John Carpenter gir instruksar til Keith David og Kurt Russell i frå filmen The Thing (1982)

Filmloftets kåring: Topp 10 filmar av John Carpenter

For første gong i mitt liv har eg samarbeidd med ein annan på ei toppliste. Som eit massivt høgdepunkt i den store John Carpenter-månaden vår, var det nemleg på høg tid å kåre dei ti aller beste. Eg trudde det skulle bli vanskeleg å verte samd med nokon, men det gjekk overraskande bra! For denne nokon er jo godaste Ator, og vi har heldigvis ganske lik smak. Eg har byrja å seie «vi» mykje når eg skriv for tida. Det er fordi eg ikkje er åleine lenger på Filmloftet, og det er mykje kjekkare enn å sitje heilt for seg sjølv på loftet!

Vel, eg og Ator sende e-postar fram og tilbake. Å kåre Carpenter er ikkje enkelt, skal eg seie dykk. For alle filmane på topp ti er i rein «spol tilbake»-kategori, og Carpenterfilmane som fall like utanfor lista er OGSÅ av høg verdi. Så dette var ikkje noko enkelt puslespel. Men no er vi altså samde om korleis lista skal sjå ut. Vi startar på 10 og jobbar oss nedover, med litt kommentarar frå oss begge undervegs.

10. Starman

Både eg og Ator har skrive om Starman tidlegare. Dette er filmen som beviser at Carpenter kan konkurrere mot sjølvaste Spielberg i både teknikk og kjensler; ein vakker knallfilm!

Ator: Godt å se at en master of horror kan lage en utrolig god og emosjonell film.
Anmeldelse

Karen Allen og Jeff Bridges saman med fantastisk lys frå John Carpenter filmen Starman (1984)
«Han kom fra en annen galakse og fant kjærligheten på jorden.»

9. Christine

Denne filmen har aldri vore betre enn ved sist gjensyn! Eg skreiv om den her. Eg skulle gjerne sett den endå høgare opp på lista, men niandeplass er ei fin plassering for ein av 80-talets beste skrekkfilmar.

Ator: Selv om det er Stephen King bak, så er det like mye en Carpenter-film.

Ein filmposter av Christine frå 1983
«Hun gjør deg besatt før hun kjører deg til døden.»

8. The Fog

Det finst knapt maken når det kjem til atmosfære og grøssande stemning. Ei knallopning set denne stemninga rett frå start. Dette er ein film som veks for kvart eit gjensyn. Fekk filmen i 4K nylig – anmeldelse kjem.

Ator: Jeg er fortsatt skeptisk når tåken kommer inn der jeg bor.

Ein filmposter med bilde av Jamie Lee Curtis frå John Carpenters The Fog (1980)
«Det som kommer i tåken er ren terror.»

7. Assault on Precinct 13

Har denne filmen den mest sjokkerande scena i heile filmhistoria? Eg trur nesten det! Her kjem dei velkjende Carpenter-grepa rundt omringing og isolasjon i eit bygg. Heltane er fanga på ein politistasjon nattestid, og dei kriminelle som angrip, er nihilistiske «zombiar» som ikkje bryr seg om døden. Fantastisk film!

Ator: Elsker settingen og intensiteten, en utrolig god nymoderne Rio Bravo. Anmeldelse

Ein skurk med rifle frå filmen Assault on Precinct 13.
«Det skulle være en rolig siste dag på stasjonen – gjett om det slo feil.»

6. Halloween

Denne klassiske über-skrekkfilmen er kanskje den som hoppar mest opp og ned på mi eiga liste gjennom åra. Men make no mistake: Dette er eit lite meisterverk av Carpenter. Her er lite blod, men det finst knapt ein smartare laga skrekkfilm!

Ator: Den spiller på egen frykt og tar skrekken hjem til det trygge nabolaget. Anmeldelse

Michael Myers i skapet frå John Carpenters Halloween (1978)
«Ondskapen har kommet hjem, og ingen kan stoppe ham.»

5. They Live

Ein einsam ulv vandrar inn i byen til bluesaktig Carpenter-musikk, og oppdagar at verda ikkje er slik vi trur – nesten litt som i The Matrix. Filmen byr på djup filosofi, deilig sci-fi og nokre skikkeleg saftige sitat. Roddy Piper og Keith David utgjer åttitalets mest undervurderte helteduo!

Ator: Topp vibe som gir den miksen av 80-tallet med 50-tallsfølelse, og den sykeste, mest overdimensjonerte slåsskampen på film. Anmeldelse

Ein poster av John Carpenter sin film "They Live" frå 1988
«De trodde dette skulle være enkelt, men de tenkte ikke på John Nada.»

4. Prince of Darkness

Vi nærmar oss toppen! Eg og Ator er heilt samde: Denne fortener fjerdeplassen. Nokre kjem sikkert til å stusse på dette, men vi har sett filmen over tjue gongar kvar og kan stadfeste at dette er den Carpenter-filmen som veks desidert mest for kvart gjensyn. Av skrekkfilmar som tek for seg religion, er Prince of Darkness den beste. Betre enn The Omen, ja, endatil betre enn The Exorcist! Filmen er ein «masterclass» i atmosfære og verdas undergang som berre Carpenter klarar å lage.

Ator: Får meg til å tenke om noe slikt kan være et eller annet sted idag. Anmeldelse

Ein poster av skrekkfilmen Prince of Darkness frå skrekkmeister John Carpenter.
«Ting som er begravet vil alltid komme frem.»

3. Escape from New York

Topp 3! Dei tre siste vil eg påstå er like bra – alle er reine einarar. Korleis kan ein rangere einarar? Jo, etter talet på gongar sett. Det finst ingen filmar som kan samanliknast med Escape from New York, utanom toaren sjølvsagt. Eg elskar denne filmen. Den er heilt der oppe i lag med Terminator som den beste sci-fi-actionfilmen i filmhistoria.

Ator: Har sett denne utallige ganger og elsker karakterene. Anmeldelse

Kurt Russell som Snake Plissken i John Carpenters "Escape From New York" - poster
«Enkelt å komme inn, men hvordan komme seg ut?»

2. The Thing

Dette er det ubestridde skrekkmeisterverket til Carpenter, og ein av dei aller beste skrekkfilmane som nokon gong er laga. Frankensteinars Anmeldelse

Ator: Den råeste og blodigste Carpenter-filmen! Elsker klaustrofobien og mistenksomheten. Ators Anmeldelse

Ein poster av John Carpenters The Thing frå 1982.
«Det kom for å bli, men valgte feil sted.»

1. Big Trouble in Little China

KVA? Big Trouble på førsteplass, og ikkje The Thing? Vi har fleire gode grunnar! For det første er det denne Carpenter-filmen vi begge har sett suverent flest gongar. Dette er regissørens store actioneventyr, og det er eit reint meisterverk når det kjem til underhaldning. DETTE er den mest morosame filmen han nokosinne har laga. Den einaste eventyrfilmen som i det heile teke kan måle seg, er Raiders of the Lost Ark. Her har vi alt! Ein kvit helt som eigentleg blir redusert til ein sidekick med John Wayne-stemme, medan Dennis Dun reddar dagen! Det finst ingen annan Jack Burton i heile filmhistoria! Jack Burton er heile essensen av kva Filmloftet, eg og Ator står for: Åttitalet på sitt beste – med Jack som gallionsfigur på skuta vår.

Ator: Den Carpenter-filmen jeg har sett mest, og som jeg har mest personlige minner av. Anmeldelse

Heltene Jack Burton og Wang Chi med kvinnene. Spelt av Kurt Russell, Kim Cattrall og Dennis Dun.
«De ba ham dra til helvete – det er akkurat dit han er på vei.»

Ja, dette var altså topp ti Carpenter. Det var éin film eg og Ator måtte diskutere litt før vi vart einige, og det var In the Mouth of Madness, som til slutt hamna på 11. plass. Det stod lenge mellom den og Starman, men til slutt gjekk sistnemnde sigrande ut.

Vidare på mi personlege liste plasserer eg Escape from L.A. på 12. plass, Vampires på 13., Dark Star på 14. og Ghosts of Mars på 15. plass. Alle femten er djupt elska filmar! Vidare finst det fleire Carpenter-filmar som absolutt er verdt å sjå: Someone’s Watching Me!, Body Bags, sjølvaste Memoirs of an Invisible Man, og endatil The Ward, som akkurat er på grensa, men godkjend som ein grei film. Ergo: Det finst rett og slett ingen dårlege filmar frå denne regissøren, nei!

John Carpenter solbriller - frå livekonsert. foto: Kevin W. Condon
John Carpenter (foto: Kevin W Condon)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *