Eit fly som styrtar i bekmørkert frå Howard Hawks filmen Only Angels Have Wings (1939).

Only Angels Have Wings (1939): John Carpenters filmtips

Ja, når sjølvaste meister Carpenter gir filmtips under vår store John Carpenter-månad, lyttar i alle fall eg! Eg visste frå før at han er glad i Howard Hawks sine filmar, og eg har difor aktivt leita etter og sett fleire av Hawks sine verk dei siste åra. Som for eksempel Scarface (1932), His Girl Friday (1940) og Red River (1948). Allereie som ungdom såg eg Rio Bravo (1959) som er min favoritt, saman med The Big Sleep (1946). Ikkje for å gløyme The Thing from Another World (1951) som eg digga i hel i fjor. Så i kveld blei det Only Angels Have Wings, og det var ein god kveld framfor TV-en!

Jean Arthur og Cary Grant med heile gjengen i frå filmen Only Angels Have Wings (1939).
Framifrå iscenesettelse gjennom heile filmen! – Only Angels Have Wings (1939)

Livsfarleg flyfrakt og amour

Jean Arthur spelar ei kvinne på ferie som går i land i ein liten by i Sør-Amerika. På ein bar møter ho masse flotte mannfolk som jobbar som fraktpilotar, verdas farlegaste jobb, og Cary Grant er leiaren for gjengen. Klart ho fell for han på flekken! Filmen fokuserer så på denne gjengen og jobben deira, med litt amour innimellom, og litt sjalusi når Rita Hayworth dukkar opp.

Eg likte veldig godt denne gjengen, og måten Hawks plasserer dei framfor kamera – så mykje action, liv og røre. Ei scene der Jean Arthur tek kommando over eit piano var heilt knall iscenesett. Heile filmen er knall iscenesett, og bruken av lys og skugge er heilt framifrå! Og i ei scene følgjer vi eit fly oppe i lufta, over Andesfjella, og eg mista pusten av scena.

Eit fly med Andesfjella i bakgrunn frå filmen Only Angels Have Wings (1939).
Fekk hakeslepp av flyscenene! Only Angels Have Wings (1939)

Sjel, sjarm og eventyr

Men denne gjengen er sjela i filmen. At vi følgjer dei frå start til slutt der alle er samla på eit avgrensa område i denne vesle byen, er magisk. Her er drama, eventyr, action og romanse – perfekt lappa saman. Eg tippar Spielberg har sett denne òg, for Always (1989) er inne på same territorium. Når det er sagt, er Always basert på klassikaren A Guy Named Joe (1943), men denne flyginga og tøffe mannfolk med kvinnene som står att når dei tek laust, er ganske likt.

God kjemi mellom Jean Arthur og Cary Grant - frå filmen Only Angels Have Wings (1939).
God kjemi mellom Jean Arthur og Cary Grant!

Dette var eit godt romantisk eventyr. Cary Grant har eg alltid likt. Sist gong såg eg han i Suspicion (1941), som eg skreiv om. Han kan spele nokre ufordragelege karakterar som vi endar opp med å like. Eg såg filmen på YouTube (US) med veldig god biletkvalitet. Eg takkar John Carpenter for tipset, og eg må seie det var godt å sjå filmen med det hengande over meg. Veldig spesielt! Howard Hawks er knall, og filmen kan absolutt anbefalast!

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *