The Fourth War (1990) – Scheider vs. Prochnow
Det er så steike gale! The Fourth War (1990) handlar om Scheider vs. Prochnow, USA vs. Sovjet! Her spelar Roy Scheider ein gal militærkommandant som blir utstasjonert på grensa til Sovjet, kor den like galne Jürgen Prochnow er sjefen på den andre sida. Ein rutinepatrulje langs grensa utviklar seg til… snøballkrig mellom dei to hærsjefane. Scheider bommar, snur seg og går til jeepen – så får han ein snøball tilbake i nakken, av ein smilande Jürgen Prochnow.

Frå snøballkrig til granatar
Roy Scheider sit så på rommet sitt og drikk seg full. Fortsatt forbanna går han solo over grensa midt på natta, med camodrakt, granatar og rifle. Han tek tre russiske soldatar til fange og tvingar dei på skothald til å synge «Happy Birthday to You», sidan det er bursdagen hans. Ein ydmyka og sint Jürgen Prochnow sprengjer så jeepen til Scheider neste dag, rett framfor han. Scheider svarer med å dra over grensa igjen, og denne gongen set han fyr på og sprengjer eit vakttårn. Vidare eskalerer det endå meir! Det er så steike gale, og moro!
Dette er ei cheesy og dårleg forteljing – hinsides, mildt sagt! Men sjølv om plottet er så dårleg at det er moro, er filmen knallbra laga! John Frankenheimer, ein thrillermeister, står bak regien. Her er det ikkje noko falsk CGI av snø, helikopter eller eksplosjonar – alt vi ser er ekte varer av ekte folk. Og Frankenheimer gir oss ei enormt god vinterstemning, med skog og knall natur på denne grensa mot Tsjekkia. På mange måtar følte eg ein link til Red Dawn (1984) og First Blood (1982), utan at The Fourth War kan måle seg heilt opp mot dei.

Ekte handverk frå Frankenheimer og Conti
Bill Conti står bak filmmusikken. Eg stordigga musikken! Eg måtte leite han opp rett etter filmen. Filmscoret var så fullt av herleg driv, typiske militærfilm-tonar, men levert av ein gigant. I jaktscenene fekk eg litt kjensla av First Blood, så eg trur Conti kanskje såg til Jerry Goldsmith her. Uansett, eit knall filmscore!
To KOKO veteranar
Roy Scheider og Jürgen Prochnow er så knall – eg digga kvart sekund av dei! Karakterane deira er rett og slett grusame. To narsissistiske idiotar som pushar grensene i ein liten grudge-match. Den eine er veteran frå Vietnam-krigen, den andre veteran frå Afghanistan-krigen – begge to er like KOKO.

Harry Dean Stanton spelar den amerikanske generalen som prøver å irettesette Scheider – til inga nytte. Stanton er knall i kvar ei scene, han òg. Han hissar seg opp, og eg har faktisk aldri sett Stanton så sint på film før. Eg trudde han ikkje var kapabel til slikt, men der tok eg feil!
Filmen eskalerer aldri til nokon storkrig. Det handlar om to karar som tek ting i eigne hender og gjer det personleg! Dette er tåpeleg, men eg blei så underhalden! Filmen avsluttar med eit sitat frå Einstein: «Kva våpen vil bli brukt under tredje verdskrig? Det veit eg ikkje. Men eg veit at den fjerde verdskrig vil bli kjempa med steinar.» Så moralen er vel: skjerp dokker!
Sett på Prime Canada
Terminal-pila: ▲
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
