm eller dybde.
Kvifor sitje tre heile timar og sjå på eit kjedeleg eventyrdikt av ein regissør som trur han lagar høgare kunst? Det er på tide å senke, ikkje forhøgje, sjangerfilmen. Det finst ingen heltar lenger.

Amen! Endte vel med å gi tre stjerner til denne for det tekniske, men dette oppsummerer veldig de følelsene, eller fraværet av følelser, jeg satt igjen med. Tidvis flott, ja, men så kjedelig og uengasjerende! Tidlig Nolan var leken og oppfinnsom, nå har han blitt så høy på seg selv at det for meg blir helt kaldt.
Las det du skreiv på LB og er så enig! Eg vurderte å gi ein betre karakter pga filmfotoet- men eg er så lei av gravalvoret og regissørar som er, som du sei, høye på seg sjølv. Og heilt ærleg var dette ikkje ei god oppleving, så då blei det tommel ned. Eg kjem faktisk aldri til å sjå denne filmen ein gong til. Neste av Nolan blir sikkert på same måte, sidan filmen blei ein suksess, merkelig nok.