Memoirs of an Invisible Man (1992): Anmeldelse
Dette var eit nervepirrande gjensyn. Som eit friskt – og kanskje litt frykta – pust i den store John Carpenter-månaden vår, stod Memoirs of an Invisible Man frå 1992 for tur. John Carpenter har sjølv sagt at opplevinga han hadde med å regissere denne filmen, var alt anna enn kjekk. Mesteparten av skulda får Chevy Chase, som visstnok var ein ekte primadonna og skapte seg mykje under innspelinga. Sjølv hadde eg ikkje sett filmen sidan 90-talet, og eg gjekk inn i dette med ei ganske så negativ haldning.
Filmen hadde norsk premiere FAKTISK 24 SEPTEMBER (i dag!), 1992.
Kinofadesen i Ulsteinvik i 1992
Før eg kastar meg over sjølve filmen, må eg berre fortelje om då eg reiste til Ulsteinvik i 1992 for å sjå denne på kino. Vi kom, sette oss ned, og filmen starta. Eg forstod fint lite, for handlinga byrja så utruleg brått. Vi vart kasta rett inn i action som kjendest som eit reint klimaks. Her var ikkje ein gong ei standard opning med logoar eller rulletekst. Slik sat vi i salen i eit kvarter og skjønte ingenting. Brått stoppa alt opp. Lyset kom på, før det dempa seg att. Då kom endeleg Warner Bros-logoen og opningskreditteringa – JA! Kinomaskinisten hadde rett og slett sett på feil rull, og byrja med å vise oss dei siste 15 minutta av klimakset!

Usynlege triks og Fletch-Forteljarstemme
Chevy Chase spelar ein nonchalant forretningsmann som på magisk vis har vorte usynleg, og no jaktar heile byen på han. Inne på ei elektronikksjappe set han seg i ein stol og lèt eit kamera filme alle dei usynlege triksa hans. Vi får fortalt ei historie om dagane før – altså memoarane til ein usynleg mann.
Innan femten minutt endar Chevy tidleg til sengs med Daryl Hannah. Vi får vite lite om hovudpersonen, og eg tok meg sjølv i å bli usikker: Er dette eigentleg ein komedie eller sci-fi? Chevy er nemleg litt nedtona på komediefronten. Det heng nok saman med at Carpenter har kalla dette for Chevy sin «seriøse» film. Eg frykta rett og slett at dette kom til å bli Carpenter sin desidert dårlegaste.
Sam Neill? SAM NEILL!!!
Det vart ikkje noko særleg betre då forteljarstemma til Chevy dundra inn kvart femte minutt. Dette er jo rein Fletch-stil! Men så… dukka Sam Neill opp! Då vart eg straks mykje meir interessert. Sam Neill som skurk? Herleg! Kanskje det var under denne produksjonen han og Carpenter vart kjende, noko som seinare førte til In the Mouth of Madness? Diverre kom denne helsikens forteljarstemma tilbake, og eg kjende eg vart forbanna på Chevy Chase for å halde på å øydelegge heile filmopplevinga.

Strandliv, sabotasje og ein redningsmann
Men meir og meir lét eg meg rive med i historia. Komedien er jo der! Det dukkar opp fleire kjende fjes, til dømes Michael McKean, som skal ha seg på ei strand med kona og endar opp med å få altfor tidleg utløysing. Etter ein actionprega første halvtime der Neill jaktar på den usynlege mannen, endrar filmen heilt karakter. Chevy stikk av frå alt og gøymer seg i eit strandhus. Det er HER blei filmen blei god nok for meg.
McKean kjem med venene sine, inkludert Daryl Hannah, til dette same strandhuset der Chevy ligg og chillar og nyt livet i skjul. Her spionlyttar vår usynlege helt på sine gamle vener og kollegaar – som viser seg å ikkje like han i det heile teke. Eg kosa meg skikkeleg med denne sekvensen! Ein skikkeleg ufyseleg engelskmann (spelt av Gregory Paul Martin) prøvar å sjekke opp Hannah, og Chevy saboterer kvart einaste forsøk. Forteljarstemma var borte, og eg var hundre prosent inne i filmen.
Vidare blir Daryl Hannah og Chevy Chase romantisk involverte, medan dei iherdig blir jakta på av Neill og skurkane hans. Så kjem klimakset, som eg sjølvsagt ikkje skal røpe her. Det overlét eg til den stakkars kinomaskinisten som spolte vekk spenninga for alle oss i Ulsteinvik-salen den haustdagen i 1992.
Ergo: Carpenter lagar ikkje dårleg film
Ja, filmen er faktisk akkurat bra nok. Chevy Chase trekkjer litt ned i første halvdel, for han klarar rett og slett ikkje å spele seriøst, uansett kor hardt han prøvar. Men Sam Neill som eit rass av ein skurk – det er knallmoro! Samstundes byr Memoirs of an Invisible Man på spesialeffektar som slett ikkje er galne, sjølv i dag. Då vart sci-fi-entusiasten i meg varm om hjartet. Og forresten: John Carpenter dukkar opp i tre sekund som helikopterpilot!
Filmen ser proff og lekker ut. Eg sat og humra stille for meg sjølv fleire gongar, og eg vart faktisk litt røyrt av den romantiske tråden mellom Hannah og Chase mot slutten.
Så, frå å gå inn med ei negativ innstilling, kom eg ut av dette svært positiv. Filmen var slett ikkje så ille som eg frykta! Dette er langt ifrå Carpenter på sitt beste, men han er absolutt verdt å setje på ein kveld der regnet høljar ned og livet generelt sug. Eg vart faktisk så glad av å sjå Sam Neill at eg sporenstreks vurderer å setje på Omen III: The Final Conflict. Carpenter gjorde ein solid jobb som innleigd regissør her. Ja, den har sine feil, men eg kosa meg mykje. Ergo: John Carpenter har ingen direkte dårlege filmar.
