World War Z (2013)

Pitt er på bytur med kona og ungane. Innan ti minutt går alt til donders. Gjennom heile filmen overlever Pitt alle dei ekstreme farane manusforfattaren klarer å peise i Pitt si retning. Filmen burde ha heitt: World War Pitt. Spesielt etter at han finn «kuren» heilt aleine ved å observere medan alle andre spring rundt som haudelause høns. Nei, Pitt skjønar teikninga: zombiane går ikkje på dei som har ein alvorleg sjukdom. Så kuren, ifølgje überhelten Pitt, er å injisere seg sjølv med alle typar sjukdommar i håp om at det vil fungere. Personleg tippar eg det var syfilisen!

Filmen er så dårleg at det blir litt underhaldning i heimekinoen, for dette er den mest overdrivne filmen eg har sett. 95 % av befolkninga på jordkloden blir smitta, medan Pitt reiser rundt som om det var ein normal dag på jobb. Dei 5 % som står att, må også skyte kroppen full av sjukdom av verste sort, og så får vi ei Hollywood-ending med sequel-garantiar, gjev meg styrke …

Hadde eg skrive manuset, hadde eg sjølvsagt rive ut alle sidene om familie. Eg hadde satsa tungt på ein Snake Plissken-galning og gått for at slaget er tapt, med tungt militær vs. hordar av zombiar. Til slutt ingen overlevande, bortsett frå Plissken. Men slik hadde eg gjort det. Hollywood hadde aldri tort.

Terminal-Pila ▶